Ikledd knestrømper, kjole frå Indiska og støvlar frå Sparkjøp har eg hatt ei økt i hagen i kveld. Plenen er nyklipt, og naboane hadde sikkert god underholdning då skjørtet flaug opp i vinden. Haha, satsar på at dei fleste satt opptekne ved TV'ane sine ;)

I grønnsakskassane er det frodig for tida.

Pittesmå gresskar har sett dagens lys. Det finst også små tomater, sukkererter, poteter, og løk. Gledar meg til å hauste inn det også. Ikkje minst gledar eg meg til den dagen eg har eit drivhus å dyrke i i tillegg.

Eg plukka ei stor skål med ripsbær også. Eg har ei venninne (hei kjersti ;) ) som er kjempeflink på å lage ripsgelé, og trur jammen eg må få tak i oppskrifta hennar.

Det vart eit grønt innlegg dette. Sånn ellers har eg ikkje så mykje spennande å blogge om. Det vart plutseleg så mykje kjekkare å strikke ferdig ein genser eg starta på i januar, enn å hekle lappar til lappeteppet - Er det ikkje typisk :)
Ellers er eg stolt og glad for å ha fått to nye awardar, men tar det i eit eige blogginnlegg :)