Foto: deilige såper og kremar frå Savon de Marseille i vinduskarmen på badet.
Uansett kor mykje eg nyt heimetilværelsen med stulling og stelling av hus, heim, mann og barn, så fører kvar dag som går meg nærare permisjonsslutt. Simon er over 5 månadar allereie. Går dei neste fem månadane like fort, så er eg tilbake i full sving på jobben før eg veit ordet av det. Eg ute i veldig god tid, men likevel går eg stadig og tenker på ting som kan gjere det enklare den dagen eg er ute i 100% stilling igjen.
Første bud er å kjøpe oss
tørketrommel. Eg trur me må vere den einaste småbarnsfamilie på 5 som ikkje har tørketrommel(?). Gubbevaremegvel kor mykje tid eg brukar på å henge opp, ta ned, brette saman og legge på plass klær. Med tørketrommel forkortar eg dette leddet betrakteleg. Det er ingen spesiell grunn til at me ikkje har kjøpt oss tørketrommel før altså, bortsett frå at slike ting er gørr kjedeleg å bruke pengar på. Gu' så eg gler meg til å sleppe ha vingestativa ståande i stova :)
Foto: Skål med skjell og steinar frå Sinaiørkenen står på badet
Andre ting som gjer kvardagen enklare for oss er:
* storinnkjøp av varer ein gong i veka (helst på kveldstid etter at ungane er i seng)
* Handleliste hengjande på kjøkkenet. Etter kvart som me går tom for ting, fører me dette opp på lista og slik vert innkjøpsrunden effektiv.
* Legge fram klær og utstyr kvelden i forveien
* Sikkert mange fleire ting, men nå kom eg ikkje på fleire. He he, det er godt eg har ammetåke å skulde på.
Eg har tidlegare også snakka om å ansette nokon til å ta helgereingjeringa. Det virker SÅ herleg å kunne komme heim til strøkent hus. Heilt fantastisk må det vere rett og slett. Men dette er også ein ting som set litt langt inne å få gjort. Nå når eg er heime om dagane så svingar eg mopp og filler støtt og stadig, men til våren trur eg jammen eg skal realisere hushjelpdraumen min :)
Ellers må eg takke så masse for at så mange vil delta på konkurransen. Eg har tenkt å lage eit slags lite Status med litt mål og slikt i margen her, og kanskje skrive kven som til ei kvar tid er nærast premien. Det blir spennande å følgje med. Og så prøver eg å fortrengje panikken for at eg rett og slett skal klare å drepe heile Frk. Amaryllis. Det hadde tatt seg ut. He he. Arrangere konkurranse, for så å klare å øydelegge den i neste sekund.
Blir kjempeglad om du har gode tips for ein enklare kvardag for ei sliten (men blid) småbarnsmor. Synspunkt på kva tørketrommel som er grei å ha, og kva ein ikkje bør ha, takast også i mot med eit stort smil.
Ha ein strålande onsdag der ute.