Etter ein laber periode på syfronten, kjenner eg atter ein gong at lysta til å laga noko saman med Elna er stigandes. Herlig :) Elna står så tolmodig på kjøkkenbordet, og ventar på at eg skal vie henne litt oppmerksomhet. Det er jammen ikkje ofte eg får tid eller har giddo, men innimellom glimtar det til. Som nå. Nå har eg sydd eit forkle i barnestørrelse, samt ein pose til oppbevaring av bakeredskap. Dette er ei glimrande julegåve for den som tenker i desse banar allereie.
Tekstilane eg har brukt er jammen santen litt herifrå og derifrå, som så ofte når eg er i det kreative hjørnet. Det lilla Småfolk-stoffet (gasklutar) og dei gule gakk-gakk-knappane er frå
TAMO, baksida er eit lillarutete kjøkkenhandkle frå Søstrene Grene, lomma er sydd av eit dynetrekk eg fekk av ei snill dame, og det brune hjerte stoffet er siste rest av eit forklede frå Fretex.
Med dette er første del av utfordringa frå Tamo gjennomført, men eg har framleis ein grønn, ein brun og ein rosa gasklut med Småfolk-epler igjen å sy av. Kva neste eple-prosjekt vert gjenstår å sjå. Det var ei som lurte på kvifor eg alltid vaskar stoff før eg brukar dei, og det er for at stoffet skal krympe seg ferdig før eg syr av det og ikkje etter :)
Eg har litt fleire ting på gong på syfronten, så om alt klaffar så får du kanskje sjå det her i bloggen i morgon.
Sånn ellers nyt eg lørdagskvelden med Pepsi Max i glaset, Herr Fe som sprudlande selskap og Skal vi danse på skjermen medan regnet piskar ned ute. I love it :)
Ha ein fin kveld, og ei god natt der ute. Diger klem frå Linda