Her ser de dagens verk. Sånn cirka 40 soppar har fått tapetdekor og så snart dei har tørka skal dei sendast ut i verda ;) Litt deprimerandes at eg klarte å øydelegge den eine soppen i sluttfasen. Papiret vert alltid litt blørete og ujevn før det tørkar. Eg var for ivrig etter å gni bort blørene på den eine, og papiret rivna...På bildene ser de at papiret er litt ujevnt på soppane som ligg til tørk. Nå er papiret heilt slett og fint igjen, nå som dei er tørre.
Er du ein av dei som har bestilt soppar, så kan du forvente deg ein e-post frå meg i umiddelbar framtid :)
For eit par veker sidan fekk eg ei bytte-stoff-førespørsel på e-post. Eg fekk denne halvparten av eit ultrafint dynetrekk, og i gjengjeld sendte eg tilsvarande mengder av ei knippe frå mi samling.
Den snille byttedama sendte i tillegg med bonusstoff som ho kalla det, og sjekk herlighetane her:
Trur de ikkje samme dame sendte meg ein stoffpakke i påskegåve i tillegg (har ikkje hatt tid til å knipse bilder av det enno)? Det er så kjekt at det finst så mange snille jenter der ute.
Eg har planlagt å ta bilder av stoff eg har til bytte, så kanskje fleire har lyst å bytte litt med meg? Eg har veldig masse i oransje og gult, men kunne veldig gjerne tenke meg å auke samlinga av blått og grønt og brunt og lilla ;)
Nå må eg vie dei søte små litt oppmerksomhet. Det er grenser for kor lenge eg klarar aktivisere dei med chips og brus ;)
Ha ein flott kveld, klem frå Linda
PS! Det med chips og brus var tull altså (betre å skrive det her enn å få fullt av e-postar over dårleg barneoppdragelse ;)).