I ettermiddag har eg kosa meg med å setje på plass ting og tang i skapet på badet. Klarar ikkje vente til helga igjen med å ta skikkelege bilete i dagslys, så de får kornete uskarpe bilete servert i dag.
På badet har me to innebygde romslege skap, som vart kvitmalte inni då me flytta inn for tre år sidan. Nå var kvitfargen gulna såpassa at det vekte stor irritasjon hjå meg. I tillegg var behovet for ei skikkeleg opprydding stort som de kan sjå. Det er under tvil eg legg ut desse bileta som syner at kaoset rådar bak lukka dører her i huset ;)
Eg ville finne ein anna farge ein kvit (kvit oljemaling gulnar alltid) og landa på mørekgrått. Ikkje verdas mest spenstige fargeval, men fargen passar svært godt til dei gråe gulvflisene. Fargen er dessutan nøytral og tidlaus - slikt likar me.
I kjøkkenavdelingen på Ikea fann eg desse kvite boksane i hardplast. Eg kjøpte to ulike storleikar, trur den minste kosta 25 kr og den største 45 kr. Billige og fine :) I håp om at det nyoppretta ordenssystemet skal oppretthaldast framover i tid, vart boksane merka med dymotape. Det er så godt når det er på stell i skuffer og skap, ordensmenneske som meg er får sjelefred av slikt ;)
Dette armbandet frå Snö of Sweden fekk eg forresten til jul, og eg syns det er fantastisk fint. Nå fekk eg jammen vist det også fram, he he.
Badet er langtifrå ferdig. Eg har lyst til å male frontane på baderomsmøblementet, samt dekorere skapdørene på dei innebygde skapa med litt tekst. Deretter står gangen utanfor for tur. Digert spann med sparkel er kjøpt inn for at me forhåpentlegvis skal klare å kvitte oss med litt strie-look på veggene.
Ha ein fin mandagskveld der ute.
Eg er snart tilbake :)
Att tänka på när du köper gummistövlar!
for 2 dager siden