Dette året har gått rasandes fort, og når eg tenkjer tilbake, føler eg at ingenting er blitt gjort. Når eg nå har samla bilete frå heile året, ser eg at litt er utført likevel. Godt å oppdage :)
2008 var året der eg etter 16 år som bergensar pakka snippøskja og flytta sørover til Stavanger. Dette er det siste bilete eg tok i leiligheten på Landås...
Like før me flytta kjøpte eg dette bordet på Fretex. Farmor hadde eit liknande, og eg var lukkeleg over å få mitt eige. Bordet er framleis brunt, men eg vurderer stadig om eg ikkje skal male det.
I februar overtok me vår nye bustad, og oppussinga starta umiddelbart. Kjøkkenet er nok det rommet som har gjennomgått størst forvandling, og hjelpe meg for eit kluss det var å dekke over dei øggli kjøkkenflisene med sementblanding. Heldigvis vart resultatet bra, og noko eg framleis set pris på at me gjorde.
Kjøkkenet vart veldig MEG til slutt, og det er utruleg kor mykje litt maling, nye knottar, nye gipsplater på veggene, nokre nye skap og enno meir maling kan utgjere. For dei som ikkje hugsar det, og som er ekstra intresserte, så anbefalar eg eit dykk tilbake i arkivet mitt for å sjå korleis dette kjøkkenet såg ut då me overtok ;)
2008 har vore året der eg har gjort stadige gode kupp/funn på Fretex/Finn/Qxl og Etsy. Eg er framleis forelska i desse påfuglane:
Gangen kom seg betrakteleg med kvitmalte vegger, stadbygd benk, hylle og Herr Fe sine maleri på veggene.
Etter ein herleg sommar, starta alvoret for fullt i heimen. Eg sjølv kom meg tilbake i full sving på jobb etter å ha hatt 1 års herleg permisjon, og 5,5-åringen byrja i 1. klasse. Alt har gått så overraskande bra, at eg kan nesten ikkje skjønne kvifor eg grua meg. Pult, kontorstol og Europakart kom på plass på gutterommet i god tid før skulestart. Den dag i dag er eg glad eg kom over dette kartet og fekk det i hus :)For første gong på mange, mange år (tiår?) malte eg eit rom ein anna farge enn kvitt. Stova vår vart mala Skagengrå. Fargen er veldig fin, men eg må innrømme at eg har kjøpt inn malingsruller og penslar i dag. Eg vil ha kvit stove igjen, og sprite den opp med spreke fargar i tekstilar, bilder og slikt. Gråfargen er nemleg vanskeleg å kombinere med andre fargar.
Bakgangen er også i ny drakt etter ørti strøk med kvit oljemaling, nye hyller og hylleknektar.
Når eg ser alle desse bileta klarar eg nesten ikkje slappe av, for eg vert så bevisst alt det som manglar. Sokkelfrontar på kjøkkenet, nytt gulv i gangen, nye vindu, nye ytterdørar etc etc. Ein ting som er sikkert er at 2009 kjem til å by på enno fleire endringar i interiøret, enn det som vart utført i 2008, og eg klarar nesten ikkje vente med å gå i gong.
¤
Før eg ifører meg malingsklede, finn fram maling og utstyr, så gjenstår det å takke for alle kommentarar og tilbakemeldingar eg har fått i løpet av året som har gått. Eg hadde neppe gidda blogge om ingen kom med tilbakemeldingar dann og vann, og det er kjempekjekt å bli "kjendt" med dei av dykk som har eigne bloggar. Eg gledar meg masse til året som kjem, og satsar på å få tilbake bloggelysta for fullt. Snart er det lysare dagar, det nærmar seg vår og eg skamgledar meg :)
¤
Ynskjer alle som er innom eit flott 2009, og tusen takk for det gamle!!