Dei to første putene eg sydde i går vart skikkelege vitaminbomber når det gjeld fargevalg. Det er fantastisk gøy å sy når eg først er i moduset til det, og eg kunne ha holdt på non stop.
Stoffa eg brukte er ei lett blanding av Amy Butler og andre designstoff, samt eit fantastisk fint dynetrekk etter farmor Haldis. Dynetrekket er av kreppkvalitet og er for eksempel det som er brukt i midten på puta under:Tusen tusen takk for alle fine, kjekke og morsomme kommentarar eg får. Eg set umåteleg stor pris på dei.
Bloggen min vart nevnt som favoritt (blant fleire) i Dagbladet i går. Tusen takk for det. Kjempekjekk reportasje der det var intervju med Fru Pink (Flittiglisene), Kardemomme (Huset ved Bekken), Janne Bråthen (whatsblogging my view), samt ei utanlandsk dame eg ikkje kjem på namnet på i farten (designspongeonline.com). Kjempekjekt å sjå bilder av dåko jenter, og kjekt å lese reportasjen. Blogging er tidkrevande og kan ta heilt av. Denne utanlandske dama hadde 13 frilansarar som hjelper henne med å skrive innlegg og finn fram stoff for henne. Vel, vel, det er ikkje målet mitt iallefall. Eg har ein fantastisk kjekk jobb til vanleg, og blogging er berre hobby.
Drømmen om en eplehage har tipsa meg om at bloggen min er nevnt i Allers også, så då må eg visst kjøpe det også denne veka. Hihi, så kjekt :) Jantelovstankane "Du skal ikkje tru du er noko" osv legg eg lengst bakerst, og prøver tenke positivt.
Nå er frukosten innteke, huset er stille, og eg skal sy vidare. Ha ein flott mandag!


Slik ser det ut på spisebordet når eg og Elna er på date. Elna er trufast, og klagar ikkje når ho er nedprioritert. Ei heller snurt og fornærma etter å ha tilbrakte månedsvis innerst i skapet. Neida, ho klukkar fornøgd og syr dei finaste saumar, slik berre mi Elna kan. I kveld kosar me oss saman, anar ikkje kor lenge det er til neste gong me får tilbrakt tid saman.
Band kjøpt på Fretex i Bergen for åresvis sidan.
Og stoffet under var baderomsgardinene. Gjett om ho hadde dreisen på interiøret :)
Desse pittesmå yndige blondetrøyene i tynn linkvalitet hadde mamma og onkelen min på seg som små babyar. Flaks for meg at dei dukka opp før Simon hadde vakse ut or dei. Ikkje at han er ikledd desse til dagleg, men til ein aldri så liten improvisert foto-shoot er dei perfekte.
Somme av bileta trur eg at eg skal sende til mormor (småfeane si oldemor). Må jo vere stas for henne å sjå dei gamle klenodiane i bruk igjen.
Ha ein flott lørdagskveld :)
I går kveld bakte me kraterboller. Eg har sett så mange fine svenske fletta kanelboller rundt omkring i bloggane. Og av ein rest av deigen forsøkte eg å få desse til. Ikkje hugsa eg korleis flettene såg ut, og ei heller korleis kanelblandinga vart påført. Men forsøkte å få til ein variant.
Eldstemann ville ikkje bli tatt bilder av i går, og skjulte seg bak den fine handa si :)


Desse bileta er henta frå Sandnes Garn.


Mi nydelege kusine har opna galleri midt i Stavanger sentrum, og på tirsdag tok me turen ned for å inspisere og bli inspirert :) 
Minifeen følte seg så til de grader heime her, at ho tok av seg både sokkar og sko og sprang barbeint rundt i galleriet (sko og sokkar ligg dumpa framfor benken).





Øvst på dagens liste stod vaske kjøleskap. Me kjøpte eit Miele kjøleskap i mars i fjor. No Frost system skulle sørge for at ein slapp ise av kjøleskapet. Vel vel: her ser de mengdene is som har laga seg på to veker (to veker sidan eg sist reingjorde det). Kjøleskapet er tydelegvis ikkje heilt i form, service er bestilt på det, og eg satsar på at No Frost systemet igjen skal fungere optimalt om litt.

Sidan eg ikkje rekk svare på alle e-postar og kommentarar eg får angåande kjøkkenet, tar eg med litt info om det også. Innlegget om korleis det såg ut før og etter at me pussa opp kjøkkenet finn de
Då vil eg ynskje alle som skal til å male gulv masse lukka til. Men hugs at skit, støv og rusk og rask viser godt og at malte flater får ei heilt anna slitasje enn umalte flater.
Det vart stille i bloggen denne helga, og det er fordi me hadde dåp for Simon på søndag. Me har hatt ei herleg, koseleg, latterfull og litt hektisk helg med venner og familie på besøk. Dåpskjolen er den samme som eg sydde til Alma. Nå er den plassert innerst i skapet igjen, i påvente av komande barnebarn ein gong i framtida, he he ;)
Med små protestar frå dåpsbarnet vart han døypt. Bestemor bar han, og storebror tørka han omsorgsfullt på hovudet *stolt hønemor*
Innimellom var det godt å kose kosekluten og tutten :)
Ha ein flott mandagsskveld! 
Det er sikkert mange som rynkar på nasa og stiller seg uforståande til at me vil ha kvitt golv i gangen, men det ville me altså :) Med tre smårollingar og mange små gjester i hus må me uansett støvsuge kvar dag. Og det vart mykje meir heilheit i alt, nå som kjøkken og gang har likt golv.


Ein ting som er på plass er iallefall filtknottar under korgene. Litt kan eg jo gjere slikt at golvet held seg fint ei stund. Malt laminat her også.




Tusen takk for alle kjekke kommentarar på forrige innlegget mitt. Det er såå kjekt at me er fleire som er i samme bås, og som blir med på å drikke teen medan den framleis er varm ;)
