
I går kveld hadde eg meg ein sonderingsrunde på Ikea. Me er på jakt etter nytt spisebord. Me vil ha eit som er stort og godt, og som kan brukast til alt frå tegning, til arbeidsbord til middagsbesøk.
Eg har sett meg ut bordet Norden som eg syns er råfint. Men det finst desverre berre i kvitt i str minimum 150 eller 220 cm. 150 cm er for kort og 220 cm for langt. Så langt bord har me ikkje plass til. Eller me har plass til det, men det vert fort litt upraktisk om ein omtrent må klatre for å komme på andre sida av bordet liksom ;)
Eg er blitt skikkeleg disiplinert, og kjøpte KUN det eg hadde bestemt meg for. Det er slutt på å kjøpe alt slags dill dall, eg sparer heller pengar til litt ordentlege ting (som Vipp og Caravaggio er eit eksempel på). Kjøpte ikkje telys ein gong, hehe :)
Tynne rullegardiner til somme av stovevindauga stod oppført på handlelappen, og i dag vart dei hengt på plass. Herleg med rullegardiner som filterer ute sollyset, men likevel slepp inn masse lys. Me like :)
Den oppmerksomme vil legge merke til at gamlelampen framleis heng på plass over bordet. For å være heilt ærleg vågar me ikkje heilt gå i gong med å montere Caravaggioen (kappe ledningen og koble til). Er livredd for å ødelegge ledningen og dermed heile lampen :)
Vel vel, det var alt for i kveld. Ha det godt så lenge :)
PS! Når me først snakkar om Jielde, sjekk desse råfine gamle Jielde-lampane som Cirka Design har nå :) Sikle, sikle.





Eg bør byrje lage noko eg også etterkvart, men i det minste har eg iallefall rydda plass i klesskapet til ny ladning babyklede. Veldig veldig kjekt. 







Boogie, boogie, boogie :)

Mmmmm, små sjokoladeegg er snadder. Det er ikkje negativt at dei er fine å sjå på også :)





På terassen var det snekra eit rekkverk av liggjande kledning. Veldig tett og veldig dominerande.
Utover å male huset, vert neste prosjekt utandørs å flislegge trappetrinna av sement. 
Nå undersøker eg muligheten for at me kan ha ein slik postkasse. Det vert kanskje vanskeleg sidan me har høg ligusterhekk rundt hagen, og berre inngang til hagen via ein relativt smal port. Men det er lov å draume og planlegge ;) Kanskje eg kan klippe plass i hekken til postkasse :)






To Mailegkaniner kosar seg i ein ny glaskarm på jenterommet.
Tenkte eg skulle vise litt bilete med resultat frå oppussinga som har føregått på og i huset vårt etter jul.. Me har skifta lekter, isolasjon, plater og bordkledning på heile huset. Me har bytta ut alle vindu med nye, og me har skifta ut dei to ytterdørene våre. Det er blitt så lunt og godt i huset etter at alle trekkfulle vindu er skifta ut med nye med betre isolasjonsegenskapar. Heilt herleg.
Og bilete frå resultatet (listverk i opning skal malast minst eit strøk til altså ):
Snekkarane har lagt ned eit bredt eikebord på gulvet i opninga, og eg er usikker på kva me skal gjere med den. Er for gale å male over - vil bli veldig slitasje her. Samstundes så er det litt for mørkt slik det er nå. Vurderer difor å beise den lysare. Nokon som har erfaring med slikt?

