Før mikroen vart født ( i god tid før) malte Herr Fe kinapanelet som dei øggli teppebekledde trinna var omgjeve av. Det vart straks ørlite betre. Me kjøpte også eit trinn av eikeparkett, og i dag sagde me det til og testa det ut :) Trinnet satt som eit skudd, så i morgon skal me ut for å kjøpe resten av trinna. Trur de ikkje det vert bra?

Før (om det skulle vere noko tvil):

Etter:
PS! Litt oppdatering då eg ser at eg var litt tilbakehalden med info i utgangspunktet. Me vurderte å fjerne både teppe og panelen (kallast det korea eller kina panel mon tru), for så å slipe den gamle trappa ned og male den kvit. Eg har lese i ein svensk blogg om ei som tilsatte litt sand i kvitmalingen for å hindre at trinna vart for glatte - og vurderte derfor å gjere det samme. Men me valgte lettaste løysinga, ikkje fjerne noko som helst. Berre male og legge nye trinn oppå teppetrinna. Eiketrinna har eg tenkt at me skal behandle med kvitpigmentert olje, så vert den ikkje så gul. Sukk, så kjekt det skal bli når dette vert ferdig :)




..er det herleg å ha eit lite telt å krype inn i







Sjå desse skattane av nokre fine gamle trådsneller eg kjøpte på QXL for ei tid sidan. Ein kan samle på mykje rart, og eg samlar blant anna på skattar som desse :) Eg syns forøvrig at det var kjekt å sjå igjen den ikkje fullt så gamle gule plastsnella med kvit tråd som de ser bakerst i venstre hjørne.
Dei fleste snellene er av utanlandsk opphav, men også norske kom med i kjøpet:

Vugga er absolutt finast når den heng på krok i taket, i staden for i stativet. Men eg veit ikkje kor bærebjelkane er, så enn så lenge heng den iallefall i stativet. Trygt plassert attmed sofaen.




Må berre vise dette herlege bildet av snuppilure som fekk vere med for å hente oss heim i dag. Var så godt å sjå henne igjen, og utruleg rart å sjå kor stor ho faktisk er :)


Eg har vel sikkert aldri vist fram desse kule ekte cowboystøvlettane Alma fekk frå ei tante og ein onkel som hadde vore på Amerikaferie. Gledar meg til dei passar ;)
Tusen takk for alle lukkeynskjer og kommentarar på forrige innlegg. Eg skal være ærleg og innrømme at eg gruar meg veldig til sjølve fødselen, men må fokusere på det positive... I det sekund babyen er der, så er det verste over :)










Ikkje mykje som skal til, og gleda hjå vesle trultemor var stor. Nå må eg berre få laga nokre små klede også, så er lukka fullkommen for henne.







