Alma er litt snufsete og er heime frå barnehagen i dag. Me skal straks ta oss ein tur ut på butikken. Glitterpennar står på handlelista. Og filt. Eg har fått ein idè og MÅ berre teste den ut :)
Ha ein sprudlande god fredag og ei topp helg!
Eg saknar Pastasentralen. Herlighet kor eg saknar Pastasentralen. Neste gong eg skal til Bergen skal lunsjen nytast der. Det er iallefall bombesikkert :) Min desiderte favoritt er rett Nr 7 AGNOLOTTIALL´AGLIOBur du i Bergen, eller skal du der, prøv den retten. Den er dødsgod.
Her i Stavanger finst ikkje Pastasentralen. Desverre. Men her finst det ei lita mobil pølsebu/matvogn som har italiensk meny. He he, den kan ikkje samanliknast med Pastasentralen, men maten er skamgod. Vogna har stått i 2 år på Forus, men nå har den flytta ned til parkeringsplassen ved Kilden. Nærare oss.
Eg kjøpte lunsjen der i går. Mmmm, Aracinata, Zeppole og Foccacia med pepperonata. Kan ikkje bli betre på ein onsdag. Iallfall når ein ikkje bur i Bergen.
Ha ein god torsdag. Eg er i sving med vaskefilla. Ekte kjerring som eg er, tihi.
Klem til alle som vil ha :)
Noko eg saknar på denne bloggen, samanlikna med den forrige eg hadde, er at bileta er så små her på Blogspot. Stor var derfor gleda, då eg oppdaga at Som mine dager er så generøst har lagt ut ein genial oppskrift på korleis endre dette (tusen takk for det). Dette er derfor ein test på om eg klarar dette eg også.
Tusen takk for fantastiske kommentarar på julekortprøvefotograferinga. Eg er enig i at det er koseleg med ikkje-oppstilte bilder. Me får sjå kva det vert til. Helst vil eg jo bestille julekort frå Bodil-Bo – har du tid til det Bodil? He he, greit med kommunikasjon for åpen scene. Ikkje sant ?
Ha ei god natt. Ansiktet skrik etter litt skjønnheitssøvn :)


Det er ikkje lett å få tre små troll til å posere samstundes. Med tanke på eventuelle julekort hadde me ei aldri så lita fotostund før me stakk på laurdagshandel. Eg angrar på at eg ikkje strauk lakenet eg slengte over sengegavlen, men rukkene kan eg kanskje redigere bort i etterkant.
På bileta får de inntrykk av litt av utfordringane. Gutane ligg fint, medan frøken dingsedangs herjar rundt dei :)
Ha ein uforgløymeleg tirsdag!!
Etter at eg flytta til Stavanger for snart 2 år sidan har det vore langt mellom dei skikkeleg gode bruktfunna. Ikkje veit eg kva som gjer det, men kanskje folk generelt er opptekne av fine retro-stoff og ting her i byen. Vel, i Bergen var det vel kanskje ikkje akkurat overflod der heller, men eg syns liksom det var meir. Når eg ser funna til Huset ved Bekken kjenner eg at eg vert heilt sjuk etter å gjere samme kupp, he he.
Hin dagen var hadde eg eit ærend på Sola, og der fann eg jammen ein liten bruktbutikk. Ei heil skuff var full av handarbeidsting (hovedsakleg uferdige strammei broderi). Eg fall for dette vevde bandet, og syns ikkje ein pris på 25 kroner var avskrekkande.
Eg har begynt å sy fleire puter nå, og må berre reklamere for dette fantastiske skjærebrettet, skjærekniven og linjalen eg fekk hjå svigerinna mi til bursdagen i fjor. Det er heilt FANTASTISK, og eg fatter ikkje korleis eg klarte meg før ;)
Det er mange som lurer på korleis eg klarar få gjort ting med tre små barn i huset. Eg er overhodet ingen superwoman. Langt i frå. Og eg har ei milevis lang liste over ting eg vil ha gjort, men som eg ikkje får tid til å realisere. Men eg trur kanskje eg er flink å gjere ting innimellom alt det andre.
På gårsdagens laurdagshandlerunde vart fire hjul innkjøpt. Og medan middagen steikte seg sjølv, skrudde eg hjula fast på denne gamle trekassen. Ungane elskar å hjelpe til. Alma holdt styr på skruane, medan Samson fekk prøve drillen. Simon sov søtt i bråket. Herr Fe dekka bordet. Eg rakk akkurat rydde opp igjen før middagen var ferdig. Vips - eit midre prosjekt på To-Do-lista mi ;)
Trekassen fann eg på mamma sitt loft for mange år sidan (ho har eit hus frå 1913), og har brukt den til alt frå leikekasse, vedkasse og juletrefot (!). Nå fungerer den som teppehotell. Eg syns den vart fin med hjul på.
Eg fjerna ein planke, som har vore ein del av lokket på kassen, og under planken stod det skrive for hand: Rosenkrantzgt. 48 (veit at det er vanskeleg å sjå på bildet altså). Plankane til kassen har nok blitt resirkulert i si tid.Skulle gjerne likt at kassen kunne snakke, så kunne den fortelje meg korleis den havna på eit loft på Sæbøvik. Det har iallefall skjedd før 1973, då mamma og pappa flytta inn der.
I dag har eg lyst til å spørre etter gode rettar til lørdagskosen. Her har me liksom kjørt oss fast i taco, bakt potet eller pizza. Har du nokre gode forslag til meg?
Omgangssjuka kom som julekvelden på kjerringa seint i går kveld. Dermed vart me heime heile gjengen i dag.
Formen på dei små steig heldigvis utover dagen, og då var det om å gjere å finne på noko kjekt ilag.
Eg henta fram Elna, masse stoffrestar, sakser, band, teinesaker og papir. Til og med eldstemann på snart 7 syns dette var kjekt (han er som oftast fullstendig oppslukt av LEGO og liknande).
Resultatet vart eit girlander av soppar i ulike fargar og fasongar. Eit særdeles raskt og moro prosjekt. Her heng soppegirlanderet bortover på knaggrekka, men den er også fin hengjande vertikalt med soppane på rekke og rad oppover/nedover.
Som de forstår vert det ei roleg heimehelg på oss. Symaskina er framme, heile stoffsamlinga likeså. Håpar eg omsider får litt tid til putesaum (eg har ikkje gløymt deg, Kaia). Ynskjer alle ei superduper helg.Klem frå Linda
Trestigen har kome inn i varmen igjen etter å ha tilbragt sommarsesongen i hagen. Eg elskar den gamle slitte stegen full av pussestøv og malingsflekker. Kjendte eg var aldri så lite fortvila då eine snekkeren som var her i vinter knakk det nederste trinnet på den. Heldigvis klarte eg fikse det.
For 7.5 år sidan mista eg mi kjære gode farmor. Og ein av dei tinga eg arva etter henne var dette bildet av ei ung Dronning Elisabeth og prinsen hennar. Bildet har stått i klesskapet på "rommet mitt" heime hos mamma til nå, men i haustferien tok eg det med meg til Stavanger. Det er jo rett og slett litt kult. Alle som besøker bloggen min, veit jo at eg diggar litt kitchy rare saker ;)
Bildet er skikkeleg innramma og stempla frå eit ikkje lenger eksisterande fotoatelier. Det gjer det jo berre ekstra moro, syns eg.
Alma forgudar barnehagetanta si, og alle bilder ho ser av damer med mørkt hår er henne (alt i frå Snøhvit til Synnøve Svabø). Eg måtte rett og slett le då ho kommenterte det engelske dronningparet. For ho sa " der e Anne Gro, å der e pappa" på klingande Stavangersk her hin dagen ;)
Dei siste dagane har eg hatt det så travelt at eg knapt har fått vore på nett (ganske ulikt meg hehe). Eg har begynt på eit strikketøy og har brukt dei ledige minuttane på det og ikkje nett. Herleg i grunn :)
Kontorstolen til Herr Fe har fått seg eit strøk med gulmaling. Signalgul rett og slett. Trur Herr Fe kanskje ikkje er så overbegeistra over fargevalget, men pytt pytt. Det er fort å male over igjen om ein vert lei. Planen for dagen er å påføre strøk nummer to, så får me sjå kor langt eg kjem.
Eg kjøpte to små lerret og lot ungane få male litt. Betre å teste ut på små billige lerret og ikkje eit gigastort.
Ha ein super tirsdag. Eg skal straks springe ned på skulen og heie på klasse 2 B i fotballturneringa som pågår :)
Herr Fe har bursdag i dag. Me har derfor stått på sidan i dag grytidleg. Med kakebakst, ballongoppblåsning og pynting. Alt har føregått så stille som mogleg, for at ikkje jubilanten skulle vakne før alt var klart.
Herr Fe er kanskje ikkje den som er mest glad i kaker og oppstyr, men for ungane sin del er det jo uansett kjekt å stelle i stand til selskap. Til frukostselskap rett og slett.
Muffinsrøra vart delt i to. I halvparten hadde me non-stop i røra, og i den andre ei raspa gulrot, litt kanel og kardemomme. Og kaneldryss og perlesukker på toppen. Knallgode :)
Trur ingen rørte kakene under frukosten, men etterpå fekk dei bein å gå på. Gjett om. Sjå berre på denne vesle røvaren her, hi hi.
Nokon som tippar kva som står for turen nå? Heeeeeilt riktig, støvsuging og husavask ;)
Kjære Herr Fe, gratulerer kjempemasse med dagen din. Me elskar deg over alt på jord. For oss er du den aller beste. Klemmar frå den gode og dei små feane.
Sjå denne herlege tapeten eg henta på postkontoret hin dagen. Det er ein rull med gammal vinyltapet bestilt på Etsy. For å vere heilt ærleg såg eg ikkje før etter at den var bestilt og betalt at tapeten hadde blå (navy) bakgrunn. Eg trudde nemleg den var mørkebrun, he he. Eg trur me tapetserer eine veggen på rommet til snuppemor med denne, men i og med at det er ganske drastisk - så må eg tenke litt på det først :) Den kan jo også vere kjempefin til å tapetsere boksar og esker med.
Med eit heilt fantastisk fint haustver ute, vert det mindre tid til blogging og nettsurfing innandørs. Dagens innlegg vert derfor kanskje ikkje av den mest inspirerande sorten, men eg må berre vise dåko verdas skjønnaste målebåndsnelle.
Dei siste dagane har eg bytta litt ut på dekoren i stova. Dei fargerike putene skal få haust og vinterferie, og skal bytast ut med nokre mindre sommarslege. Men eg syntes det vart litt grått og trist og fargelaust. Rett og slett tamt. I morgon skal maling innkjøpast, og litt andre farger skal på plass. Mon tru om ikkje lampeskjermen skal få nytt trekk også. Det får duge medan eg sparar til nye lampar frå La Lampe Gras ;)
Steinar eg hamstra på stranda i favorittlandsbyen min i Italia har flytta innandørs for sesongen. Dei har fått eit lett grønnleg skjær etter å ha tilbragt sommaren ute. Eg må visst gje dei ein omgong med børste og såpevatn. Det er greit å ha planane i orden iallefall, he he he.