Endeleg har eg fått tid til å sortere/redigere bilder av det neeeeesten ferdige lekehuset. Litt smådetaljar som gardiner, nokre planlagte forheng og dilldall manglar, men de får sjå det som det er idag likevel.
Huset vårt er kvitmalt med svarte dører (har to inngangsdører på framsida), og leikehuset vart svartmalt med kvit dør og detaljar for å passe til heilheten. Akkurat det valget er eg superfornøyd med, eg syns nemleg huset vart ekstra stilig som svart :)
Ved inngangsdøra har me festa ei ringeklokke frå Clas Ohlson (stor suksess), postkasse frå Bruka, og flagghaldar. Alma leiker nemleg at ein eller annan (vi i familien, eller dukker & bamser) har bursdag kvar einaste dag og då må det flaggast :)
Leikehuset var fødselsdagsgåva vår til Alma, men brødrene hennar er sjølvsagt like velkomne til å bruke hytta som henne. Men det er ikkje fritt for at dekoren der inne er ganske jentete. Eldstemann syns den er alt for jentete for hans smak, og me har derfor avtalt at eg skal lage til eit forheng slik at han kan gøyme vekk det "verste" når han skal leike med ridderane sine der inne. Skal sjå om eg rekk henge opp forhenget allereie i dag, for eg vil jo veldig gjerne at han også skal bruke huset og ha stor glede av det.
Komfyren har flytta ut i leikehuset, saman med gamle små emaljepanner, ein leiketekjele og gamle blikkboksar og utstyr. Her trekkast det kaffi til alle som vil likar den slags.
Ein sofakrok er laga av
to billige TV-benkar frå Ikea. Med tid og stunder skal korger til leiker plasserast på hylleplatene under benken, men så langt er me ikkje komne.
Bordet (Hemnes) er også frå Ikea. Lysekruna me hadde på kjøkkenet har flytta ut her, men skal sjølvsagt ikkje tennast i.
På komfyren putrar ei merkeleg suppe av jordbær, gulrot og egg ;) Mon tru om eg ikkje bør hekle litt fleire grønnsaker slik at suppa vert meir freistande å tilberede...
På veggen ser de Herr Fe sitt siste verk laga på bestilling frå meg. Nemleg ein diger tapetsert Bambi. Ikkje sant den er fin? Eg er iallefall superfornøyd med både bambien og den flinke mannen min ;) Bambiar dukkar nok opp i Epla-butikken etterkvart.
Den lilla hylla er ei gammal skuffe frå kjellaren som vart spraymala og tapetsert med papir. Bambi og Trampe-motivet er frå ei gammal Bambibok som eg mota meg opp til å klippe i. Det gule gåvepapiret krølla seg vanvittig, men er det så nøye då, he he.
På gulvet ligg ei dørmatte frå Plantasjen. Og den knallfine kjolen til Alma er frå Noa Noa, og er kjøpt på
Litle Blå.
Leikehuset er i bruk frå tidleg morgon til seint på kveld. Utruleg fantastisk kjekt at det fell så i smak, når ein har kava i vekesvis med planlegging, grunning, snekring, maling og dilling. Huset er knallfint og vel verdt kvar ei krone og kvart eit minutt med jobb :)
Eg kan anbefale alle som vurderere å sette opp dette lekehuset å gjere det. Det heiter altså Lekehuset Linda, er frå
RKC og forhandlast blant anna av Montèr,
Maxbo og
Sommerbutikken. Jepp, det var dagens reklame ;)
På bildet over er sola er i ferd med å gå ned. Flettene er dregne ut or håret, flagget er teke ned, og Alma skalkar luka.
Nå er imidlertid ein ny dag i full gang, og i denne stund syngjast det Hurra for deg som fyller ditt år med høg røst der ute i hagen ;) Ha ein strålandes fin torsdag. Klem frå Linda