I dag er me sååå fornøyde her i heimen. På fredag handla eg litt dill dall frå Budeiesøm, og i dag kom pakken i posten. Snakk om ekspresslevering :) Eg har i lang tid beundra dei fine tinga som Nina syr, og endeleg fekk eg surra meg til å bestille.
Stoffa i dette vognteppet, fargane og samansetjinga av lappane var så fine at eg bestilte det sjølv om Simon ikkje brukar vognteppe, ha ha. Eg tenkte at han kan få bruke teppet som koseteppe, og gliset hans fortel kor nøgd han er :)
Ta turen innom den kjekke bloggen til
Nina, og ikkje minst
Eplabutikken hennar. Eg kjøpte litt meir også, men det får de sjå ein anna dag.
Nå er det lenge sidan eg har vist fram litt handletips, så nå er det på tide ;)
Genseren som Simon har på seg er ei heilt herleg
bestefarstrøye frå Sparkjøp til den nette sum av 49 kr. Alle tre ungane våre har opptil fleire slike, og eg syns dei er kjempefine, mjuke og gode. Løp og kjøp ;)
Nettbutikken
TAMO har nå massevis av dei fantastiske Paumes-bøkene inne. Eg har allerede seks stykk frå denne serien, og dei er heilt fantastisk inspirerandes. Fleire bøker må kjøpast inn, men skal berre elle melle først :) Eg lånte bilete over frå nettbutikken, men satsar på at eg vert tilgjeve sidan dette er gratis marknadsføring for butikken :)
Det er januarsalg i haugesvis av butikkar og nettbutikkar om dagen, og eg siklar på desse støvlettane til halv pris hos
Min Engel. Lånte bilde derifrå også eg...
Følte liksom at eg hadde sååå mange tips å komme med, men når det kom til stykket så kjem eg ikkje på meir, he he. Eg tar gjerne imot kjekke tips eg også, så ikkje brenn inne med dei :)
Korleis er det med deg, handlar du på januarsalg eller?
Nå må sekkar pakkast, klær brettast og morgondagen førebuast. Ha ei riktig god natt, så bloggast me sikkert i morgon igjen :)
Tudelu.