Eg er vel heime igjen etter ei helg eg sjeldan har hatt kjekkare. Det heile starta med prisutdeling i Ørsta, det fortsette med glitrande glanshelg i hovudstaden, før eg til slutt enda opp vel heime i Stavanger seint i går kveld. Eg har møtt fantastiske menneske og medbloggarar både den eine og den andre staden, knallkjekke alle saman.
I Ørsta møtte eg koselege og kjekke Moccamamma og Magfly, tusen takk for at de var med på å gjere jonsokafta super for meg.
I Oslo møtte eg naturlegvis så mange kjekke bloggejenter at eg ikkje klarar nevne alle. Eg har likevel lyst til å dra fram to bloggarar som vegra seg frå å sei bloggnamna sine til meg, for "du har aldri høyrt om bloggen min" og "du har iallefall ikkje høyrt om min". Kjære, skjønne jenter, de har knallkjekke bloggar begge to, og nå deler eg lenka med dåko der ute. Besøk Søster Anne her, og Pepperkakehuset her.
NIB-jentene hadde stelt i stand til ein glansdag som vart ein suksess de luxe, proff til fingerspissane og fantastisk kjekk. Snakk om rause, hjertevarme, kreative og flotte jenter. Eg lo og vart rørt så tårene trilla i tide og utide. Ein super glansdag vart avslutta med prisutdeling, og eg var så superheldig at eg fekk prisen Årets Trendbloggar 2011. Tusen takk til alle dåko som stemte på bloggen min, trass i at eg berre sporadisk har hatt tid til å legge sjela mi igjen i bloggen den siste tida.
Og premien? Denne fantastiske überkule Fiducia-vasen som eg har ønska meg sidan første gong eg såg den. ENDELEG er den i hus. Tusen takk igjen! Vasen var forresten sponsa av BO BEDRE. Eg har fått supermasse anna kjekt denne langhelga, men må fordele alt saman utover fleire innlegg.
Nå er bilen pakka full av klær og dilldall, og me er straks klare for å starte sommarferien. Turen går aller først til Kristiansand.
Ha ein god sommar alle saman.
Klem frå Linda