Du og du kor eg har kosa meg dei siste vekene. Beklagar så masse at det har vore så stille her i bloggen, men eg har hatt behov for å berre konsentrere meg om familien, feriegjester, og rett og slett late meg litt. Det er lenge til neste gong me kan kutte ut å bruke vekkerklokke, så eg prøver å nyte kvart sekund. I dag logga eg meg inn for første gong på over ei veke og må berre få takke så inderleg for alle dei herlege kommentarane de legg igjen!
Nå kjenner eg at bloggelysta er tilbake, og slår derfor til med eit bilderikt innlegg og ei oppdatering på litt av sommarsyslene mine/våre.
Dukketeppet eg heklar til Alma er inni sluttfasen. Eg heklar stavmasker rundt kanten, alle trådar er festa (somme har eg heldigvis festa undervegs medan eg hekla) og eg håpar at teppet kan takast i bruk ganske så snart. Fargerikt og fint vert det og akkurat passe stort til ei dukkeseng/dukkevogn :)
Eg har alltid vore utruleg fascinert av sommarfuglar. I ungdommen, då eg tok biologi på gymnaset, starta eg å samle på dei. Med heimelaga håv fanga eg alskens lekre sommarfuglar, og preparerte dei sirleg. Hobbyen har lege brakk dei siste 10-15 åra, men nå har eg fått heile fe-familien med på sommarfugljakt. Så snart me har anledning og sola skin, så dreg me ut på tur med kvar vår håv. Utruleg kjekt for både liten og stor, og spesielt engasjerande og kjekt for 7.5-åringen (noko som var heile poenget med å ta opp igjen hobbyen).
Fangsten har vore god, men som oftast slepp me fangsten fri igjen. Me samlar nemleg berre nokre få av kvar art. Vel heime igjen slår me opp i den fantastiske sommarfuglboka, og finn ut kva dagens fangst er for noko. Prepareringa har vore så som så, men øving gjer mester ;)
Den fantastiske sommarfuglboka eg snakkar om kom ut i fjor, og er ei informativ praktbok over Norges Sommerfugler. Eg kjøpte både boka og insektskassen til å oppbevare samlinga i i nettbutikken
Natur og fritid.
Emmeline hadde ein herleg bloggpost her hin dagen, om realitetsblogging. Avslutningsvis i innlegget oppfordra ho oss andre, og her kjem litt realitet frå dette huset. Minstemann er inni sin verste slenge-alt-utover-periode og huset ser til ei kvar tid ut deretter. Dette skapet (vel, er egentleg eit nattbord) i stova ser ideelt sett slik ut:
Men så kjem Simon fykande i raskt tempo, tømmer skapet for korger, bleier og stelleteppe og klatrar inn. Det er god akustikk i skapet, så her inni ropar han maaaaammmaaaaaa så høgt han klarar, og me andre held på å flire oss skvett ihjel.
Som de kanskje skjønar av dagens første bilde, så har fleire seglbåtar blitt produsert i seine kveldstimar. Det var så mange forespørslar at me fann ut at me lagar ei ladning til. Eplabutikken oppdaterast ganske så snart.
I dag pakkar me håvar, sommarfuglbok, redningsvestar og klær & klut og reiser på ein siste ferietur før sommarfereien er over. Kryss fingrane for at me alle får oppleve gode sommartempraturar og badeliv før hausten kjem.
Ha ein flott tirsdag og ei god veke!