På Halsnøy opna det eit kaffigalleri for ei tid sidan.
Kaffigalleriet Sesong.
Her kan den som vil nyte ein kopp te eller kaffi, nyte kunst og ta seg tid til ein pust i bakken. Tid til den gode praten.
Kaffigalleriet er ein forlengar av interiørbutikken Sæbøvik Gåver og leiker og det meste av tinga som er brukt i kaffigalleriet er for salg/er varer frå butikken.
Det er Trude Vaaga, som nokon kanskje hugsar som ildsjela bak Interiør og Boligmessen i Bergen, som står bak kaffigalleriet og ikkje minst kunsten på veggene. Og som alt anna Trude har ein finger borti, er også kaffigalleriet delikat ned til minste detalj.
I dag har Bodil BO og eg storkosa oss i fri utfoldelse. Me fekk nemleg dekkje eit nyttårsbord i kaffigalleriet med ting og tang frå butikken. Kongler, valnøtter, glasflasker, lys og enno meir lys vart brukt i talrike mengder. Me brukte alskens glasvasar i ulike variantar som lysestakar, og resultatet vart koseleg om eg skal seie det sjølv ;)
Biletkvaliteten er så som så, som vanleg i denne dunkle årstida me er midt inni, men men eit inntrykk får du iallefall. Og du som befinn deg i Sunnhordlandske trakter bør ta turen innom for å sjå både bordet, butikken og kaffigalleriet med eigne auge ;)
Håpar du nyt fine romjulsdagar slik eg gjer ;)
Tudeluu!