I rommet under trappa opp til 2.etasje er det eit lite rom. Heilt perfekt i storleik til oppbevaring av leiker og eit par små ungar. Og heilt genialt når ein skal rydde opp etter ungane er i seng på kvelden.
Denne veka har Alma vore heime frå barnehagen. Ho er forkjøla og leik ute i regnet er uheldig. Iallefall når det er haustferie neste veke. Eg har berre gitt opp å få gjort noko av det eg hadde plan om (sy blant anna). Dagane går i staden til vaffelsteiking, smårydding her og der, og kos.
I dag har me sortert i alle leiker. Ein kasse til Duplo, ein til Little People og ein til utkledningsklær. Ein pose står klar til Fretex, og Kindereggdilldallet havna i restavfallet.♥
Postkassen frå Bruka vart opprinneleg innkjøpt for å henge på ei framtidig leikehytte i hagen. Sidan leikehytta berre er på planleggingsstadiet, så heng postkassen på stovehytta i staden. Saman med eit Welcome Friends skilt frå Riviera Maison (julegave til mor sjølv ;))
Dukkevogna snuppemor fekk til jul er i bruk kvar dag. Utruleg skjønn og fin og i god kvalitet. Den er frå SEBRA.
♥
Inni sjølve leikehytta er det ikkje sånn superkoseleg akkurat. Eg skal få sydd til ei madrass som dekker heile gulvet, og få hengt opp ei lyslenke over dei to hyllene på veggen der inne. Kom gjerne med tips til dekorering om du har nokon :)
Det er ikkje til å stikke under ein stol at det vert vanvittig mange leiker med tre ungar i hus. Me har ikkje akkurat verdas største hus heller. Så det gjeld å sortere ut, finne lure oppbevaringsløysingar og vere flink å rydde, slik at det ikkje renn over.
♥
Eg fekk eit genialt tips av mora til ei god venninne ein gong. Å gøyme litt av leikene til ungane. Ikkje ha alt framme på ein gong, men byte på det. Ungane gløymer lett kva dei har, og når ein finn fram det vekkgøymde er det som om dei får nye leiker. Dette har me praktisert, og det er heilt topp. Little People tinga er derfor på ferie i kjellaren frå nå av ;)
Medan eg skriv dette innlegget høyrer eg at det føregår hektisk leik inni og utfor skapet bak meg. Det spørs om ikkje sorteringa må gjentakast i kveld. Pytt pytt :)
Ha ein flott onsdag ♥
PS! Tusen takk for alle kommentarar på tøffelinnlegget. Eg bestilte mine tøfler herifrå.
PS! Tusen takk for alle kommentarar på tøffelinnlegget. Eg bestilte mine tøfler herifrå.


Men i dag kom postmannen på døra med tøfler til meg, til Herr Fe og til Samson. Tre par tøfler til prisen av eit, om eg hadde handla i norsk butikk. Eg vart jublande glad, dei to andre mottakarane kanskje heller avvmålte, medan Alma vart misunneleg. Stakkars. Dei hadde ikkje hennar storleik inne, så enn så lenge labbar ho rundt i pappaen sine tøfler. 
Ha ein superduper kveld. 
For ei tid sidan etterlyste eg feiesett frå Iris Hantverk. Og trur de ikkje at søte Kaia frå Oslo sendte meg e-post om at på Bolina hadde settet. Snille snille Kaia tilbudte seg å kjøpe det for meg, og eg vart jublande glad.
I går henta eg feiesettet på posten, og klarar ikkje sjå meg mett på det. Børsten er av hestehår, og detaljane nydelege.
Settet passa perfekt inn i heimen, og ser i grunnen ut som om det alltid har stått her :)
Kaia hadde pakka det kjempefint inn, og dama på postkontoret såg nesten misunneleg ut på at eg fekk ein så stor pakke. Lucke me.
Kaia har ei datter som også heiter Alma, og mi Alma fekk ein super pakke frå hennar Alma ;) Sjekk det koselege frukostsettet ho fekk. Både bambi og fluesopp på - kan det bli betre? Tuusen takk for at du er så snill Kaia - eg håpar eg klarar sy fine puter til deg i gjengjeld :)
Som om ikkje dette var nok, så fekk heldiggrisen meg ein pakke frå
Denne helga har me besøk av Herr Fe si flotte kjekke søster. Ungane er heilt ville etter henne, så det er så koseleg å sjå. Nå skal me ut og gå tur. 

Ooooops, bloggetida vart brått slutt. Mating av mikrofeen står for tur.






Gjenbruk på sitt aller beste må vere å ta barneklær fulle av gode minne fram frå innerst i skapet. Eg er superglad over å kunne ta desse barneklærne i bruk igjen. Dei er av merket
Eg hugsar eg trålte den butikken fleire gonger i veka med den høggravide magen min, kikka, draumte og kjøpte litt. Pittelitt. Klærne var veldig dyre, og harmonerte ikkje heilt med mi usle forskarlønn. Men så kom salget, og eg kjøpte det lyseblå settet og pappaen kjøpte det andre. Det hadde hjarteknusaren på seg på si første julafta. At buksa ikkje kan vaskast, men må reinsast på renseri er kanskje ikkje verdas mest praktiske. Ha ha, det er nesten så eg må le av kor uerfarne me var.
Men fine er klærne iallefall, og Simon er like skjønn som storebroren i dei :)
Venninnebesøket gjekk kjempefint i går. Grønnsaker med dip var knallgodt (faktisk) og eg fekk nyyydelege blomstrar :)








Sjekk kva me skal lage i helga. Var ikkje desse Wise Guys frå Mibo kule? Fann linken via den knallkjekke danske bloggen
Etter å ha blitt skikkeleg frista av
Tre knaggar forma som små bilar (kjøpt hjå SMAK) sørger for orden i utkledningsdraktene hans også. Her kan ein kle seg som både Darth Vader, ridder, konge og indianer alt etter som.
Ei toalettveske til 89 kr kunne eg ikkje gå frå. Ei heller lavendelhåndsåper til 39 kr per stykk. Alt hjå Princess.
Denne veka har det kome mange nye utgåver av interiørblad i bladhyllene på butikkane, og eg har som sedvanleg sikra meg nokre eksemplar.
Eg diggar framleis ugleteppet, men har ikkje kjøpt det. Til mi store overrasking fann eg teppet til salgs hos
Etter å ha lese mange nye blader må eg innrømme etter at behovet for å kjøpe litt nytt til hus og heim er betrakteleg auka. Her har eg plukka ut nokre favorittar eg har nett nå.



