Nattevåk, generell søvnmangel, lite tid til eigenpleie og usunn mat er ingen sjakktrekk for å forseinke alderdomsteikn.
At eg er ein sløving når det gjeld hudpleie gjer ikkje ting akkurat betre.
Alt for ofte søv eg med sminka på.
Eg drikk for lite vatn.
Eg et for lite Omega 3.
Eg et for mykje digg.
Meir vatn, meir feit fisk, mindre sukker, mindre lettbrus, meir søvn, meir hudpleie. Alt dette er kanskje det som skal til? Det var berre å få viljestyrke nok til å klare gjennomføre det. Smilerynker er ein ting, rynker eg kan leve med. Rynker som er spor etter glede. Sinnarynkene derimot - dei likar eg aldelesen ikkje. Samme om dei kjem av for skarpt lys, for dårleg syn eller sinne & frustrasjon ;)
Fin og riktig sminke er alfa og omega utover alt det eg har nevnt over. I framtida har eg lyst til å dele eit par tips eg har plukka opp her og der. Ikkje fordi at eg er nokon som helst ekspert på området, men fordi eg likar å dele ting eg har god erfaring med med deg. Eg lovar, dette skal ikkje bli ein sminkeblogg - dei finst det allereie mange av.
Først ut i desse tipsa er
Lancôme sin nye 24H foundation. Eg likar egentleg ikkje så veldig godt å bruke foundation. Blir alltid nervøs for at den er ujevnt påført og at den framhevar rynkene. Denne her kan eg imidlertid anbefale. Lett å få fint på, og den sit som eit skudd frå morgon til kveld. Eg har fått ein ny favoritt.
Eg las at Christoffer og Jan Thomas sa at dei aller fleste norske damer vel for mørk foundation, og at dei aller aller fleste av oss kler ein foundation med litt gul tone. Då eg skulle velge farge hadde eg dette i bakhovudet. Lancôme sin
foundation finder var genial, og foundationen min passa perfekt til mi bleike vinterhud (01 Beige Albatre).
Blir forresten veldig glad for gode tips eg også. Har du nokre gode favorittar?
Finfin mandag til deg.