Hei på deg.
Romjula 2013 er straks på hell.
Me er heime igjen i Stavanger etter herleg juleferie og feiring på Halsnøy.
Det har vore godt å ha ferie, men kjenner at både kropp og hjerne byrjar gire opp mot jobb og kvardag igjen nå.
Eg er i full sving med å rydde i huset.
Planlegg sortere i skap og skuffer, og få orden her og der.
Vurderte faktisk tradisjon tru å fjerne julepynten i dag, men den skal få stå nokre dagar til...
Ungane skal knuse pepperkakehuset i morgon, så i dag er siste gong det vert foreviga.
Det er best eg fortset ryddejobben før piffen går ut av ballongen :)
Fine julegåver samt fine gåver frå meg til meg er på plass i den einaste ryddige kroken i stova...
På kjøkkenet står ein ny skittentøypose og pyntar opp blant 'gamle' skattar.
Alt som kan gjere klesvasken meir lystbetont vert hjartleg ynskja velkoment til meg.
Jepp, dette vart dagens glimt herifrå. Då gjenstår det berre å ynskje deg:
eit GODT 2014!!
20 kommentarer:
Borte bra, men heime best ;-)
Alltid godt å "lande" heime etter nokre dagar borte.
Fortsatt God Romjul og eit Velsigna Godt Nyttår!!
Me er akkurat komme heim frå juleferie,og d e aller best heima hjå seg sjølv. Her får jula vera til helga etter nyttår..nyte lysa litt til.
Ha eit godt nytt år du og! :)
Så hyggelig med nytt på bloggen igjen - jeg liker stilen din! Nyt resten av julen, og godt nytt år!
Godt nytt år til deg òg! Her får juletreet stå til helgå, kanskje eg ryddar vekk det andre før. Me har vore heime i nytt hus i jula, og hatt koseleg besøk fleire av dagane. Planlegg oppussing av både det eine og det andre her i nye-huset ;-) Kan eg spør om fargekode på malingen på kvite vegger hos deg? Ragnhild
Kor har du kjøpt den svarte stjernelenka? Den likte eg! Ragnhild
Hei :) den har eg laga sjølv. Svart kartong, stjernepepperkakeform, limpistol og svart tråd :)
Så koselig med et innlegg fra deg!
Ønsker deg et riktig godt nytt år!
Så koselig med et innlegg fra deg!
Ønsker deg et riktig godt nytt år!
Hvor er bindersen fra?
Så koselig det ser ut!
Ønsker deg også et godt nyttår:)
God idé, og enkelt :) Takk for svar! God nyttårsfeiring til deg og dine :)
Sikkerhetsnåla er fra house doctor :)
Heisann! Likte husene dine, hvor er de fra?
nice post and page
Ønsker deg et godt 2014! Er så glad for å få se de nydelige bildene dine, her på bloggen og på instagram ♥
nice interior
nice design
thanks for sharing
Saknar oppdateringene dine❤️
nice interior :) happy holidays
Legg inn en kommentar