torsdag, september 22, 2011

Strandliv





Eit knippe bilete frå jobbreisa mi for eit par veker sidan. 
Fantastiske lokalitetar. 
Fantastiske strender. 
Fantastiske klippeveggar fulle av fossilar.
I love England.



søndag, september 18, 2011

Kreativitetsbobler

På regnfulle søndagar boblar kreativiteten omtrent over.  Då er som oftast huset reint og ryddig, og det er mogleg å konsentrere seg om litt anna enn hybelkaniner, morgondagens niste og andre kvardagslege gjeremål.

I dag tidleg fann eg fram ein stabel fine retro stoff, og masse fargerike band. Dette lilla sjalet (Noa Noa) til Alma er malen. Eit sjal skal bli til fleire. Det er iallefall planen. Fram til nå har eg enno ikkje kome så langt som å dra fram symaskina, men kvelden er enno ung ;)




I stadan for å sy sjal som først tenkt, har eg pusla med å ferdigstille nokre gamle travarar som har vandra inn på Epla. Her er både ugler, bambiar og seglbåtar. Er viljen framleis med meg, har Alma snart mange sjal å velgje mellom.

Nå:
sofakos med gjengen. Ha ein finfin søndagskveld :)



lørdag, september 17, 2011

Eg fann ho!


Du og du kor eg har leita. Ganske desperat leiting sådan. Det har seg jo slik at eg er på jakt etter ei jakke å strikke til minien, og kom brått på perlestrikkjakka som det er mønster til i ei bruktfunnbok eg har/hadde (den grå på bildet over). Problemet er berre at eg har hatt ei kraftig opprydding i skap og skuffer, og lass på lass har blitt levert til Fretex. Då eg umiddelbart ikkje fann boka i bokhylla trudde eg denne boka hadde havna tilbake til Fretex ved ein feil... Derfor har eg brukt timesvis på å tråle gjennom bloggen, mange år tilbake i tid har eg leita meg gjennom. Eg visste eg hadde blogga boka, og måtte finne innlegget for å finne tittelen på bokskatten. Til slutt fann eg innlegget, og eg hadde ikkje før funne innlegget før det første blikket traff var boka i skapet. Jippi. Nå er det berre å  setje pinnane i sving ;) Tusen takk for alle tips forresten. Eg har lagra dei i arkivet til eit og to seinare prosjekt.


På kjøkkenet bugnar det av neonrosa vaskemidlar. Eg har tidlegare fortald at eg er Buzzador, dvs at eg får teste ut ulike produkt dann og vann imot at eg leverer ein slags rapport på kva eg syns om produktet eg testar. 

Denne gongen er det alle slags Vanish-produkt. Eg har tidlegare gode erfaringar med både den som gjer kvitt tøy kvitt igjen og den vanlege flekkfjernaren til Vanish. Skal bli spennande å teste resten av utvalget. Eg elskar alt som er gratis, og eg elskar teste ut nye ting - så dette er toppen.

Har du også lyst til å bli Buzzador, kan du jo lese litt i dette gamle innlegget mitt og følgje lenkene om du eventuelt vil melde deg på.

Nei, nå er det sofatid med strikking, Tv og Herr Fe. Ha ein flott kveld du også.
Ciao.


Prosjekt i kø.
Kunne tenke meg  å krølle beina opp under meg i sofaen og sitje strikke i dagesvis, kanskje vekesvis. Slik er det ofte om hausten. Eg rekk strikke pittelitt kvar kveld, eller iallefall nesten kvar kveld, og det går seeeeeeint på fram med varme lune strikkaplagg til familien. Nett nå er det hue til Herr Fe som er på pinnane (mønster fann eg inne på Familie Journalen). Nytt garn er kjøpt inn med tanke på jakke eller genser til Simon. Nepal-garnet kjennest mjukt og godt ut, og det vert spennande å sjå korleis det er å strikke med. Eg er litt utradisjonell når det gjeld strikking. Kjøper ofte eit garn i ein farge eg likar, og så finn eg mønster garnet passar til i ettertid ;) Leitar rundt etter mønster i dette sekund, så veit du om ei finfin guttejakke eller ein genser som strikkast på pinne 4.5 - 5 så vert eg glad :) (mottakar er 2 år).

Ha ei superfin helg :)



torsdag, september 15, 2011

Skund deg og bli med

Med eit bilde av familiens vesle godklump minnar eg deg om bloggkonkurransen Interiør og Boligmessen 2011  i Bergen arrangerar. Bildet vert blåst opp i stort format og trykka på messa. Fristen for å levere bidrag er i dag. Les meir her om konkurransen.
Sidan premien for bildet delast ut på messa, reknar eg med at ein bør delta på bloggefrukosten på messa for å delta i konkurransen, men det skal eg prøve finne ut.

Håpar eg møter så mange som mulig av dåko (både bloggarar og ikkje-bloggarar) i Bergen. Eg skamgledar meg allereie. Det er snart fire år sidan me flytta derifrå, og eg skal regelrett kysse Torgalmenningen i pur gjensynsglede ;) Og kjære elskede Pastasentralen som eg har sakna så høgt. Må ha meg ein nr 7 (pastaputer med kvitløkssaus) før eg vender snuten attende til Stavanger gitt.  Så sett av helga 23.-25. september for fantastiske masse kjekt sosialt, kanllmasse gode tilbud, kjempemange premiar som skal loddast ut frå utstillarane osv osv.


Glad klem herifrå :)

onsdag, september 14, 2011

God og varm






Eg er tilbake i normalt gjenge igjen. Knallkjekt på jobbreise, men aller best å komme heim :)

Denne jakka vart ferdigstrikka lenge før eg reiste, men først nå i helga vart knappar kjøpt inn. Resultatet vart rosa, varmt og godt. Skulle eg ha strikka den på ny skulle eg ha gjort ein betre innsats for å få maskene fine over og under den flettestrikka delen, men pyttpytt, jenta er nøgd. Det er jammen mora også.

Mønsteret kjøpte eg forresten her: Cotton & Cloud.
Meir info om garn og oppskrofter har eg skrive om her.

Ha ein flott onsdagskveld der ute.

søndag, september 04, 2011

I farta

Eg må berre ein snartur innom for å fortelje at eg må stikke like fort ut igjen ;)
Me har vore bortreist i helga, og i morgon drar eg på jobbreise. Som alltid er det med blanda kjensler eg reiser av gårde. Det er vondt å lausrive seg frå småfeane og Herr Fe, men det skal bli godt å få pittelitt luft under vingene også.

Ha ei flott veke, så bloggast me om kort tid igjen.

Klem i fleng

PS: takk for respons på stoffspørsmålet mitt - stoffa kjem for sal når eg er attende :)


torsdag, september 01, 2011

Stoffavhengig?


I helga hadde eg meg ei opprydding i stoffsamlinga mi. Det vert desverre ikkje til at eg får sydd så mykje nå, som det eg rakk då eg gjekk heime i morspermisjon. I ryddeprosessen fann eg ut at det er for gale at mange av desse skattane ligg hjå meg, når kanskje andre kan ha glede av dei. Før eg styrer med å legge ting ut for salg (blir ikkje rådyre stoff altså - må berre tene inn igjen det eg har lagt ut for skattane), vil eg berre spørre deg der ute: Er de framleis på jakt etter retro godbitar i tekstilform?




Nå er det absolutt ikkje slik at eg kvittar meg med heile samlinga mi. Eg er framleis på jakt etter hjertebankstoff. Stoffa eg eventuelt kjem til å legge ut er dynetrekk eg har to av - og berre dynetrekk og stoff eg har kjøpt sjølv. Eg gir ikkje vekk skattane eg har fått i postkassa mi.

Ha ein finfin torsdag der ute :)

onsdag, august 31, 2011

Søndagssysler på ein grå onsdag



Litt bilder frå ein koseleg søndag.
Servert på ein onsdag.
Søndagar er favoritten her i huset.
Kva dag er din favoritt?











Oppskrifta til den hekla vesten finn du på danske Familie Journal (designa av Rachel Søgaard)


Ha ein superduper dag. Kanskje din favorittdag er nettopp i dag :)

torsdag, august 25, 2011

Møtast i Bergen?


Ja, nå nærmar Interiør og boligmessa i Bergen seg med raske steg. Etter braksuksessen med Glansdagen i Oslo i juni, kan eg ikkje sei anna enn at eg skamgledar meg. Gledar meg til å bu på hotell, gledar meg til å sjå byen igjen, og ikkje minst gledar eg meg til messa som eg trur vert KANONKJEKK. Eg håpar sjølvsagt at det er fleire enn meg og dei andre bloggarane nevnt i Interiør og Boligmessebloggen som tar turen, og tar meg derfor den frihet til å stjele både tekst og bilete frå bloggen deira. Ein god ting kan ikkje nevnast for ofte, tenker nå eg. Gå ikkje glipp av denne supre muligheten til å møte likesinna bloggarar. Bli med, bli med. Eg gledar meg til å bli kjendt med fleire av dåko :)
Det er forresten flinke, snille og sprudlande Bodil Bo som har tatt bildet eg har tjuvlånt ;)

Her er utdrag frå Interiør og Boligmesse bloggen, vil du lese meir så stikk innom der:


- VELKOMMEN TIL EAT & MEET -

Bli med på årets happening i Grieghallen og start lørdagen med et deilig bloggtreff.

Jeg håper å treffe mange bloggere!

Den gode praten - det Faglige påfyllet



INTERIØR & BOLIGMESSEN 2011 INVITERER INTERIØR- & LIVSSTILSBLOGGERE TIL FROKOST OG KAFFEPRAT FØR MESSEN ÅPNES FOR PUBLIKUM.

LØRDAG 24. SEPTEMBER KL 10:00

STED: GRIEGHALLEN/DOVREGUBBEN/INNGANG PEER GYNT.

PRIS: kr 250,-

(inkl. kaffe, frokost og inngangsbillett til messen. Betaler ved inngang)



PÅMELDING TIL: trude.vaaga@possibility.no
PÅMELDINGSFRIST: 15. SEPTEMBER

KÅRING AV MESSENS FOTOBLOGGER 2011 VIL BLI FORETATT

(SE KONKURRANSEN SOM BLE LANSERT I BLOGGEN)


Mange bloggere har allerde meldt sin ankomst, deriblant velkjente Emmeline, Den gode Feen, Design Shimmer, Mitt Lille Hjem, Fru Fly, Bodil bo m.fl

Senere på dagen skal flere av bloggerne innta det vi har valgt å kalle SOFAPRATEN.

Eg slit litt med å komme i fullstendig bloggemodus etter ferien, men satsar på at ting tar seg opp etter kvart :)
Ha ein flott torsdag der ute.
 
Tudelu så lenge :)

mandag, august 22, 2011

Bobi. Bobi. Sjølvaste Mr Bobi.




I går skulle me på kaffislabberas til ei veninne her i Stavanger, og kven andre enn Mister Bobi stod i inngangspartiet til det staselege fine huset og formeleg skein? Eg var raskt framme med kameraet og knipsa nokre bilete (sjølvsagt etter godkjenning frå huseigar). Mister Bobi er ingen ringare enn favorittpostkassa mi. Hadde eg hatt eit hus som dette skulle ei Bobi postkasse ha vore prikken over i'en i mitt inngangsparti også.  Prikken over i'en med store I. Eg skulle gjerne ha bytta ut den slarkete og skeive, men akk så nyttige, porten med eit inngangsparti som dette. Det er lov å drøyme, og eg gjer det til stadigheit. Veninna mi hadde kjøpt sin postkasse i Sommerbutikken, og eg stikk inn der og siklar litt nå.

Ha ein flott mandag.

fredag, august 19, 2011

Liv i leiren igjen





Foto: Heyhome.dk/Pernille Kaalund


Jaja folkens, då var det på tide å blåse litt liv i bloggen igjen, he he. Dei siste vekene har vore herleg travle - både på jobb og i privaten. På fritida har det vore godt å prøve nyte "sommarkveldane" til fulle, og ikkje bruke tid ved å sitje framfor PC'en. Ja, eg skriv sommarkveldane i hermeteikn, for akkurat nå er det nesten hauststemning her i Stavanger.

Med hauststemning kjem også lysta til å pusle rundt innandørs igjen, både med interiøret og ved komfyren. Kva er vel meir inspirerande interiørmessig enn desse fantastiske bileta frå heimen til Line Mo i Femina.dk?

Planar for helga?
Eg satsar på å utføre noko som kan bloggast ;)

See you soon,
go'helgklem herifrå

mandag, august 08, 2011

Vi skal snakke sammen...


...om de samme gamle ting.

Eg er så heldig. Eg har verdas beste bestevenn. Tvillingsjela mi. Han bur i Sandefjord. Like fin inni som utanpå. Ein av dei finaste på jord. Me budde saman i mange år. I Bergen. Hang i saman som erteris. Alltid. Då han flytta til Sandfjord gret eg. Han og. Tårene renn nå berre av å fortelje deg om det. Fine, fine Kjartan min. Som eg saknar han i kvardagen. Heldigvis har me den gode kontakten enno. På telefonen. Ikkje rundt middagsbordet. Ikkje sånn til vanleg. Han er der. Eg er her. Han i sitt liv. Eg i mitt liv. Likevel. Bestevenner.

I Oslo møttes me sist. Hilde Holmer er kanskje aller mest kjendt for å ha designa Ari Behn veska til Märtha Louise. Nå er eg like heldig som ei prinsesse. Eg har nemleg fått denne knallfine pungen laga av samme designar. Den fekk eg av Kjartan. Tusen takk!

Når du en gang kommer neste sommer
Skal jeg atter være her
Og vi skal synge gamle sanger om igjen
Når du en gang kommer neste sommer
Skal vi atter drikke vin
Og vi skal snakke sammen om de samme gamle ting.
(Utdrag frå De Lillos sin song Neste sommer frå 1993)
Ha ein god tirsdag i morgon. 

torsdag, august 04, 2011

Kjøkkenhjelpa mi


På veg heim frå jobb kan eg liksom ikkje komme meg fort nok heim. I det eg kjem inn porten kjem ungane springande i mot meg for å få ein klem. Mmmm, det beste på jord etter ein lang dag. Dei to eldste går som oftast tilbake til det dei likar tutle på med, men ikkje minstemann. "Løft 'an" seier han og strekker armane mot meg, og det betyr at eg skal løfte han opp og bære rundt på han.  Her har han inntatt sin faste plass medan eg lagar middag - den skjønne kjøkkenhjelpa mi :)



På menyen i dag stod det Tom Kah suppe, samt steikt kyllingfilet, ris og ciabatta til dei som ikkje ville ha suppe. Suppa (basert på ein pakke frå Blue Dragon) var nemleg superhot, men VELDIG god :)

Ha ein fin fredag i morgon, klem klem

mandag, august 01, 2011

Lukka på boks



Sjekk kjølebagen eg "fann" på Fretex!!  Sjølvaste lukka på boks. Etter ein omgong med klorin innvendig, etterfulgt av dagevis med utandørs lufting, har den i ettermiddag vore i bruk for første gong. Me tok middagen med oss på stranda, og fekk lufta både kvite tær og sommarkjolen. Knallkoseleg å gjere slikt etter jobb. Eg gløymte kameraet og kan difor ikkje vise anna enn skitne skåler, krus og tallerkar etter den fargerike pikniken, he he :)


Ha ein fin tirsdag i morgon!!
Related Posts with Thumbnails