Messa vart arrangert for fyrste gong i fjor. Den gong då vart eg sååå imponert, og eg trudde ikkje det gjekk an å toppe den opplevinga.
Dette er motbevist i år. Eg er nettopp komen heim etter ei knallkjekk messehelg. Eg er berre såååååå IMPONERT. Tenk at ei slik messe kan haldast i Bergen og Norge. For dette er messe med internasjonalt sus. Eg er full av inntrykk. Full av inspirasjon, og full av gode minner om alle dei herlege menneskene eg har møtt.
Her er nokre glimt frå helga:
Sidan mine bilete frå messa er generelt av dårleg kvalitet har eg tjuvlånt dette bildet frå messebloggen. Bloggeria-området i messehallen var stilig dekorert i svart og kvitt.
Kule og kjekke NIB-Solveig.
Spreke Fargesirkus-mannen er lukkeleg vinnar av speedstylingkonkurransen.
Nydelege Signe.
Messa bugna av alskens lekkerbiskenar, her er kule posterar frå Terese Sennerholt.
Eg sikra meg den ultimate kalenderen.
Kalenderen med stor K.
Den evigvarande kalenderen.
Eg feira kjøpet med å pynte opp litt på det heller trauste hotellrommet i dag tidleg.
Kvifor sove lenge når ein har husmorferie når ein kan piffe opp eit utdatert hotellinteriør, he he he.
Før:
Etter:
Etter vellukka (he he) hotellromstyling kunne eg setje meg til rette i vinduskarmen og nyte utsikten av Bergens Håkonsgate. Lukkeleg over at eg aldri skal starte stylist-karriere.
Pakkenellikkane er klare og eg skal vende nasetippen mot Stavanger igjen.
Gledar meg allereie til Interiør og Boligmessen 2013.
Ha ein flott søndag!