Det er mulig eg er litt sleip nå som røper praksisen eg har oppdaga. Men eg nevner ingen spesifikke navn, berre for å vere grei :) Eg abonnerer på ei rekkje magasin, og det eg har oppdaga gjeld dei fleste av dei.
Kvar gong eg får rekning så tenkjer eg at "nei, nå skal eg jammen seie opp dette abonnementet". Der og då føler eg prisen er høg. Det står liksom svart på kvitt kor mykje eg betaler for å bli inspirert. Og blir eg egentlig så veldig inspirert?
Så tar eg opp telefonen, finn nummeret til abonnementservice for det aktuelle magasinet og ringer. Samtalen lyder typisk som dette:
"Hei, dette er Linda og eg vil gjerne sei opp abonnementet mitt", seier eg.
Etter nokre tastetrykk og bekrefting om abonnementsnummer og adresse, seier stemma i andre enden av linja:
"Kunne du tenke deg å fortsette abonnementet til kampanjepris på 289 kr for et helt år?" (opprinnelig pris på rekningen eg fekk var f eks 799 kr)
"Tja. Hm. *tenke fortfort*. Ok, det vil eg", svarar eg.
"Ok, da kan du kaste regningen du har fått av oss, og så sender vi deg en ny sammen med neste nummer", svarar den hyggelege stemma på abonnementsservice.
Eg legg på og undrar meg over praksisen. Tenk kor dum eg hadde vore om eg ikkje hadde ringt. Eg sparte rett og slett 500 kr på den telefonsamtalen. Og dette har eg opplevd mange gonger dei siste åra. I 99% av tilfella der eg vil seie opp abonnementa, så skjer dette. Samstundes som eg undrast, skjønar eg at det er viktig å halde på abonnentane sine.
Så nå lurer eg: har du opplevd liknande?
Om du også vil spare pengar på samme måte som meg, så må du vere forberedt på at stemma like godt svarar "Det er helt i orden, jeg stopper abonnementet ditt fra i dag". Men då kan du jo berre melde deg inn igjen til kampanjepris.
Jobbar du i eit interiørmagasin, og veit kvifor praksisen er slik, vert eg glad om du forklarer meg kvifor.
Eg held, som de veit, på å sortere ut det eg likar frå blada mine. I desse dagar er det 2008 og 2009 nummera av Elle Interiør eg går gjennom. Eg har alltid likt Elle Interiør som kom ut for første gong for over ti år sidan. Dette er eit av dei magasina som er først ute med det siste, og har mange kjekke reportasjar. Ein av favorittane mine er den avbilda ovanfor. Den er frå nummer 6/08, og er frå eit rekkehus på Kjelsås i Oslo. Her er det svart og kvitt, plast og drivved, barneteikningar, brødskiver og design om en annen. Akkurat slik eg likar. Det første biletet i innlegget mitt er frå ein anna fin reportasje i eit anna nummer av Elle Interiør.
Og når me er inne på abonnement og prisar av desse. Har de lagt merke til dei varierande prisane på kampanjeprisane til BoligPluss? Inni BoligPluss ligg det alltid lause ark med ulike prisar alt etter kor mange nummer ein vil binde seg opp til. I tillegg står det også eigne annonser inni sjølv magasinet, men då får du bladet til ein anna pris enn på dei lause lappane. Eg burde illustrert dette med bilder, men dersom du kjøper bladet har du heilt sikkert undra deg over det samme.
BoligPluss er forøvrig eit kjempekjekt blad som eg likar betre og betre, så dette er ikkje for å henge ut. Eg skjønar berre ikkje kvifor det er så vanskeleg å få til å skrive samme pris både her og der, slik at me lesarar ikkje blir så forvirra ;)
Dette vart eit langt ordrikt innlegg, og ikkje er eg ferdig heller :)
Eg får prøve å fatte meg i korthet nå.
Tusen takk for alle kommentarar på skiturbileta. Eg prøver å få gjort ting åleine med alle tre ungane. Det treng ikkje vere mange minuttane, men minuttane vert utnytta til fulle. I går kom eg over ein kjempekjekk blogg (
OrigamiMommy), og inni der fekk eg tips til denne nåleputa eg og Alma laga i går kveld. Ein bruskork, band frå
TAMO, litt stappevatt og fint stoff. Det heile limt på plass med limpistol (minifeen som tilskuar), og vips så var nåleputa eller kaka som Alma kalla den for ferdig. At eg ikkje såg det sjølv, dette er jo perfekte småkaker til leikekjøkkenet :)
Om du framleis heng med, men er i ferd med å sovne over dette ordrike innlegget mitt, så sperrar du nok augene opp og vaknar til live nå. Ha ha, me har ledd i dagesvis her i huset. I den kjekke pakken frå Vibeke i Nord, kom også desse fantastiske gamle strikkeblada. Masse kjekke oppskrifter som eg garantert skal prøve meg på. Men masse løye også.
Eg truar Herr Fe med at eg skal strikke badebukse til han. Og badedrakt til meg. He he he. Det skulle tatt seg ut.
Ler meg ihjel av dette bildet under. Det viser meg og Herr Fe i ungdommen. Den gong me nyforelska reiste på skiferie til Alpene ;)
Ha ei fortreffeleg flott helg!!