onsdag, juni 16, 2010

Kakebokssamling i vekst


God morgon der ute :)
Her vart det stille eit par dagar, men det er travle dagar i juni med avslutningar både her og der. I dag tenkte eg at de skal få sjå siste tilskudd i kakebokssamlinga mi. Den turkise frå IRA har eg vist før - elskar den framleis.


Begge dei nye "gamle" er funne på mine sonderingsrundaar på Fretex. Den med epler på fann eg for nokre månadar sidan, og den med gult på for nokre veker sidan. Epleboksen har eit bulkete lokk, men eg syns mønsteret var så fantastisk fint at eg kjøpte den uansett. Den med med gule hjerter og blomstrar på er i perfekt stand. Jippi!

Eg elskar kakeboksar, sjølv om dei er tomme for kaker 99% av tida her i huset. Det er utsjåanden og ikkje innsida som tel i dette tilfellet :)
Nå skal eg straks lage pannekakerøre til eldstemann og ein kompis kjem frå skulen. Eg skal på lunsj og galleribesøk med alle frå jobben. Sola skin og dette ser ut til å bli ein super dag!

Ha ein flott onsdag, klem frå Linda

søndag, juni 13, 2010

Hærverk...

Sjå kva vesle mollemor har gjort med favorittbuksa mi i et par ubevokta sekund. Ja, altså ikkje med ein av mine bukser, men med den buksa ho har som mammo likar best :) Ei bukse frå Aya Naya, eit av mine favorittmerker i jenteklær.

Ho elskar vere med meg når eg syr, og ein sjeldan gong får ho lov til å klippe små stoffrestar i småbitar, sidan ho er veldig flink med saks. Ein dag var det visst mykje meir spennande å gå laus på buksa, enn på dei tildelte stoffbitane. Heldigvis visste eg råd, og i dag hadde eg meg eit raid på føremiddagen der eg fiksa både denne buksa, og mange andre plagg med hull og rakna saumar. Ååå, så god samvittigheit eg får av slikt arbeide ;)

Eg sparar strykemerkene til andre prosjekt, og sydde på ein fluesopp som skjular det meste.


Ein bitteliten slitt flekk på kneet vart skjult av eit eplemerke frå Stoff og Stil. Med enkle grep vart buksa fin som ny, og kan brukast enno nokre månadar før ho treng ny :) Herleg.

Eplabutikken vart oppdatert i formiddag, og til mi store overrasking er alle putetrekka på veg til nye eigarar. Tusen takk for at de likar tinga eg/me lagar så godt :) Lavendelsoppar, eit veggelefantsett og eit veggsoppsett finst framleis i butikken for dei som er intressert.

Soppestoffet på bildet over er frå Tamo, det lilla med små kvite blomstrar frå Stoff og Stil, det stripete frå Panduro og resten er gjenbruksstoff.

Då var søndagskvelden her, og førebuingar for siste innspurt før ferien brakar laus er i gong. Matboksane står klare på kjøkkenbenken, halvfulle vannflasker er plassert i frysaren og eg skal straks slenge beina høgt og lese dagens Dagbladet. At bloggen min er Ukens Blogg i Søndagsmagasinet er knallkjekt for meg.

Ynskjer alle som er innom ein finfin søndagskveld, og ei god kommande juniveke!
klem frå Linda

Heilt på tampen...


Ja, dette vart på tampen...klokka har passert midnatt og dagens innlegg vart litt i seinaste laget, he he. Men slik er det når mammo sovnar saman med ungane ein regnfull og vindfull laurdagskveld :)


Enkelte ting eg lagar er ting eg har planlagt i åresvis. Og det er SÅÅÅ godt når eg får det gjort, og kan fjerne tingen frå lista av uferdige prosjekt frå bakerst i hjernen. Som slike bordbrikker som denne. Dette er den første som er ferdig, og er sydd av stoffstrimler eg har klipt av rundt kantane på putene eg har sydd dei siste dagane. Idèen er at eg skal sy fleire slike brikker i forskjellige fargetonar etterkvart som eg har ulike prosjekt på tapeten. Til slutt skal me etter planen ha ein stabel av fargeglade bordbrikkar i hus.  Det blir bra, trur eg :)

Nå kom eg plutseleg på at det var ei som lurte på kor eg har kjøpt dei turkise tallerkane, og det er på Living. Eg kjøpte dei for ganske lenge sidan til full pris, men i det siste har dei blitt solgt til 15 kr per del (har middagstallerkar, frokosttallerkar og skåler).


Tre puter er ferdige, mange soppar er halvferdige, og Herr Fe legg siste finpussen på nokre elefantar. I morgon vert Epla-butikken oppdatert :)


Nå skal eg krype tilbake i draumeland.
Ha ein flott søndag i morgon.
Klem frå Linda

fredag, juni 11, 2010

I love Lilla og lys blå/lys turkis


Fredagar er min favorittdag etter søndagar. Som oftast er huset ganske reint, for så sant eg har mulighet vert helgevasken tatt på torsdagar. Kjøleskapet er fyllt opp, og eg gledar meg til at små og store fear skal vere masse saman og ta ting på sparket.


I ettermiddag fekk eg sydd litt nytt i favorittfargekombinasjonen min for tida, nemleg lilla og lys blå/lys turkis. To putetrekk eg ferdige, og vert sannsynlegvis grundig fotodokumentert i morgon.
Med regnet som kom i dag boblar kreativiteten og lysta til å kose seg inne. I kveld skal eg derfor date Elna på kjøkkenet, medan Herr Fe kosar seg med VM i fotball.


Eplabutikken er så tom for tida, og eg har lyst til å pøse på med sydde ting.



Avslutningsvis treng eg nokre tips av dåko. Om nokre veker skal eg og småfeane på Sørlandsferie med mamma. Kor bør me reise?  Eg har lyst til å besøke Sogndalsstrand, og Dyreparken med nyåpna badeanlegg. Men treng fleire tips til ting som er verdt å sjå, og kjekt å oppleve for store og små. Eg håpar de har mange kjekke ferietips til oss, både når det gjeld attraksjonar, overnatting osv.

Ynskjer alle som er innom ein fin fredagskveld og ei god helg!


torsdag, juni 10, 2010

Nyprodusert

Tusen takk for all respons på leikehytta. Kjekt at så mange andre også likar den og trur det vert fint. Barnsleg som eg er, så klarar eg knapt vente, he he.

I formiddag har eg hatt meg nokre timar bak symaskina. Denne veska med bambi applikert på vart ferdig. Eg syns det er trist at eg ikkje rekk lage så masse til ungane som eg ynskjer. Eg skunda meg å sy saman eit nytt dynetrekk til dukkevogna til Alma, slik at det vart ei kjekk overraskelse for henne då ho kom heim frå barnehagen i dag,

Favorittdukka er framleis ganske glossy i ansiktet. Trultemor pleier nemleg forsyne seg av stellekremen til veslebror og smørre dukka inn. Den har derfor fått svinga seg ein omgong i vaskemaskinen utan at alt forsvann. Om eg ikkje rekk lage så masse til dei små, så har heldigvis  Alma ei fantastisk kjekk mormor som har strikka nydelege dukkeklær til henne. Klærne er strikka til ei større dukke, men denne vesle dukka er favoritten og om klærne sleng litt her og der, så plagar det verken dukka eller Alma :) PS! Mamma om du les dette: nei, eg har framleis ikkje brodert blomstrar på jakka...*flau*.


Dei nydelege stoffa med bambiar på får du tak i hjå TAMO. Herleg kvalitet og som eg har sagt før: eg syns det er så kjekt å endeleg kunne få tak i japanske stoff i Norge. Love it :)

Etter å ha slumra inne det meste av ettermiddagen skal me ut ein tur nå.
Ha ein flott torsdagskveld du også.

Klem frå Linda og gjengen

onsdag, juni 09, 2010

Endeleg fann eg det perfekte lekehuset


Kvar vår og forsommar pleier eg skrive i bloggen om alskens små lekehus, og mangel på desse. Eg har liksom ikkje funne nokon som fell i smak, bortsett frå nokre danske favorittar. Men nå er eg i mål. Då eg kom over dette lekehuset frå RKC fall eg pladask, og huset er allereie bestilt.

Eg trur huset passar perfekt inn til huset vårt, i hagen vår, og at det vert knallfint med litt dekorering her og der. Ironisk nok er namnet på huset: Lekehuset Linda :) Huset forhandlast av Montèr, Maxbo, Sommerbutikken og fleire. Tippar at småfeane kjem til å få mange kjekke stunder i huset. Og eg garanterer at de får delta på framgongen, både med oppsetjing, dekorering etc etc.

Pappa bygde lekehus til meg i hagen heime på Halsnøy då eg var liten. Eg trur hytta mi var i bruk kvar einaste dag i mange år. Ja, eg og vennene mine overnatta faktisk i den ein gong også. Eg hugsar me vakna av skumle tuslelydar utfor, og så var det berre eit pinnsvin som var ute på nattetokt. Sukk, håpar småfeane får like gode barndomsminner som eg har :)

På grunn av ein nydeleg sommardag som har vore tilbragt utandørs, er det mangel på heimetekne bilder i dag. Men eg kjem sterkare tilbake. Kanskje allereie i morgon. Symaskinen er nemleg framme i kveld.

Men nå er det på tide med litt skjønnheitssøvn her.
Ha ei god natt, så bloggast me i morgon :) Klem frå Linda

tirsdag, juni 08, 2010

Plastic Fantastic in da House

Takka vera alle dåko skjønne som var så snille å stemme på bidraget mitt i NIB si påskepyntutfordring, fekk eg denne herlege pakken i posten hjå Sweet Memories i dag. Tusen takk til dåko alle :)

Fantastisk fine skåler, og fargevalet var midt i blinken for jentene i huset og den snille nabojenta ;) Eg anbefalar alle som ikkje allereie har slike boller i hus å sikre seg eit sett. Har du eit sett frå før, så kjøp deg eit til :) Eg har nemleg bollesettet frå RICE i ei anna fargeblanding frå før, og eg overdriv ikkje når eg seier at det er i bruk kvar einaste dag her i huset.

Det vert brukt til alt frå pannekakerøre (praktisk å sette på lokket og spare litt røre til neste dag), til salat, til godteri (uknuseleg og perfekt for dei små), til middagsrestar osv osv. Geniale skåler med andre ord.

Sweet Memories er ein butikk heilt i mi ånd. Herlighet, sjekk desse eplebrikkene,  denne puta er herleg, denne radioen på ønskelista, og denne vimpelrekka MÅÅÅ eg berre ha meg :) Bloggen til Monja som driv butikken er heilt herleg, og eg anbefaler deg å ta turen innom :)


Nye og gamle skåler i skjønn forening i kjendisskapet, som Emmeline kalla det då ho var her ;)

Knallfin innpakning med buttons og greier og greier, slikt likar eg. Tusen hjertelig takk, Monja :)


Nå er straks siste sett med veggelefantar på plass i Epla-butikken. Det er like før me tar ferie, men ynskjer du bestille deg eit sett kan du sende meg ein e-post, så fiksar me det før ferien tar til :)

Ynskjer deg ein flott tirsdagskveld, klem frå Linda


PS... Til anonym som ikkje kjende igjen strandnellikane mine. Jo, det er strandnellikar/fjærekoll me har i eggeglasset ;) Men det er med blomster som med masse anna: det me kallar for strandnellikar har kanskje eit anna navn der du bur.

mandag, juni 07, 2010

Sommarsesongen er offisielt opna

Nydlege strandnellikar i eit gammalt eggeglass på kjøkkenet...


Lattermilde ungar i badebassenget i hagen...


Sjokolademilkshake (vaniljeis, melk og O'boy) i glass med fargerike sugerøyr på terassen...

Måtte årets sommar bli den beste!

Ha ein fin kveld der ute :)

søndag, juni 06, 2010

Emmeline og Bodil BO på terassen


I dag har eg jammen kosa meg. Emmeline er i byen for å gå på Whitney Houston konsert i kveld, og i dag kom ho på kaffeslabberas på terassen vår. Bodil Bo og familien har vore i Kristiansand i helga, og svinga innom på veg heim. BO-familien var her på lunsj på torsdag, så dagens besøk var ein kjempekjekk overraskelse. Me fekk oss ei kjekke pratetid på terassen medan ungane leika rundt oss. Herleg. Tusen takk for skamkjekt besøk jenter :)

Eg serverte rabarbrapai, vaniljekrem og brownies ++. Det artigaste var då eg skulle finne fram til oppskrifta på paien. Eg visste at eg hadde blogga den ein gong og googla derfor "Den gode feen rabarbrapai". Trur de eg fann innlegget mitt? Neidadu, det har eg sikkert sletta, men eg fann fram til Hildes strikkeri-hekleri-hurra (som forøvrig er ein kjempekjekk blogg). Hilde har heldigvis spart på oppskrifta eg ein gong blogga. Heilt supert Hilde, eg tok meg den frihet å sakse frå bloggen din ;) 
Nå klarer jeg ikke finne oppskriften i bloggen til Den Gode Feen, så jeg tillater meg å skrive den ned her:


Skyll av rabarbraen og kutt opp i ca. 2 cm store biter (Eg pleier dra av det ytterste laget på stilkane). Bruk så mye rabarbra at du dekker bunnen av ei ildfast form. Strø et par spiseskjeer sukker over.

Bland til en smuldremasse (eg pleier doble eller tredoble denne oppskrifta):


1,5 dl havregryn (du verden så god samvittighet man får av denne kaka…)
1,5 dl hvetemel
100 gram smelta smør
1 dl sukker

Fordel smuldredeigen over frukten. Stek på 180 grader i ca. 30 minutter. Serveres for eksempel med vaniljeis, og er også veldig god dagen etter.

Ei utruleg enkel og god kake :)


Clas Ohlson er ein butikk eg med jamne mellomrom er innom for å kjøpe malekostar, rammer og akrylmasse og slikt. Innimellom skjuler det seg ein del skattar der. Det prikkete serveringsbrettet har eg blogga før, men i går fann eg desse små skjærefjølene i rosa og turkis til 19 kr per stykk. Det heile passar super saman med RICE og andre melaminprodukt. Kjekt, fargerikt og fresht.

Ein herleg søndag går mot slutten. Håpar du som er innom også har hatt ei flott helg. Ha ein fin kveld, klem frå Linda

Oppdatering: Eg har fått godkjenning frå Krabbelure om å lenke til dette fantastiske innlegget. Ta turen inn til henne og NYT bildene frå den fantastiske hagefesten ho har hatt. Eg vart direkte lamslått over dei fine blomsterkransane, stemningen og dei nydelege bileta.

lørdag, juni 05, 2010

Bestillingsverk

Først og fremst må eg takke så utruleg masse for alle herlege kommentarar og støtteerklæringar som har kome i forbindelse med dei siste dagars mediestunt. Eg er rørt og ydmjuk og glad, og aldri så lite stolt. Gudane veit korleis resultatet vert når ein stiller seg fram, og eg fekk knapt sove natt til fredag. Korleis var bileta, og aller verst: korleis i himmelens namn såg eg ut? Eg som ikkje rakk fikse meg og stod i siste liten og hoppa framfor klesskapet for eg ante ikkje kva eg skulle ha på meg, he he. Heldigvis gjekk det ikkje sånn borti granskauen, sjølv om eg syns eg såg rar ut på bileta. Men pytt pytt som Alma seier.


Eg elskar barneteikningar, og eg elskar uttrykket på ansikta i streken til eldstemann om dagen. Han fekk derfor ei bestilling hjå meg. "Kan du være så snill å teikne eit ark fullt av fjes til meg?" Joda, det kunne han alltids. Men undervegs syns han visst det vart veldig kjedeleg, stakkars ;) Kunstverket tok derfor noko tid å få ferdigstilt. Men den som ventar på noko godt.... Og som ein bonus, så teikna plutseleg Alma eit fjes ho også, he he. Ho som helst teiknar edderkoppar, trapper og krusedullar slo til med sitt første ansikt. Hurra.



Eg ramma begge kunstverka inn, og nå prydar dei stoveveggen i svarte rammer frå Clas Ohlson.  Herleg.


Ein stolt kunstnar med svarte føtter. Deilig med streikefri, sommartempraturar (iallefall i le) og barbeinte tær i graset for ein 7-åring :)


Eg skal straks fram med malekosten og male lista under døra på bileta over. Blir sprø av at eg til stadigheit gløymer det, og berre ser elendigheten på bilder. Så nå skal den til pers. Ha ein flott laurdagskveld du også!

Stor klem frå Linda

fredag, juni 04, 2010

Fredagslektyre: Den gode feen i Stavanger Aftenblad

Tilfeldighetane gjer at eg figurerer i media to dagar på rad, eg lovar at dette ikkje vert ein vane *tihi*... Eg pleier konsekvent takke fint nei til alle forespørslar om heime-hos-reportasjar, men den frå Stavanger Aftenblad takka eg ja til.

I kampens hete, og i stresset som alltid oppstår like før journalisten og fotografen entra huset, innsåg eg kvifor eg alltid takkar nei til slikt. Det er umulig å ha det strigla med tre små barn, ein forvirra fe og ein koseleg mann i hus. Heldigvis måtte fotografen leite etter parkeringsplass slik at eg rakk slenge på meg mascara før det braka laus, he he.


Det heile vart heldigvis ein koseleg seanse, og reportasjen kan du lese i sin heilhet her. God fornøyelse :)


Ha ein superduper fredag og ei flott helg.
We're at the beach ;)
Klem frå Linda

torsdag, juni 03, 2010

Kjendisfaktoren er høgare enn normalt


Som fleire har oppdaga er eg å finne i Dagbladets nettavis i dag. Her har eg saksa litt info frå Dagbladet:
Hver måned framover presenterer Dagbladets søndagsmagasin fire av Norges aller beste interiørblogger. Du kan stemme på din favoritt og være med å kåre en vinner som går videre til finalen. En jury skal krone bloggeren som får tittelen Norges beste interiørblogg 2010. Konkurransen er arrangert av Dagbladet SØNDAG i samarbeid med interiørkjeden Kulør.

Saman med Avdelingen, Briggs Lekehus og Flittig Lise (ikkje Flittiglisene) er altså bloggen min nominert for Juni. Det er jo utruleg artig å bli nominert, så har du lyst til å stemme på meg (eller ein av dei andre) så kan du trykke her.  

Eg er redd dette ikkje er min einaste opptreden i rampelyset, meir info kjem etterkvart, he he.

Ha ein fabelaktig dag der ute :)

onsdag, juni 02, 2010

Elskar epler og hjerter...









 Ja, eg er rett og slett forelska i desse matboksane frå House Doctor. Kva er det med det merket og meg?  Det er liksom love at first sight gong på gong, år etter år.








Eg er også forelska i dette überfantastiske hjertestoffet frå By Graziela. Desverre vil dei ikkje sende stoff til meg som bur utanfor Tyskland. Buhu.


ByGraziela er ei relansering av design som hadde si storheitstid på 1970-tallet. Produkta er fantastiske.


I tillegg til hjertestoffet har dei for eksempel dette fine trykket her:

Og koseleg alfabetplakat som hadde gjort seg på småfeane sine rom. Men desverre finst altså ikkje desse produkta  å finne utanfor Tyskland (så vidt meg bekjendt iallefall).


Eplestoffet frå japanske Kokka er noko av det vakraste eg veit. Trur eg er litt forelska i det også ;)

Ein liten kikk innom Tamo i dag gjorde at hjarta hoppa over eit par slag, og forelskelsen var eit faktum atter ein gong ;)
Superskjønne Kokeshidukker til oppbevaring av band og tråd... Slike måååå eg investere i for å få sjelefred.

Hjå Tamo fann eg også dette knallfine stoffet her:


Sjå på herlighetane då, er dei ikkje skjønne?


Sonny Angels har eg vore forelska i i lange tider. Dei er ein slags ny versjon av Kewpie-dukkene som omtrent har kultstatus ute i den store verda og her hjå meg (har nokon ei slik å selge til meg så dør eg :)). Eg mistenker at Sonny Angels er å få kjøpt i den fantastiske butikken til Hege, nemleg Berthas Oldebarn.


Jepp, dette var eit innlegg om litt av det hjertet banker ekstra for om dagen. På det materialistiske planet iallefall.

Ein herleg dag er overstått. Eg lasta bilen full av ungar og tok dei med meg på stranda i dag. Der har det vore vassing i sjøen, godt å ete og drikke, sandslott, glasmanetplukking, sand i augene og full fryd. Været var litt grått, men det var varmt og godt. Eg har gått rundt og trudd at det var torsdag i heile dag, og syns nesten eg får ein ekstra bonusdag sidan torsdagen først kjem i morgon.

Ha ei riktig god natt der ute :)

3 lukkelege år

Tenk at nå er det tre år sidan vår kjære gode Alma vart født.
Dagen i går vart feira med brask og barm, men dog meget spontant.
På grunn av streiken vart den planlagte feiringa på torsdag med barnehagen, framskunda til den eigentlege dagen. Nemleg i går. Heile familien Feen deltok i bursdagsfeiring i barnehagen. Me var på kafè med verdas kjekkaste onkel (ungane sin onkel altså), og avslutta det heile med terasseselskap med dei kjekke naboungane våre.

Kakene som eg liksom ville gjere så fine og forseggjorte vart berre vanlege muffinsar, he he. Men det var ei lukkeleg jente som la seg seint i går. Og lukkelege foreldre. Tenk at me er så heldige å ha den beste Alma på jord :)

I dag kosar me oss heime, eg og alle småfeane. Streik er ganske herleg når ein har permisjon :)
Ha ein flott torsdag du også

Related Posts with Thumbnails