Først og fremst: Tusen takk for overveldande respons på båtane me har laga. Både eg og sambo er lettare sjokkert og lukkelege.
Det var ikkje heilt planlagt at det skulle bli så stille her inne, men
Bodil Bo kom på besøk på mandag (og reiste i dag torsdag), så me måtte sjølvsagt gjere alt anna enn å blogge. Me har farta rundt mellom interiørbutikkar, fotooppdrag, og masse anna kjekt. Me har vore på Maries Maison, Smak, Villa Rosa, Berland Interiør og Antikk, Engler, Søstrene Grene, og mange andre stader. Har kjøpt ein del dill og dall som sikkert dukkar opp her inne etterkvart. Hjå Smak klarte eg ikkje gå ifrå denne velkomsthelsinga:

Så har eg fått ei utfordring om å fortelje litt meir om med sjølv, og her kjem svara fort og gale:
1. Hvilke 3 navn går du under?
Mamma, Lindipindi og kjære. Men som oftast berre Linda.
2. Nevn 3 ting som skremmer deg.
DØDEN med stor D. Det eg er aller mest redd er å dø frå ungane medan dei er små. Ikkje berre fordi eg ikkje vil dei skal miste mor si, men fordi eg veit kor grusomt skremmande det er å vere liten og redd for at også den andre foreldren skal dø. Rotter er skikkelig ekle og skremmande. Sånn utover det er eg ikkje så skvetten, så eg kjem ikkje på fleire ting her...
3. 3 ting du ofte har på deg, helst bruker;
Den er enkel: BH, sminke og lesebriller
4. 3 sannheter om deg selv
Eg er ei utolmodig handywoman. Eg sagar, spikrar, sveiser, borar og gjer det meste sjølv. Mitt livsmotto er: Alt går! Men helst skulle eg hatt ting gjort i går, og vert irritert om ting tar for lang tid.
Eg søv alt for lite. 5-6 timar i døgnet er ikkje nok. Eg er så trøytt at eg ikkje hugsar kva eg har gjort når helga er over, hehe. Burde absolutt sove meir, men samtidig var det alt som skulle ha vore gjort då.
Den gode feen nicket fann eg på ein gong eg skulle lage meg MSN-profil (lenge før blogging, sying og alt). Den dag i dag er eg lukkeleg glad for at eg har det nicket, fordi det passar godt til meg og til tinga eg syr.
5. Nevn 3 ting du virkelig ønsker deg.
Det er ynskjer meg mest på jord er at alle eg er glad i skal leve lenge og ikkje dø frå meg. Eg ynskjer meg også ein slank og smekker kropp, utan rynker rundt augene på grunn av alder og søvnmangel, hehe. Og så skulle eg ønske at det gjekk an å få ungar utan at dei måtte fødast. Ha ha.

Nå er det planlegging av 1 årsdag som står på tapeten. Tenk at det allerede (om nokre dagar) har gått eit år sidan vesle snuppemor vart født
Ha det godt alle saman!