Nye stoff og fargerike tekstilar er som bensin på bålet for meg, for kreativiteten boblar omtrent over.
Nå har eg fått så mange nye stoff i hus at eg kjenner at det nesten vert for mykje for ei stakkars sjel. Går jo med konstant høgt blodtrykk og hjernekjør; "Eg kan lage det, eller ein slik, og hadde ikkje det vore ein genial ting å sy?" Hi hi, neida eg taklar det fint, men blir til tider ein smule frustrert over at eg ikkje har tid til å lage noko av alle dei fine tekstilane. I kveld trur eg at eg skal droppe støvsuginga, og heller satse på ein lang date med trufaste Elna på kjøkkenbordet ;)
I førjulsgåve fekk eg dette fantastiske hjertestoffet frå By Graziela frå ei supersnill fin dame eg kjenner. I love it!!! Trur dette må bli dynetrekk og putevar til dukkesenga til Alma...pluss masse anna fint.
Hin dagen poppa det ned ein pakke i postkassa. Ganske så sjokkerandes for meg, sidan eg i grunnen har pålagt meg sjølv kjøpestopp på ting og tang, klær og leiker for tida ;)
Innpakninga gav meg snart eit hint om at eg hadde mottatt ein pakke frå Tamo. Og ganske riktig. JUHU, innehavaren av Tamo har sendt meg ei utfordring, der ho vil eg skal sy noko fint av desse stoffbitane her. Tusen hjarteleg takk; utfordring mottatt og forhåpentlegvis snart igongsett *smil*.
Eg elskar elefantstoffet og ser både det og dei andre nydelege stoffa for meg som dekorelement på klær, på putetrekk, sengetepper og små vesker og pungar. Hmmm.
Barbara, som driv Tamo, har kasta seg ut i blogglandia. Riktig velkommen til deg :) Bloggen finn du her .
Har du også lyst til å sy, men veit ikkje kva? Då skal eg tipse deg om noko som inspirerer meg utruleg mykje. Det er å gå inn på Flickr og søke på for eksempel crafting japanese, zakka, sewing og så vidare. Masse lukka til.
Ha ein superduper tirsdag, klem frå Linda




















































