Viser innlegg sortert etter relevans for søket englevinger. Sorter etter dato Vis alle innlegg
Viser innlegg sortert etter relevans for søket englevinger. Sorter etter dato Vis alle innlegg

onsdag, desember 02, 2009

Muffinsenglar


Søndagsaktiviteten her i huset var å lage englar av trekuler, englevinger og muffinsformer (!). Eg hadde lyst å finne på noko som var relativt enkelt og kjekt for alle. Alma på 2.5 knota litt, men med god hjelp klarte ho fint å lage desse.

Eg syns resultatet vart kjempefint, og viser deg framgongsmetoden om du også har lyst å lage slike.
Bildene talar for seg sjølv, men har de spørsmål så fyr laus *smil*.


Lagar to slike og set dei oppå kvarandre.


Festar ein knapp  i enden på tråden. Stikk gjennom formene frå undersida, og stikk ned igjen frå oversida og knyter enden også fast i knappen.



Klipper opp festet på englevingene, og knyter desse rundt tråden som stikk opp av muffinsformene.

Tre på trekula...

Vips, ferdig.
Med fargerike muffinsformer, fargerik tråd og andre vinger får englane eit heilt anna uttrykk. Det er det neste me skal teste ut her i huset.

Kjekt om fleire har lyst å lage slike. Eg set veldig stor pris på om de i så fall henviser til meg, då dette er min idè :) Englane våre heng i vinduet, men vert heilt sikkert kjempefine på juletreet også. Det beste av alt er at englane omtrent er gratis å lage, iallefall om ein lager vinger av papir sjølv.

Ha ein flott onsdag!

lørdag, desember 04, 2010

Englar dalar ned i skjul i år også ;)


I går kveld hadde eg juleverkstad med småfeane og ungane i nabohuset. Kjempekoseleg, og alle materialene var berre ting me hadde frå før.  Eg har tatt vare på silkepapir, glitter og dill dall i åra som har gått med tanke på slike førjulsstunder. Kjekt å få brukt opp litt.


Engleglansbildene er like dei eg hadde i barndommen, og vart kjøpt inn i fjor for å lage englar som dette. I fjor kom eg ikkje så langt, men i år slo eg til.


Dei kvite englane er kopi av nokre eg såg blant gammal julepynt til salgs på QXL. Enkelt og greit laga av kopipapir frå Clas Ohlson, glans, litt broderigarn, lim og glitter. Den rosa engelen har englevinger frå Panduro (trur det var der eg kjøpte dei ein gong).


 Nå heng englekoret i House Doctor kruna og skuar ut over heimen ;)


 I dag har me fortsatt pepperkakebaksetn frå forrige helg. Årets pepperkakehus er ferdigsteikt, og kanskje får de sjå ferdig resultat i morgon.


Det var ei søt dame frå Bergen som etterlyste bilder i dagslys av dei grå sofaene,  og desse bildene er til ære for deg, kjære :) Som de kan sjå, er det ikkje julepynta for fullt her enno, men litt sig på plass sånn litt etter litt :)


Ha ein super lørdag :) klem klem
Related Posts with Thumbnails