Heihei, endeleg har eg tid til ei lita oppdatering...
Saman med bøkene eg bestilte frå Yvestown fekk eg japansk Hello Kitty godteri og ein rosa penn med kvite prikkar. Pennen passa jo supert til dei små notatbøkene eg kjøpte på Åhlens tidlegare (kven var det som tipsa meg om dei igjen?). Supersøtt :)
Thanks a lot for the little treats, Yvestown! 
Som de veit så er eg til stadighet på jakt etter kjøkkenutstyr som passar til KitchenAid maskina. Eg har derfor kjøpt meg eit fargerikt melaminbollesett og melaminkrus frå Rice. Eg bestilte varene hos Mollys Heaven.

Vart ikkje dette fargerikt og sprekt så veit ikkje eg :) Det skal ikkje stå stabla slik til vanleg altså, men til ære for fotografen og dåko som les bloggen går alt.

Det lukta herleg då pakken vart opna - i tillegg til lavendelskrubbesåpa eg kjøpte, så hadde Molly lagt oppi ei skjønn lita såpe, eit fint magnetskilt og ei skjønn klesklype. Tusen takk for det,
Molly :)

Veit de kva eg har gjort i dag? Joda, eg har holdt 10 foredrag/presentasjonar om kvifor realfag er viktig og kva eg gjer i jobben min. Publikumet var meir eller mindre engasjerte 10'klassingar frå Stavanger og omegn. Det er ikkje verdas lettaste jobb å få 10'klassingar engasjerte og entusiastiske og eg var dødssliten då arbeidsdagen var slutt. Glad eg aldri vart lærar, og all respekt til alle flinke lærarar der ute som gjer ein kjempegod jobb. Berre hugs å legge vekt på realfag ;)
Nå er ungane i seng og symaskina står framme. Ha ein fin kveld, eg er tilbake i morgon :)