Den heldige vinnaren av gavekortet frå Sam og Sofie vart søte Marten med bloggen Strikktakk.
Eg gjorde det enkelt og brukte Random.org til denne trekninga, og fekk altså opp nummeret 22, då eg spurte etter eit tilfeldig tall mellom 1 og 118. Marten skreiv kommentar 22 og her er det ho skreiv:
Her var det utrolig mye fint å velge mellom! Det hadde kanskje blitt en lilla fløyelstopp fra Tina Wodstrup til lille snuppa :D
Ellers syns eg faktisk at det var veldig trist at gleda over å skulle arrangere ein give away skulle bli oppfatta som om eg støttar grusom pelsoppdrett. Kjære Trine (som har lagt igjen heile fire kommentarar over kor skuffa ho er over meg) du får sende meg ein e-post dersom du har meir på hjerta. Dette var ikkje meint som noko reklameinnlegg, eller som ein kampanje for JA TIL PELS. Men ein give away fordi eg hadde lyst til å gleda nokon som var så heldige å få vinne gavekort på 500 kr.
God helg!
















































