tirsdag, november 05, 2013

10, 20...100


Som eg skreiv tidlegare i veka har me ny 1.klassing i huset denne hausten.
Eg har sagt det før og eg seier det igjen: tavlemalingen på døra frå kjøkkenet ut i bakgangen er genial. Det er ikkje det spor kjedeleg med verken matte eller bokstavøving så lenge ein skriv på tavla.

"mamma, når oppdaget dere at denne døren egentlig er en tavle?"

mandag, november 04, 2013

Flaskefyll


Nå er eg så godt i gong her, at eg slår like godt til med eit nytt innlegg igjen :)
Etter Halloween-festen hadde eg nok av tomme glassflasker (julebrusflasker er genialt til dette) til å lage eit arrangement av glassflasker med stearinlys i på spisebordet.

I gode gamle studiedagar pleidde me bruke tomme vinflasker til dette føremålet i kollektivet eg budde i den gong. Julebrusflaskene er meir estetisk gitt. Til og med når lysa er sløkte:
Julebrusflaskesamlinga er piffa opp med nokre gamle Hansa-flasker frå Bergen.

Ynskjer deg ein fin mandag!

søndag, november 03, 2013

Hallo Hallo Halloween


Hei :)
Eg er aldeles ute av bloggemodus her.
Det var så lenge sidan eg har logga på Blogger at eg hadde problem med å hugse passordet...og det har aldri skjedd før.
Men her er eg altså, brått og uventa tilbake :)
Det er ingen dramatikk bak mitt fråvere frå bloggverda. ALT er bra med meg og mine - takk for alle omsorgsfulle e-postar, meldingar og kommentarar.
Livet er berre ustyrteleg travelt. Eg jobbar ~120-150 % i leiarstilling, ungane skal bringast og hentast på fritidsaktivitetar kvar ettermiddag, og eg treng gjere andre ting enn å sitje framfor PC-skjermen (LES: husarbeide, skulle helst hatt trena, vere sosial, slappe av eller tilbake til jobb).
Enkelte har ytra ynskje om at eg offisielt skal stengje bloggen... Bloggen er hedigvis berre min, og eg har heller lyst til å glede meg over å blogge når eg har tid og lyst, enn å leggje den død.
Frøken strøken har byrja i 1.klasse sidan sist, og i går hadde me invitert elleve andre 1.klassingar på Halloween-fest. Eg sjølv er ikkje sånn superbegeistra for Halloween, men her er det berre å gje seg over og innsjå at Halloween er komen til landet for å bli verandes.

Midt under festførebuingane fekk eg akutt bloggebehov, og det er derfor eg er på banen i dag. Dei fleste bileta er imidlertid tekne dagen derpå, som den oppmerksomme vil leggje merke til.

Dekoren til festen er enkel. Idèane fann eg på geniale Pinterest. Over bordet heng kvite ballongar med pålimte auger av svart kartong. Over ballongane har eg klipt og rive opp nokre gardiner frå forrige århundre. På bordet står mindre spøkelsevariantar som er laga av vattkuler, grillspyd og gasbind (frå apoteket).

Ha ein fortsatt fin søndag der ute. Her er det kakebakst, julekulepynting (!) og brodering (må få opp farten på bunaden) i ein god miks.

Tudelu :)

mandag, juni 10, 2013

Glimt


Nokre glimt frå kjøkkenet - tekne i helga då rommet var reint og ryddig.

10. juni er bursdagen til kjære Bodil. Stikk innom henne og gje henne ein klem :)

Ha ein finfin mandagskveld !!

søndag, juni 09, 2013

Kontrastar

Store kontrastar.
Skuret over er eit av favorittbygningane mine.
Skuret i neset på mormors øy.
Huset nedanfor er også ein av favorittbygningane mine.
Huset til ein kollega på Gausel.
Skuret er ikkje for sal.
Huset derimot er for sal, og du kan kikke meir på det her:

Ynskjer deg ein fin søndagskveld :)
Tudelu

torsdag, juni 06, 2013

Tendens


I kveld har eg lyst å vise deg glimt frå det herlege magasinet TENDENS.
Bileta mine yt ikkje magasinet rettferdigheit. anbefalar deg derfor å stikke innom bloggen til magasinet og nyt og bli inspirert :)


Ha ein finfin fredag i morgon!
Klem frå Linda

mandag, mai 27, 2013

Fine ting

Corokia er framleis favorittplanta.
Lukkeleg over å finne den i utvalet til Plantasjen i går.

På bildet over ser du siste innkjøp på juggelfronten. Knalltøffe armbånd i skinn med magnetlås.
Bling bling.
Hugsar ikkje namnet på merket, men kan det vere Dansk smykkedesign eller noko i den duren mon tru?
 
Ha ein flott mandag.
Tudeluuuu :)

søndag, mai 26, 2013

Hagehelg





Mesteparten av denne helga har blitt tilbrakt i hagen vår.
Det eine fører som vanleg til det andre.
Fredag ettermiddag vart leikehytta omsider heisa frå framsida av huset til baksida.
For den som hugsar godt vart heile bakhagen vår gravd opp i samband med at vannrøyra inn til huset sprakk... Og leikehytta vart den gong då flytta til framhagen, men den passa absolutt best i bakhagen. så nå er den heldigvis på plass der den høyrer heime. 
 
Flytting av leikehytta genererte uante mengder arbeid resten av helga.
Alt frå vasking av små leikekoppar, nedleggjing av heller i grusen, maling av hytta (nytt strøk svartmaling), vasking av terassen, maling av bod, maling av plantebord, såing av plenfrø og så vidare. Og så vidare.
 
Nå er det beina på bordet og laptop'en i fanget.
Ha ei flott kommande veke!
 
PS! Holdt nesten på å gløyme det....men grønnmalingen eg viste for ei tid sidan er brukt til å male hagemøblane de ser på første bilete :)
 


onsdag, mai 22, 2013

Brillefint


 
Du og du kor mykje løye ein kan ha det med fem gamle brillepar.
Her er mormors briller frå både 50-talet, 60-talet, 70-talet og 80-talet.
Eg pleide tulle meg ved å iføre meg hennar gamle briller som lita.
Nå er det kjekt å sjå at mine småtroll gledar seg over det samme. 
 
Før var synet mitt fullstendig annleis enn det er i dag. Som lita vart eg svimmel av mormors briller, og følte golvet kom i mot meg. Nå derimot passar brillene perfekt. Synet mitt er nesten betre gjennom hennar briller enn det er gjennom mine eigne... Somme av brillene er så styggfine at dei nesten er tøffe, he he he.
 
 Ha ein brillefin dag B)

tirsdag, mai 21, 2013

N O R L I E

Vel heime igjen frå pinsehelg i Sunnfjord var det kjekt å komme heim til pakke i posten.
For nokre veker sidan fekk eg spørsmål om å teste ut Norlie.dk sin nettbutikk.
Gutane fekk like genserar, og til Alma kjøpte eg denne kjolen.
Her er nokre bilete av eldstemann i den knallfine genseren hans. Mammo diggar striper, og dei gule lappane på albogane er jo berre prikken over i'en :)

La du merke til den knallfine "potta" me har i gangen nå?
Uti hagen står ein kuleforma buksbom og ventar på å bli planta oppi denne. "Potta" er frå House Doctor", og eg har ønska meg ei slik i maaaaange år. Forrige helg slo eg til og kjøpte denne i gåve til meg sjølv og inngangspartiet vårt :)
De skal få sjå bilete av ferdig, men de veit: det eine fører til det andre... Staseleg potte på trammen treng fin gatestein å stå på.
Eg har nemleg følgjande planar for hagen i år:
# gamal gatestein skal bytast ut med ny
# hytta skal heisast til bakhagen
# støype større trapp
# skiferleggje trappa
# ny port

Når dette er ferdig skal de få sjå buksbom'en på plass i potta :)

Ha ein super tirsdagskveld!

søndag, mai 19, 2013

Nostalgia


Pinsehelg i mormors hus.
Sola skin frå skyfri himmel.
Vaksne og ungar spring rundt med bare skuldre og knær.
Atløy er ein fredfull plass å vere.
Full av barndomsminne.

Eg deler nokre nostalgiske glimt med deg i dag.
Tida står nemleg omtrent stille i dette huset.
Takk og lov for det :)
Her finn du eit innlegg frå 2011, då delar av sommarferien vart tilbrakt her.

Ha ei finfin pinsehelg forhåpentlegvis i solstråler

mandag, april 29, 2013

Nymalt

Somme helger varer liksom lengre enn andre.
Somme helger får ein gjort meir enn ein skulle tru då ein fredag ettermiddag kjem sliten og trøytt heim etter endt arbeidsveke.
Denne helga har vore ei slik god og effektiv lang helg.
Eg har svinga malingspensel og rulle over kjøkken- og gang-golv. Og jammen santen var det både tid og ein stor nok skvett maling igjen til også å sveipe over skapdører, benkeplate og bordplate i same slengen. Eg verkeleg ELSKAR nymalte og reine flater.
Denne gongen var det LADY Supreme i glansglad 80 eg heller motvillig malte med. Motvillig i utgangspunktet, fordi: etter å ha levd med malte golv i ein mannsalder har eg testa ut mange ulike typar golvmaling. Konklusjonen er at OXAN golvmaling (oljebasert) er den som varer absolutt lengst og er mest slitesterk. Til mi store bekymring er denne malingen nå på veg ut av sortementet, og var ikkje å få tak i. Så nå får me sjå om LADY Supreme klarar levere i den harde konkurransen :) Så langt er førsteinntrykket svært positivt.
 Denne malingen er innkjøpt til neste prosjekt, gledar meg til å vise fram ferdig resultat her i bloggen.

Masse (aaaalt for masse) god mat har det også blitt tid til å lage og nyte. Heimelaga lasagne og kraterboller er nokre av godsakene me stappa i oss. Det vart såpassa til utskeiingar i løpet av helga at eg ikkje våga meg oppå baderomsvekta i dag tidleg. Det får eg heller ta i morgon...he he he - er godt med alt som kan utsetjast også.
 
 Ha ei flott veke der ute, håpar du har hatt ei fin helg også!
Related Posts with Thumbnails