Det gamle strykebrettet mitt har fått ei ny ungdomstid med nytt trekk sidan sist. Hjartestoffet frå By Graziela er råfint syns eg, og nå vert eg rett og slett i godt humør av å sjå på brettet som heng på veggen i bakgangen. Oppussing og slikt frå bakgangen vår kan de for øvrig lese om i dette innlegget her: Bakgangen vår.
I bakgangen vert mykje av det kreative rotet mitt oppbevart. Papir og tapetrullar heng i vesker på veggen, stoffrestar ligg i korger, og i hyllene er det boksar og esker med knappar, nåler og sytråd. Strykebrettet vart i si tid kjøpt på eit lagersalg hjå Hotel Norge i Bergen for 10-15 kr. Dette er haugevis av år sidan nå, men eg har både strykebrettet og dei gamle hotelgardinene og kaffikoppane intakte enno. Strykebrettet har imidlertid blitt oppussa nokre gonger, og nå sist altså med oransje hjartestoff.
Å sy nytt trekk til strykebrett er utruleg lett og tar sånn cirka 10 minutt. Legg strykebrettet med strykeflata over stoffet du vil bruke. Klipp ut stoffet cirka 7 cm utfor kanten av brettet. Brett kanten inn ca 3.5 cm og sy løpegang. La 10 cm på den beine kortenden av strykebrettet vere åpen. Tre så ein lang hyssing inn i løpegangen, og sy deretter den 10 cm lange opningen litt mindre. Legg trekket på strykebrettet. Stram til rundt strykebrettet og knyt ein stram knute på hyssingen. Vips fiks ferdig strykebrett med nytt trekk. Dersom strykebrettet ditt er som mitt var: veldig tynnslitt og slitent i skumlaget, så kan du legge eit lag med platevatt under det nye trekket.
Akkurat nå irriterer det meg at eg ikkje snudde mønsteret på stoffet slik at hjertene står riktig veg når brettet heng på veggen, men pytt pytt, det får eg tenke på neste gong.
Ynskjer deg ein god søndag :)
Lap og broder på fin strik – Nyt video-kursus i shoppen
for én uke siden