Det er rart kor bloggelysta svingar frå dag til dag. Bloggelysta heng ofte saman med fotografering hjå meg. Har eg ikkje fotografert nye bilete har eg liksom ingenting å blogga om. Nå tok eg ein kikk i fotoarkviet frå Juni, og kom på ein ting eg ikkje har bloggifisert som planlagt.
I garnkorga ligg påbegynte og planlagte prosjekt og ropar om merksemd. Det kvite i bakgrunnen er arangenseren eg har lova at sonen skal få til hausten. I framgrunnen garn frå 123Knit som eg skal bruke til å lage teppe av. Trur eg.

Vart nemleg så vanvittig inspirert av hexagonruteteppet
Moonstitches hekla for ei tid sidan. Ho har til og med ein tutorial som syner korleis ein heklar kvar heaxgon saman etterkvart.

Så tenkjer ein ikkje på alle trådane som må festast... Trur eg skal bestille meg litt meir garn først før eg går i gong. Har nemleg lyst til å ha det fargerikt og friskt :) Så gjenstår det å sjå kor mange ruter eg orkar hekle før eg går lei, hehe.

Eg har vore så heldig å fått to awardar denne veka!! Tusen takk, satte veldig pris på begge to!
Først ut var
Therese i bloggen Min verden med å gje meg Sweet home blogger awarden. Eg vart kjempeglad. Og nå vil eg gje awarden vidare nokon av dei eg tykkjer har det kjempekoseleg:
Emmeline som har det finaste huset på Landås
Bodil som har det kjempekoseleg og eit kjøkken eg gledar meg til å sjå "live"
Karna som er i ferd med å få den finaste hagen i Hordaland
Huset i hagen som har det finaste barnerommet eg har sett
Amor Vincit Omnia som har eit nydeleg kjøkken og knallfin blogg

Og frå Lises fekk eg denne kjekke awarden, og skal vidare utnevne 5 bloggar "that makes my day"

Forutan dei eg nominerte i forrige award vert det:
Annette som syr dei herlegaste skapningane og er kjempekreativ!
Katarina som gjer oss litt innblikk av livet i København
Hobbyhuset som tryllar med strikkepinnane.
Marie Friis som har hatt heile barnehagen på besøk i den fine hagen i dag
PrinsesseElin som er enno meir energisk enn meg
Jøss, så vart det eit blogginnlegg likevel dette då. Eg hadde jo liksom ingenting på hjerta, trudde eg. Nå får eg ei matbestilling frå Ektorpen, og må kokkelere litt på kjøkkenet ;)
Tudelu så lenge