fredag, mai 23, 2008

Ein oransje fredag

Eg likar i grunnen ikkje oransje. Har aldri gjort det. Verken på klede eller i interiør. Men i dag har eg altså kjøpt meg eit forklede på Fretex. Og eg diggar det, trass i at det er oransje. Er ikkje dette sommarsleg og fint. Det var faktisk så fint at eg vurderte å ha det på då eg gjekk ut for å klippe hekken i formiddag. Hehe. Eg tok det ikkje på altså.

I stadan skal eg ha det på meg, når eg ein vakker dag skal setje meg ned med CD-mappa mi...

...og høyre på lydbokvarianten av ei av våre bøker med oransje omslag *glis*. Her likar me at alt matchar, ikkje sant?

CD-mappa kjøpte eg forresten også på dagens svipp-innom-Fretex-tur. Den er av merket Prôpagânda og kostar nok betrakteleg meir enn 10 kr i andre butikkar. CD-mappa er ubrukt og kul. Tykkjer eg. Trass i at Mr P (han som heng i glidlåsen) bit i ein oransje dings.

God helg!!

9 kommentarer:

Christina Mari sa...

Kjempe fin cdveske.

Ønske dæ ei fin helg!
:)

[morgrethe] sa...

Er det ikke tunga da?? Au..

Liker å titte innom deg, selv om jeg ikke er flink til å legge igjen kommentarer. Ha ei flott helg med ditt orange forkle:o)

Rosa sa...

Den CD'mappa var stygg-kul! :) Og jau, eg trur nok Mr P har piercing i tunga...

God helg til deg og dine!

Den gode feen sa...

Hahaha. Klart de har rett. Han har glidlåspiercing i tunga :) Og så vart eg veldig usikker på om eg har skrive oransje riktig. Jaja, de skjønar det nå uansett :)

Den gode feen sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Emmeline sa...

oransje orange orrrasjææ ordrangere

D ser rett ut. slank dame med stilig forkle må jeg få si. ligger her og taster med en finger derfor ble det litt rart gitt......

Prinsesse Elin sa...

Er innom for å ønske deg en fin fin lørdag og ei flott helg. Klem fra Elin:O)

Strikkelise sa...

Auuu! Tenk, hver gang du drar i glidelåsen, blir tunga hans litt lenger. :p
Lekkert forkle!
Her er det sykdom i heimen, så postforsendelsen blir noe forsinket.

Nette sa...

Knalltøft forkle! Flirer av dine problemer med å finne på overskrifter...akkurat likens her du:)

Related Posts with Thumbnails