For nokre dagar sidan fekk eg ei utfordring frå
Bodil Bo om å visa den lampen eg likar best i huset og skrive om historien bak lampekjøpet. Det var jo nå eg skulle hatt BTC-lampar å vise fram. Men sidan dei kostar ca 3500 kr per stykk så trur eg ikkje det er det første eg kjem til å kjøpe meg. Desverre.
Denne lampen er ikkje den eg likar best i huset, men den er iallefall den mestfargerike og livlige me har.
I 2003 (når sønnen var 10 mnd gammal) måtte eg reise på jobbreise til Italia og vere borte frå han i 10 lange dagar. Herlighet kor eg lengta etter den vesle pluggen av ein godgut med det viltre krøllete håret, men det gjekk jo fint å vere borte frå han også. Italia er jo ikkje så aller verst å vere i. Det er ein grunn til at eg har vore der 11 gonger liksom.
På denne jobbreisa hadde me base i eit munkekloster i Venezia, og reiste rundt i området på møter og befaringar. På kveldstid var det heldigvis tid til å handle litt, og eg var lukkeleg då eg fann ein kjempekjekk leikebutikk. Ein slik butikk der dei selg skikkelege treleiker og slikt, som Sprell i Oslo og Pinocchio i Bergen. Eg fall pladask for denne lampen. Kikka på den i mange dagar, men den var veeeeldig dyr. Ein dag me var på møte i Bologna så hadde eg ti minutt åleinetid før eg skulle møte dei andre. Og der, i ein overfull krimskramsbutikk, stod ein lik lampe til berre ein brøkdel av prisen. JUHU! Slikt blir eg gira av veit du. Finne ting eg likar billig :) Lampen vart sporenstreks kjøpt og frakta heim til den vesle poden.
Den virkar slik at når lampen vert oppvarma av lyspæra, så snurrer innerdelen rundt og motivet i lampen visest på veggene og i taket på rommet. Det er nok vanskeleg på sjå på bildet, men motivet er symjande fiskar og sjøhestar. Og jammen har dei symjande fiskane vore til underhaldning for både han og fleire små gjester som har vore på overnatting hjå oss.
Nå har lampen gjort sin misjon på dette rommet. Til dagleg er den er plassert innerst i eit skap , men fekk komme fram i dagen igjen i dag. Den havnar nok snart på veslesøster sitt rom, kan eg tenke meg
Bodil er i lampemodus, så eg må utfordre tre nye til å vise fram sin favorittlampe i heimen, og då utfordrar eg:
NoralillHaustBorghildpia Nå er det førebuing til ei ny veke som står på trappene, så det gjenstår berre å sei god natt og ynskje dåko ei finfin veke!