For mange månadar sidan fekk eg ei superkoseleg henvendelse, om eg kunne tenke meg å lage nokre ting (julegåver/julepynt) til KK Julen. Jippi tenkte eg og satte i gang, og prøvde samstundes å skyve prestasjonsangsten lengst bakerst.
Her gjaldt det nemleg å halde hovudet kaldt, og finne fram juleinspirasjonen sånn midt i mai/juni. Medan ungane plaska rundt iført badebukser, la eg siste verk på ferdigsydd julepynt, he he. Eg grubla ei stund over kva tema eg ville lage ting etter, og kom fram til at soppar er jo både julete og samtidig veldig meg. Ikkje minst kan tinga fint vere heilårspynt som dei er, eller iallefall med litt andre stoffvalg og fargevalg generelt.
Veggsoppar, sydde soppar til oppheng, soppar sydd fast på gavelappar, små soppar til juletrepynt og digre soppar stappa fulle av stappevatt og ris vart produsert på kort tid. På skisseboka hadde eg også masse anna. Soppeting som ikkje er realisert. Ikkje enno ;)
Sommarferien, kombinert med tungrodd e-post-kommunikasjon gjorde at soppane og Den Gode Feen, gjekk i gløymeboka.
Nå er bladet allereie ute i handel har eg sett, men altså utan soppeinspirasjon. Like greit i grunn, eg peprar i staden dette innlegget fullt av soppar eg hadde tiltenkt bladets 120 000 lesarar. Så utruleg mykje tryggare for slike som meg som ikkje likar seg i rampelyset ;)
I går fann eg kakebildet ovanfor i eit gammalt BoligLIV, og kva passar vel ikkje betre enn ei kake pynta med kvit krem og soppar til dette innlegget her ;) Til og med fargane i bladet passar inn, hi hi.
Det mest tidkrevande prosjektet til oppdraget, var desse store soppane fulle av stappevatt og med ris i botnen.
Ikkje så tidkrevande å lage, men det vert alltid litt prøving og feiling når ein diktar mønster til ting. Faktisk så er dei enno ikkje heilt ferdige. To koppar frå Rice får duge som stilk til dei minste soppehattane, inntil dei vert ferdigstilte, ha ha. Sjå berre her:
KK Julen enda opp med å bruke mange andre fantastiske bloggarar i bladet sitt, og eg gledar meg masse til å sjå kva spennande dei har funne på. Glimt av reportasjane kan sjåast hjå somme av favorittbloggane mine;
Kaspara,
Fru Fly,
Briggs lekehus og
Fjeldborg. Glimta eg har sett har iallefall gjort til at eg MÅ skaffe meg KK Julen. Kanskje allereie i morgon ;)
God tirsdag til deg som er innom.
PS! Publisering fram i tid er og blir genialt. Medan eg var til lunsj i går, la forrige innlegg seg ut på bloggen av seg sjølv. Nå satsar eg på at det samme skjer med dette ;)