Like utanfor Stavanger ligg ein av Norges eldste steinalderbusetjingar, nemleg
Svarthola/Vistehola. Til der hadde me oss ein ettermiddags/kveldstur i går. Litt sånn på sparket, men desto kjekkare. Me satte oss i bilen med strandtur som mål. På vegen såg me skiltet til Svarthola, og der havna me altså :)
Flott haustvèr
Nydelege haustfargar
Glade ungar
Fine berg til å klatre på,
og ikkje minst blid mamma som til og med slengte seg i slengdissa (bildene frå dette er upubliserbare, he he he).
Alma hadde på seg den
knallfine Molo-dressen sin for første gong, og den passa perfekt til den superskjønne hua som mor til
Terese har strikka til henne - Tuuusen takk :)
På vegen heim tok me ein avstikkar til Ikea for å kjøpe pepperkakedeig. Det er nemleg litt av planen for denne dagen med den herlege ekstra timen....å bake årets første pepperkaker.
Ha ein fin søndag der ute!