Viser innlegg med etiketten Barneklede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barneklede. Vis alle innlegg

mandag, mai 07, 2012

Festfin Gje-Vekk


 Eg har takka ja til å halde ein super Gje-Vekk til mine kjære lesarar.
Gje-Vekk'en er sponsa av supre

Epleskrinet bugnar av herlege barneklede, og eg kjenner eg ynskjer meg alt mogeleg til mine tre etterkomarar. 

Har du ein liten ven eller ei veninne, ei lita dotter eller ein liten son som ynskjer å vinne eit valfritt plagg frå Dundelina inne hjå Epleskrinet? Akkurat i passe tid til å vere festfin før 17. mai?

Då legg du igjen ein kommentar under dette innlegget, og er automatisk med i trekninga. Skriv også kva  plagg du helst vil vinne. Oversikta finn du ved å trykke her. Anonyme er sjølvsagt også velkomne til å delta, men legg då helst ved eit namn, slik at eg kan finne deg igjen :)

Eg trekker og annonserer den heldige vinnaren på torsdag!
Til vårens kolleksjon har Dundelina Veksthus som tema. Alma har fått den skjønne Butterfly Wing-kjolen til odel og eige.  Finaste fasongen. Finaste sommarfuglvingene på ryggen (valfritt om ein vil ha desse på). Minieventyr der du bestemmer slutten sjølv og solsikkefrø fylgjer med. 
H E R L E G.


Tvi tvi i konkurransen og ha ein fin kveld der du er!

søndag, februar 05, 2012

Vintersøndag




Det beste fotolyset innandørs i laupet av året er februar/mars når det er snø ute.  Då er det max dagslys inne, og eg elskar fotografere småfeane slike dagar.

Dagens innlegg handlar om ymse, men aller mest om slitesterke barneklede som går i arv frå den eine til den andre. Gjenbruk er økonomisk, det er miljøvenleg og det er stas. Det skal bli godt å få skrive dette innlegget, for dette har eg hatt på hjarta lenge.

I alle år har eg bytelånt klede med venninner. Nett nå er for eksempel Alma sine babyklede på Halsnøy. Simon sine babyklede er på Stord hjå Bodil Bo sin vesle godklump, og like før dei havna der hadde sønnen til ein kollega av meg dei til låns. Ungane veks så fort og rekk ikkje slite dei ut. Kjekt at andre kan bruke klærne i stadan for at det ligg nedpakka på loftet, og knallkjekt å få låne klær til min eigne.

Hjå småfeane går alt som kan brukast av nestemann i arv. Samson får stort sett berre nye klede (han er eldst av ungane også i venninnegjengen/familien). Kjøper me nøytrale fargar & snitt samt klede i god kvalitet, så kan begge dei to småsøskena bruke desse.

Alle klærne småfeane har på seg i dag er frå Polarn O Pyret, og av erfaring har eg funne ut at klær derifrå er utruleg slitesterke. Samson sine er nyinnkjøpte med arvetankeprinsippet i bakhovudet, og planen er derfor at alle plagga skal brukast også av veslesøster, og kanskje særleg veslebror. Snekkerbuksa som Simon hadde på seg i dag brukte Samson dag ut og dag inn i fleire år. Alma har brukt den ofte, og nå er det altså Simon som har tatt den i bruk. Den er i største laget i str 122, men med innstramma selar og god oppbrett nede så går det veldig fint. Små kokkebollisar blir jo berre ekstra skjønne i dongerioverhallar :)









Når eg går i butikken har eg som oftast denne arvetanken i bakhovudet. Skalljakka med raude glidelåsar er også handla inn til eldstemann nettopp etter arvetankeprinsippet. Dei raude glidlåsane gjer jo at den går like fint til jenter som til gutar. Alt etter korleis tilbehøret er, kan jakka vere både jentete og gutete. Den gamle smårutete skalljakka (også PO.P) kan Alma ta i bruk til våren. Om ho mot formodning skulle nekte, så ligg den og ventar på at Simon skal bli stor nok :) Alma sine klær går i arv utanfor søskenflokken, og det er kjempestas for henne at nokon mindre prinsesser går med hennar klede.




Alma og Simon kosa seg med det gamle fiiiine fiskedamspelet mitt i dag. Eg er livredd for at dei skjøre papirfiskane skal bli øydelagde, så her måtte det heftig godsnakking til for å hindre drakamp om fiskane. Det gjekk heldigvis fint, puhh ;)




Helga er over for lengst. Samvittigheten er god. Me tilbrakte timesvis i ishallen i går, og lang tid ute i snøen i dag. Huset ser like bomba ut som fredag ettermiddag, men pytt, helga har vore fin så kva gjer vel det?

Forresten veldig kjekt at så mange ville vere med på almanakk-konkurransen. Trekning på onsdag, så heng deg med om du vil. Når eg først er inne på konkurransen, så er det veldig fint om du legg at namnet ditt også (dersom du er anonym) - slik at det går an å spore deg opp i ettertid. 
Ok, nå har eg fått utlaup for innebygd skrivetrang om gjenbruk av barneklede, så nå kjem eg til å sove godt. Korleis har du det? Lever du også etter arvetankeprinsippet mon tru?

Ha ei fin kommande veke :)

søndag, oktober 09, 2011

Lily Balou










 




Sjekk dei finfine, ja rett og slett dødsdeilige, kleda dei minste feane fekk i posten i går. Då eg fekk nyheitsbrev frå  Sam & Sofie her for nokre veker sidan  om eit nytt merke dei hadde fått inn, var eg snar med å legge Oscar-genseren og Fleur gensaren i handlekorga. For eg fall nemleg pladask for desse plagga frå Lily Balou. Eg elskar snittet, eg elskar detaljane og eg elskar velur.  Med hausten og ikkje minst vinteren på trappene, tok imidlertid fornufta overhand og eg valde å ikkje kjøpe gensarane likevel. Det er, som iallefall alle småbarnsforeldre veit, ikkje eit reint lite hogg i økonomien når tre ungar treng nye vinterdressar, regnklær, huer, vottar, ullklær, sko, cherroxar og støvlar. Prioritering må rett og slett til, og Lily Balou kreasjonane vart nedprioritert.

Men så plinga det plutseleg inn ein e-post i innboksen. Innehavaren av Sam og Sofie hadde også tenkt på meg då ho fekk inn desse kleda, og nå lurte ho på om det var ok å sende kvar sitt sett til Simon og Alma. Hipp Hurra, i går kom både gensarar og bukser og alt sat som eit skot. Tuuuusen takk!

Sjekk ut Lily Balou utvalet til Sam & Sofie her.

Ha ein fin søndagskveld :)

mandag, mai 30, 2011

Lukke i størrelse 28

Ja, lukka finst innimellom også på Plantasjen. Har de sett makan til fine tresko. Ja, til Alma altså, ikkje til meg. Eg hadde identiske i eplegrønn farge som liten. Nå har Alma jordbærraude :) 149 kroner kosta kloggene for dei som måtte lure på det :) Her og nå vurderer eg om eg rett og slett må på Plantasjen i morgon også, dei hadde nemleg knallfine blomstrete klogger til vaksne. Dei oversåg jo eg glatt då desse skjønne små raude dukka opp i synsfeltet. Med dei raude trygt i hus derimot....

Tusen takk for knallkjekke kommentarar på forrige innlegg.

Her ser det ut til å verte ein sein kveld. I morgon er det bursdagsfest, og eg har lova å lage Barbiekake. Huttemegtu kva har eg begitt meg ut på. De får følge med i morgon, så får de sikkert sjå resultatet ;)

Ha ein fin kveld, klem klem

mandag, mai 16, 2011

Er du klar?





Eg har stroke klede to helger på rad. Aldeles unormalt til meg å verre. Skulle tru eg hadde feber eller noko slikt. Men det heile skuldast at eg prøver å begrense stresset før den store dagen i morgon. Så nå heng antrekka til dei lovande små framme og liksom berre ventar på at det skal brake laus.

Simonminstemann skal ha på seg matrosdressen eller ein festdrakt etter Samson.
Alma skal ha på seg ein Tina Woodstrupkjole frå januarsalget, samt ei nydeleg jakke frå Benetton.
Samson skal ha på seg ei  bukse frå det samme januarsalget, samt ei nydeleg linskjorte frå Benetton.
Fine skal dei bli, sjølv om bunadane glimrar med sitt fråvere. Eg lova dyrt og hellig at eg skulle sy bunad til dei alle saman her eit år. Til og med fine Herr Fe skulle få bunad. Så langt har eg ikkje brodert eit sting, og med denne progressjonen burde eg kanskje starte på konfirmasjonsbunad til Alma. Då er det kanskje håp om at den er ferdig om ein 10 års tid ;)

Ynskjer dåko alle ein flott dag i morgon om de feirar tradisjonelt eller utradisjonelt. 

Hurra! Hurra! Hurra! 

onsdag, februar 16, 2011

Eit lite skotips


Eg kjem berre med eit aldri så lite tips om at eg oppdaga at verdas finaste lilla støvlettar, omtalt i dette innlegget, nå er på halv pris inne hjå Sam og Sofie. Er jo farleg for meg, eller iallefall kontoen min, å stikke innom barneklærbutikkar, men nå får eg liksom dekka litt av kjøpesuget mitt ved å tipse dåko andre ;)

Ha ein triveleg onsdag!
Ciao :)
Related Posts with Thumbnails