I kveld byr eg på bilderas frå gangen og ein kikk innom kjøkkenet.
I helga vart ledige stunder brukt til ommøblering, sortering, rydding og kasting. Og faktisk litt maling.
I gangen er erstattar Billy, som forøvrig har vore på vinterferie på loftet, den heimesnekra benken. Den heimesnekra benken enda som oftast opp som rotoppsamlingsplass de luxe. Her var det utruleg greit å slenge både det eine og det andre gitt, så nå har eg tatt den vekk ;) Rot likar me (les: eg) nemleg ikkje.
Åneidadu, då er det mykje betre med kjære elskede Billy. Så får me sjå kor lenge det varer. Benken skal gjenoppstå på det eine barnerommet, trur eg.
Det gamle nattbordskapet vart svartmåla, og veggene i gangen fekk seg eit strøk kvitmaling. Herleg å vite at ting er rydda og reingjort frå innerst til ytterst. Så lenge det varer iallefall, he he.
Ha ei flott 17. mai-veke ♥ ♥ ♥










