Som eg har sagt så ofte før: eg elskar barnebøker. Særleg barnebøker med nostalgisk preg. Helst med illustrasjonar av born i koselege situasjonar. Bøkene til
Gyo Fujikawa har eksistert sidan tidleg på 70-talet, ja, kanskje til og med lengre. Gyo Fujikawa har laga dei mest fantastiske illustrasjonane
ever. Eg har to gamle eksemplar på norsk til nå, men er stadig på utkikk etter fleire (har faktisk funne nokre på nettet i kveld - juhu). Enn så lenge har eg bestilt nokre bøker på engelsk på Capris. Illustrasjonane er fantastiske, og bøkene i seg sjølv er herlege. Dette vert med andre ord bøker som ungane ikkje får herje med, men sitje fint og sivilisert på fanget medan den barnslege mammo les for dei ;)
Desse bileta tekne nå i skumringa i kveld, yt ikkje bøkene rettferdighet i det heile. Men
her kan du finne fleire illustrasjonar av Gyo.
Korleis er det med deg, er du også glad i gamle barnebøker? Håpar det er fleire enn meg som finn barnsleg glede i slike bøker ;)
Ha ein super torsdagskveld.