Ein strandtur i gråvèret gjer godt for kropp og sjel.
Lite kan måle seg med frisk sjølukt.
Sandestranda er ei av favorittstrendene våre.
I passe lang avstand heimefrå.
Passe lang.
Passe fin.
Eg har vore ganske lat sånn fotomessig denne helga.
Har knapt tatt eit bilete.
Denne veka vert derfor roleg bloggmessig....trur eg.
Strandlivbildene er frå i fjor ein gong. Så om du føler du har sett dei før, så har du det :)
Finaste veka ynskjast deg.
Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg
søndag, april 22, 2012
lørdag, april 21, 2012
Walkathon Stavanger 2012
W A L K A T H O N
♥ ♥ ♥
Eit kjempebra arrangement, med underhaldning frå scenen og god stemning på Domkirkeplassen. Høgdepunktet var Samsaya. Ho avslutta opptredenen med denne finfine sangen. At ho har nesten lik frisyre som meg og ser omtrent rett i kameraet mitt gjer eit ekstra pluss i margen, he he.
God kjensle å vere med å bidra. Til neste år vert kanskje du også med?
tirsdag, april 17, 2012
Bli med
På lørdag skal det arrangerast ECCO Walkathon her i Stavanger (kl 10 - 1330).
Inntektene frå arrangementet går til SOS barnebyers arbeide for barn i Tanzania.
Samsaya skal opptre på Domkirkeplassen i samband med arrangementet.
Eg fekk ei pressemelding om saken, og gjengjev litt info til deg:
Ideen bak ECCO Walkathon er enkel: For hver km deltakerne tilbakelegger, donerer ECCO 10 kr til de prosjektene som er valgt ut i forbindelse med arrangementet. "Vi i SOS Barnebyer har valgt å samarbeide med ECCO Walkathon fordi vi synes dette er et utrolig flott arrangement som gir hele familien mulighetene til å aktivisere seg for en god sak" - Ragne Rødstøl, SOS Barnebyer Rogaland. Inntektene fra ECCO Walkathon Stavanger går til et familiehus i den nye SOS-barnebyen Mwanza i Tanzania. Rogalandshuset vil være ett av 15 familiehus i SOS-barnebyen, som har plass til 150 barn. I tillegg vil 450 barn og deres familier få støtte gjennom et SOS-familieprogram. Området er hardt rammet av HIV og aids og antall foreldreløse barn er forvententet å øke kraftig de neste årene. Som deltaker i ECCO Walkathon Stavanger er du med og finansierer Rogalands-huset og støtte opp om arbeidet om SOS-barnebyers arbeid.
Påmelding:
Kjøp billett hjå ECCO butikken i sentrum, Skoringen (Stavanger sentrum eller Amfi madla), Skagen Fondene. Du kan også kjøpe billett på Domkirkeplassen på lørdag.
Priser: Voksen 50 kr og Barn (under 12 år) 25 kr.
Eg og gjengen min skal sjølvsagt gå - bli med du også då vel :)
Og så lurer du kanskje på kvifor eg har lagt ved bilder der Alma teiknar så blekket skvett?
Joda, det har seg slik at ECCO oppfordrar alle barn i Stavanger til å delta i teiknekonkurransen
Okidoki - håpar me sjåast på lørdag då :) Kryss fingrane for flott vårsol og strålandes humør på alle mosjonistar.
Ha ein flott dag!

"Mosjon i min familie".
Vinnaren av konkurransen vert kåra under ECCO Walkathon og vinnaren får diplom pluss eit par valfrie ECCO-sko (verdi ca 750 kr). Teikningane skal innleverast/sendast til ECCO butikken i Stavanger sentrum seinast fredag 20. april (berre sånn just in case dine barn også får lyst til å vere med :)).Okidoki - håpar me sjåast på lørdag då :) Kryss fingrane for flott vårsol og strålandes humør på alle mosjonistar.
Ha ein flott dag!
mandag, januar 23, 2012
Ut på tur. Aldri sur. Eller?
Nokre blinkskudd frå dagens utflukt. Dei fleste bileta er det faktisk 9-åringen som har tatt :) Som sagt gjekk ikkje turen lange stykket i dag, men likevel til stader me ikkje har vore før. Eiganes Gravlund og Ledaal lystgard og kongebustad. Det var bitande kaldt og svært glatt, så å gå heile Eiganesturen utsette me til plussgradene er på plass. Ein liten tur ut er imidlertid alt som skal til for å få litt frisk pust i lungene, god stemning i familien og for å verte litt meir kjendt i eigen by. Enkelte familiemedlemmer vart litt motvillig med på turen, men initiativtakaren gleda seg over å observere at dei som hadde minst lyst kanskje var dei som kosa seg mest?
Korleis er det med deg? Er batteria lada for ei ny veke? Eg har sortert cirka tjue tusen LEGO-delar denne helga, innimellom alt det andre. Heldigvis ser eg/me slutten på jobben. Føler eg har LEGO-klossar på netthinna, og kjenner med passe svimmel og stiv i korsryggen ;) Planen er gjenoppbygde LEGO-bygg, til glede både for storebror med venner og to litt mindre småsøsken. LEGO er kjekt, men ikkje i tusen knas.
Ha ei super veke.
søndag, januar 22, 2012
søndag, januar 08, 2012
For første gong
Eg har ingen nyttårsforsett.
Eg gidd ikkje verte skuffa av meg sjølv ;)
Eg har derimot eit sterkt ynskje.
Eg har ein draum.
Eg har ein god
plan.
Ynskjet er at me som familie skal komme oss meir ut av huset når me har fri. Ut av huset i lengst mogleg motsett retning av butikkar og kjøp og kav.Vekk frå tjas og mas. Vere saman. Gjere nye ting. Oppleve. Saman.plan.
Ynskjet er at me skal bruke naturen rundt oss. Verte kjendt i nærområdet, bruke nærområdet og dei opplevingane det gjev oss.
Draumen er at me skal verte ein sunn friluftsfamilie. Draumen går nok truleg ikkje i oppfylling med det første. Kanskje aldri. Til det er me er alle altfor glade i å kose oss heime. Til det er det alt for mange arbeidsoppgåver å ta tak i heime. Til det er det alt for lita tid. Men det er snakk om prioriteringar.
Eg har difor ein plan. Planen er noko så enkelt som lengre søndagsturar. Søndagsturar som tar oss litt lengre vekk frå hushjørnene enn den søndagsturen me plar praktisere når me går ein times tid i nabolaget. Slike lengre turar krev litt innsats. Både i form av planlegging av kor me skal, kva me skal ha med oss og det gjeld å komme seg i seng tidleg nok slik at ein er nokolunde utkvilt. Eg planlegg ikkje slike turar kvar søndag altså, det er nok alt for ambisiøst, men heller så ofte som me kan.
I dag har me hatt ein slik tur. Årets første.
Me kjørte til Brekko. Ski og rattkjelke var med i bilen. Sekken med kakao, niste og kjeks likeså. 45 minutts køyring frå Stavanger var perfekt avstand. Me var lenge i tvil om at det kom til å vere snø der. Landskapet såg meir ut som eit vårlandskap enn vinterlandskap då me nærma oss. Eg forsøkte førebu ungane på at det var kanskje ikkje snø her, men at me kunne iallefall nett sjå kor me skal dra når snøen kjem. Men JIPPI: Då me svinga inn på parkeringsplassen såg me både at her var snø og mange skigåarar i sikte.
Og skigåing vart det på oss også. Alma på ski for første gong. Det vart ein del knall og fall, og det gjekk sakte på fram. Mora sjølv trynt'an også - to gonger. To gonger låg eg der og kava utan å komme meg opp igjen, medan familiemedlemmene skrattlo. He he. Me kom oss aldri inn til Gapahuken som planen var, men rasta i vegkanten like før me nådde fram. Me ville nemleg ikkje ta aldeles knekken på skientusiasmen til dei søte små, og heller starte med ein liten positiv tur. Gapahuken når me nok neste gong. For me var alle var i Brekko for første gong, men absolutt ikkje siste.
Nå gjenstår det berre å sjå om planen vert gjennomført. Om familien er med på planen min, eller om turane mine vert boikotta. Kanskje sit me her som den friske friluftsgjengen til neste jul. Skratt. I wish ;)
Fin veke til deg!
PS! Kjenner meg framleis som nyflytta til Rogaland, sjølv om det nå er fire år sidan me kom sørover frå Bergen. Kom gjerne med tips til kjekke turar som kan gjennomførast med ein 2-åring på slep. Har også tenkt å prøve fleire av turane som Turforeningen anbefaler saman med bl a. Stavanger Aftenblad i desse dagar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)