lørdag, november 12, 2011

Hjartebankfunn

Eg fekk omtrent hjarteinfarkt hin dagen. Ja, eg veit eg har sagt det før. Men seriøst. Dette hadde eg ikkje venta å komme over i mi levetid. Eg hadde eit ærend på ein butikk i nærleiken, og hasta like greit innom Fretex for å kikke i full fart. Fretex liksom bugna av godbitar denne dagen. Eg hadde dårleg tid og vart ørlite stressa fordi eg ikkje fekk kikka nøye rundt om. Tenk alt eg kom til å oversjå liksom. Sjå imidlertid KVA eg fann på den raske runden gjennom butikken:
Gamle skuleplansjar. 
Ikkje berre ein, men TO. 
Lucky me!
Begge to har blitt testa ut på eldstemann sitt rom. Den nederste vert hengjande.






Rommet er fullt av Lego, men utruleg nok klarte eg manøvrere linsa vekk frå det verste rotet. Som de ser har guten sunne interesser utover Lego. Her samlast det både på mineraler, sommarfuglar og gamle skattar. Det er mammo sin gut, veit de :)

Ha ein super søndag i morgon. Me har kjøpt inn pepperkakedeig og får fleire unge pepperkakebakarar på besøk. KJEKT!

Tudelu så lenge...

Gje vekk - Hipp Hipp Hurra


Nå kjære lesar, nå skal eg fortelje noko kjekt til deg.
Det er ikkje ofte eg skjemmer dåko vekk med gje-vekk'ar (GV), men nå skal eg endeleg ha ein kjekk GV her :)
De hugsar kanskje Lily Balou klærne frå Sam & Sofie som eg blogga for ein månads tid sidan?
Nå kan ein av dåko vinne TO valfrie plagg av den flinke designaren frå HERLIGE Sam & Sofie-nettbutikken.

For at du skal vere med i trekninga må du:
Gå inn i Sam & Sofie butikken.
Finn Lily Balou-kategorien.
Legg igjen ein kommentar igjen under dette innlegget, der du fortel meg kva du ville velgje om det er du som er så heldig å vinne premien (to valfrie plagg frå Lily Balou).
Lik også gjerne Sam & Sofie på Facebook.

Ei god nyhende til alle oss andre: Sam & Sofie køyrer rabatt på Lily Balou heile helga og ei veke fram i tid. Klærne er av fantastisk god kvalitet og ungane elskar dei, så eg trur rett og slett eg må kjøpe meir :)

Her er det full rulle. Me har vore vakne i tre timar allereie. Sola skin og det skal ryddast litt rundt om kring.

Lukka til i gje-vekk'en, og fin laurdag til deg.

Klem frå Linda

PS! Vinnaren vert kåra tirsdag :)

onsdag, november 09, 2011

Deeply in love

Aj aj aj.
Eg er forelska.
Så vannvittig.
Me snakkar Deeply in love.
I dette hodeskalle-armbandet.
Eit dødstøft hodeskallearmband med Buddha og lavaperler.
Love to love you.
Kjøpt hjå Frøken Fryd.
I hennar Epla-butikk.
Mmm, eg er så nøgd med handelen.
Kjøp deg eit du også då vel, ho lagar sikkert fleire på bestilling :)

Fin onsdagskveld til deg! 

tirsdag, november 08, 2011

Ommøblering på hyllene

Gubbevaremegvel kor dårleg lys det er på ettermiddagstid. Lysmangel er jo bloggelystdreparen de luxe. Kva er eit blogginnlegg utan fine bilete? Sidan eg ikkje kan ta fri frå jobb for å knipse bilete på dagtid, får det klare seg med kornete bilete frå skumringa.
I helga vaska og rydda eg i kjøkkenskapa og bytte ut den fargerike hyllepryden med meir dempa fargar. Kvitt/krem/svart og brunt. Haust i alle rom her for tida. Og sjekk: Hagedornhagen er finally in da house - etter å ha sikla på bileta i nesten eksakt eit år. Ting tar tid, men nå er endeleg Sørgekåpa på veggen. Hengt opp med vanleg maskeringstape.
Bileta kjøpte eg i den  fantastiske Hviit-nettbutikken. Sånn ellers er det lite nytt å spore i hyllene. Det meste er ting som har tilbrakt mesteparten av livet sitt bak skapdører som nå har fått kome fram i dagslys. Det meste har de garantert sett før.



 På golvet ligg den fine svart-kvit stripete plastmatta frå Plantasjen, men det får de berre sjå for dykk i fantasien *lol*. Det er ikkje alt som er lett å få med inni linso, veit de.


God tirsdagskveld til deg!

mandag, november 07, 2011

Hausten er servert og Waldorfdukker


Hekling på nål 1.25. Haustlege fargar. Eikenøtter. Eikeblad. Klåfingra lubben hand. Spent på om resultatet vert som eg har tenkt. Englar? Haustdukker med eikenøtthattar? Hekla haustkuler? Nei, gudane veit kva dette vert til slutt.

Enn så lenge kan du kose deg med ein tutorial eg fann. Waldorfdukker har eg alltid hatt lyst til å lage. Lysta vart ikkje akkurat mindre nå:
Bilete er frå Amio.dk.

LS'en (Lag Sjølv'en - eit herleg uttrykk laga av skjønne NORALILL ) finn du på Flickr. Den perfekte julegåve?

Eg elskar få heimelaga julegåver. Eg elskar at ungane får heimelaga julegåver. I år har eg lyst til å lage mange julegåver sjølv. Men eg har det i så fall travelt. Veldig travelt. Kan nokon venlegast stoppe tida pittelitt. Korleis er det med deg. Lagar du julegåver sjølv? Eg verdset ikkje det eg lagar nok, og kjenner at dersom eg lagar gåver så må eg liksom slenge med ei kjøpegåve i tillegg. Må jobbe litt med det der ;)

God natt!

søndag, november 06, 2011

M O S E

Ein formiddagstur i skogen resulterte i fulle potter, spann og korger heime. Eg likar å erstatte sommarblomstrane med mosedottar før julepynten tar over. Granbusken de så vidt ser i kanten her har overlevd sidan i fjor jul (jippi). Korgene er fulle av kongler, leirkrukker har fått moseballar oppi seg og fine kvistar er stukke ned i andre leirkrukker. Hauststemning i tunet med andre ord






Fin kommande veke til deg!

To vrange. To rette.



Eg har senebetennelsetendensar frå fingertuppane og opp til nakken for tida, og det heile skuldast strikkedilla eg er inni. Kvart ledig sekund eg har vert brukt til å strikke. Det er kjempekjekt å strikke huer: Det er lett. Det går fort. Resultatet vert bra. Og mottakarane er stornøgde. Så langt er det gutane og mannen som har fått nye huer, men huer kunne jo også vore det perfekte julegåveprosjekt også.

Oppskrifta fann eg her.  Til Herr Fe fulgte eg oppskrifta, medan eg har eksperimentert med å bruke mindre masketal til gutane. Som de ser ville modellen min berre gøyme seg bak ein klut då eg kom med fotoapparatet...ikkje alltid populært å bli knipsa bilde av, he he.

Fin søndag til deg som er innom.  

lørdag, november 05, 2011

H E R L I C H






God fredagskveld. 
Huset er ryddig.
Huset er nyvaska.
Stemningen er god.
Fastbuande og overnattingsgjester under 10 år søv.
Dei vaksne ser ein spansk film.
Strekker oss på kvar vår sofa. 
Roen senkar seg.
Strikketøyet veks.
Mmmmm.
Herlich.
Ha ei riktig fin helg der du er!

torsdag, november 03, 2011

Ti interiørtips








Mange gamle bilete i dag, men det toler de forhåpentlegvis. For ei tid sidan fekk eg ein førespurnad om å komme med ti interiørtips til Hus & Interiør-bilaget til Østlandet Blad. Tipsa skulle vere litt årstidsrelatert og litt sånn korleis gjere det fint utan nødvendigvis kjøpe dei dyraste designmøblar. Eg fekk tilsendt resultatet, og forhåpentlegvis klarar de, ja, de av dåko som måtte ynskje det,  å lese teksten ved å klikke bileta større. Tipsa er ikkje sånn banebrytande fantastiske altså, berre slik at de er advarte, he he.


Ha ein flott torsdag!
Tudelu
Related Posts with Thumbnails