Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg

mandag, april 09, 2012

Rosa + Gul = Fint


Eg er ferdig med ein ny vest og ny hue til Alma.  Begge deler er strikka i lyserosa garn, og har fått korngule detaljar. Dei gule detaljane er lette å rekke opp for så å lage dei i ein anna farge om ein skulle bli lei. 
Rosa + Gult = Fint. 
Men kanskje ikkje  F O R E V E R.

Å hoppe i senga er noko eg aldri fekk lov til som liten.
Småfeane får derfor lov så ofte dei vil ;)

Info sånn avslutningsvis:
Bileta på veggen: Trykk her.
Oppskrift på vest: Trykk her.
Oppskrift på hue: Trykk her.

Nyt siste rest av påsken :)

mandag, februar 27, 2012

Emilgensaren

Hugsar de eg fortalde om at eg var så inspirert av strikkagensaren til Emil at eg gjekk sporenstreks til garnbutikken etter spettete garn? Emil sin gensar er egentleg ein raglangenser, men det tok ikkje eg sjansen på. Eg strikka nemleg utan mønster (fulgte berre denne oppskrifta når det gjaldt opplegg av antall masker), og for å få eit raglanmønster til å stemme ser eg for meg er vanskelegare enn denne enkle gensaren her.

Siste maska vart felt av på søndag. Både mottakaren og mammo vart nøgde med resultatet, og det er jo alltid kjekt. Neste prosjekt nå trur eg må bli å lappe holet han har fått i buksebeinet ;)

Tusen takk for alle kjekke kommentarar dei siste dagane - de er jo berre toppers heile gjengen.

Satsar på at alle husets medlemmer er friske og raske igjen til å komme seg avgårde på skule, jobb og barnehage i morgon, og bør vel derfor komme med i seng. Tudelu så lenge :)

mandag, januar 09, 2012

Gledar meg

Ajajaj, eg gledar meg såååå masse til i morgon. Då skal eg nemleg bruke lunsjen pluss ein avspaseringstime på å assistere elevane klassen til eldstemann når dei skal lære å strikke :) Me øvde oss litt i helga. Han skulle lære å strikke, og eg skulle lære å lære vekk. Trur det gjekk bra, og håpar det går bra i morgon :)

Fin tirsdag til deg også!

søndag, november 06, 2011

To vrange. To rette.



Eg har senebetennelsetendensar frå fingertuppane og opp til nakken for tida, og det heile skuldast strikkedilla eg er inni. Kvart ledig sekund eg har vert brukt til å strikke. Det er kjempekjekt å strikke huer: Det er lett. Det går fort. Resultatet vert bra. Og mottakarane er stornøgde. Så langt er det gutane og mannen som har fått nye huer, men huer kunne jo også vore det perfekte julegåveprosjekt også.

Oppskrifta fann eg her.  Til Herr Fe fulgte eg oppskrifta, medan eg har eksperimentert med å bruke mindre masketal til gutane. Som de ser ville modellen min berre gøyme seg bak ein klut då eg kom med fotoapparatet...ikkje alltid populært å bli knipsa bilde av, he he.

Fin søndag til deg som er innom.  

lørdag, oktober 29, 2011

Varm i toppen og alpakkafest


Her kjem eit bilderas av Simon iført den ferdige strikkejakka eg har halde på med i det siste.  Den er ganske stretchy, og ikkje fullt så trang over magen som den kanskje ser ut til. Eg har ikkje hatt tid til å væte den og strekke/forme den, for då Simon såg jakka i dag ville han ha ho på med ein gong. Han veit å sjarmere mammo si veit de ;)


Oppskrifta finst, som eg har nevnt tidlegare, i denne boka frå 1982: 

Nå er eg såpassa freidig og deler oppskrifta med dåko, sidan det er så mange som har etterspurt den - og boka ikkje er i handel lengre. Eg strikka jakka i Drops sitt Nepal-garn. Skulle eg ha strikka den på ny, hadde eg derimot kjøpt eit litt tjukkare garn for å få jakka enno større.

 Litt høgare forstørrelse:


Når eit strikkeprosjekt er over, gjer eg meg sjølv "lov" til å kjøpe meir garn. Det er alpakkafest hjå alle forhandlarar av Drops sitt alpakkagarn for tida. Minus 25 prosent på alt Drops alpakkagarn fram til 31. desember.  
L O V E L Y 
for oss som elskar garnet, fargane og å klirre med både heklenål og strikkepinnar.


Nå skal eg gå å stjele meg ein kos hjå denne herlege krabaten her. Best å gjere det nå, før eg havnar i fengsel for deling av gamle oppskrifter ;)

Ha ein flott laurdag. Håpar solstrålene treff nasa di også!

mandag, oktober 17, 2011

Nytelse



Eg har blitt vaksen.
Eg likar kaffi.
Rettare sagt: eg kan drikke kaffi utan å verte svimmel.
Slurp.
Nokre herlege minutt i sola.
Strikketøy, ullteppe, tøfler og strikkejakke.
Barnelatter i gata.
Og så kaffi då.
Slurp.

lørdag, september 17, 2011

Eg fann ho!


Du og du kor eg har leita. Ganske desperat leiting sådan. Det har seg jo slik at eg er på jakt etter ei jakke å strikke til minien, og kom brått på perlestrikkjakka som det er mønster til i ei bruktfunnbok eg har/hadde (den grå på bildet over). Problemet er berre at eg har hatt ei kraftig opprydding i skap og skuffer, og lass på lass har blitt levert til Fretex. Då eg umiddelbart ikkje fann boka i bokhylla trudde eg denne boka hadde havna tilbake til Fretex ved ein feil... Derfor har eg brukt timesvis på å tråle gjennom bloggen, mange år tilbake i tid har eg leita meg gjennom. Eg visste eg hadde blogga boka, og måtte finne innlegget for å finne tittelen på bokskatten. Til slutt fann eg innlegget, og eg hadde ikkje før funne innlegget før det første blikket traff var boka i skapet. Jippi. Nå er det berre å  setje pinnane i sving ;) Tusen takk for alle tips forresten. Eg har lagra dei i arkivet til eit og to seinare prosjekt.


På kjøkkenet bugnar det av neonrosa vaskemidlar. Eg har tidlegare fortald at eg er Buzzador, dvs at eg får teste ut ulike produkt dann og vann imot at eg leverer ein slags rapport på kva eg syns om produktet eg testar. 

Denne gongen er det alle slags Vanish-produkt. Eg har tidlegare gode erfaringar med både den som gjer kvitt tøy kvitt igjen og den vanlege flekkfjernaren til Vanish. Skal bli spennande å teste resten av utvalget. Eg elskar alt som er gratis, og eg elskar teste ut nye ting - så dette er toppen.

Har du også lyst til å bli Buzzador, kan du jo lese litt i dette gamle innlegget mitt og følgje lenkene om du eventuelt vil melde deg på.

Nei, nå er det sofatid med strikking, Tv og Herr Fe. Ha ein flott kveld du også.
Ciao.


Prosjekt i kø.
Kunne tenke meg  å krølle beina opp under meg i sofaen og sitje strikke i dagesvis, kanskje vekesvis. Slik er det ofte om hausten. Eg rekk strikke pittelitt kvar kveld, eller iallefall nesten kvar kveld, og det går seeeeeeint på fram med varme lune strikkaplagg til familien. Nett nå er det hue til Herr Fe som er på pinnane (mønster fann eg inne på Familie Journalen). Nytt garn er kjøpt inn med tanke på jakke eller genser til Simon. Nepal-garnet kjennest mjukt og godt ut, og det vert spennande å sjå korleis det er å strikke med. Eg er litt utradisjonell når det gjeld strikking. Kjøper ofte eit garn i ein farge eg likar, og så finn eg mønster garnet passar til i ettertid ;) Leitar rundt etter mønster i dette sekund, så veit du om ei finfin guttejakke eller ein genser som strikkast på pinne 4.5 - 5 så vert eg glad :) (mottakar er 2 år).

Ha ei superfin helg :)



onsdag, september 14, 2011

God og varm






Eg er tilbake i normalt gjenge igjen. Knallkjekt på jobbreise, men aller best å komme heim :)

Denne jakka vart ferdigstrikka lenge før eg reiste, men først nå i helga vart knappar kjøpt inn. Resultatet vart rosa, varmt og godt. Skulle eg ha strikka den på ny skulle eg ha gjort ein betre innsats for å få maskene fine over og under den flettestrikka delen, men pyttpytt, jenta er nøgd. Det er jammen mora også.

Mønsteret kjøpte eg forresten her: Cotton & Cloud.
Meir info om garn og oppskrofter har eg skrive om her.

Ha ein flott onsdagskveld der ute.

lørdag, april 02, 2011

Nytt prosjekt på pinnane


For ei tid sidan las eg at flinke Knitgirl (bloggekompis heilt sidan starten i 2003) har byrja å strikke ei fantastisk fin jakke. Altså jakka Baby and Children Cable Yoke Jacket  designa av Kyoko Nakayoshi. Mønsteret kan kjøpast Ravelry, og flaks for meg så hugsa eg både brukanamn og passord inn der.




Det er lenge sidan eg kjøpte garn frå Strikk Innom, men til dette prosjektet fann eg det perfekte garnet i den finaste sarte rosa fargen. 100% Peruvian Highland Wool frå Cascade Yarns. Einaste aberet måtte vere at ulla ikkje er superwash, som det heiter så fint på norsk. Handvask er det einaste som kan brukast for å reingjere vidunderjakka, og dette får bli ei jakke til litt finare bruk.


Nye flettepinnar investerte eg også i. Å strikke er ikkje det mest fantastiske eg gjer, men med fine gode pinnar og godt garn vert arbeidet mykje meir lystbetont. Om eg ikkje er superbegeistra for å strikke, så elskar eg heimestrikka plagg til ungane. Derfor kastar eg meg uti det eine prosjektet etter det andre. Heldigvis kjem eg som oftast i mål med ferdige plagg, trass i at det tar lang tid. 


Nå skal straks dei skjønne små få ein omgang over trutane med vaskekluten og så skal me ut på laurdagshandel. Eg har planar for helgeprosjekt både utandørs og innandørs, og treng litt ting og tang for å få det fullført.

Ha ein flott laurdag, klem herifrå :)

lørdag, mars 12, 2011

Ordfattig, men blid









Ha ein super lørdag!!

onsdag, februar 23, 2011

På pinnane


Eit nøste med alpakkagarn er i ferd med å bli omforma til varme "lubber" til Almamor. Det går ganske så treigt med sokk nummer to, var liksom mykje kjekkare å strikke den første. Kom eg til  få det til? Oppskrifta eg brukar fann eg på Drops sine sider. Ingenting gjer meg betre samvittighet enn når ungane er kledd i varme og gode plagg, og særleg om dei er heimelaga. Dessverre er det få heimelaga plagg produsert av meg her i huset, men eg jobbar med saken som de ser ;) Korleis er det med deg, er du flittig med strikkepinnar og garn?

"Lubbene" ligg oppå heksagonteppet eg ferdigstilte i sommar (hugsar ikkje fargekodar på garnet lengre).

Vips var veka halvveis overstått, håpar den har vore fin så langt for deg :)
Nå skal eg sjå om eg rekk strikke nokre omgangar før senga kallar. Ha det godt!
Related Posts with Thumbnails