Med huset fullt av ungar vert helga ofte vel så hektisk som kvardagen, men på ein heilt anna måte.
Heile gårsdagen gjekk med til rydding, klesvask og husarbeide. Kjipt når det står på, men akk så herleg etterpå. Reint og herleg, levande lys og god samvittigheit. Eldstemann var oppteken med kameratar heile dagen, og dei to minste vart sysselsett med passande arbeidsoppgåver, eller dei leika ute og inne og rundt beina på meg.
Oliventrærne frå terrassen har flytta inn for vinteren, så eg kryssar fingrane for at dei overlever i ei varm og tørr stove. Den finfine sølvpotta frå Nordal har eg kjøpt av alltid blide og skjønne Lisette. Lisette er ei av dei herlege Rogalandsbloggedamene eg har blitt kjendt med det siste året, og eg er lukkeleg over å få slike positive energisolstråler inn i livet mitt :)
Som Emmeline pleier seie: "Å gjere husarbeide er som å spade sand i Sahara", så nå er huset straks klar for ein ny omgong med støvsugaren. Sukk. Bilen skal også få seg ein omgong, før me stikk til byen. Husets kunstnar, Alma, har nemleg eit kunstverk utstilt på Sølvberget i samband med HJERTEFRED. Bytur og kunstutstilling står derfor på agendaen i dag :)

Ha ein fantastisk fin søndag!





















































