lørdag, juli 03, 2010

Dilemma

Er det fleire som har samme dilemma som meg når det gjeld pynting utandørs? Eg syns nemleg det er ein hårfin balanse mellom kor tid det er nok pynt, og når det ser ut som om ein skraphandlar. Ikkje hjå andre altså, men hjå meg. Heng eg opp for masse krims krams, så vert inntrykket rotete og ikkje koseleg lengre. Det slit eg med. Derfor bærer eg ting ut og inn igjen, att og fram, og blir generelt aldri fornøyd :)


Ei av mine store interesser er hage og hagearbeide. Eg elskar svart jord under neglene, og eg elskar å få ting til å gro. Men denne interessa er fullstendig neglisjert for tida. Den einaste formen for hagearbeide eg rekk er opprydning av leiker, og plen/hekk-klipping. Sukk. Heldigvis rømmer ikkje hageflekken bort av den grunn, og eg gler meg til den dagen eg kan prioritere den :)

Tinga som er avbilda i dag har de sett før, men eg viser det igjen gitt :)

Veggskapet med hønsenettingdør er eit av maaaaange som eg og min kjære bestevenn i Sandefjord bygde for mange år sidan. Lenge før Herr Fe og alle småfeane. Me var sååå inspirert av ein reportasje frå eit Bonytt, og bygde skap over låge støvleskaft. I mangel på trevirke gjekk med laus på gamle sengebunnar og snekra og snekra. Eit av skapa heng på veggen her, og husar gamle terakottapotter, kanner, hagesnor og diverse.

Hagebordet er frå Plantasjen, det samme er spaden, den minste vannkanna og det største drivhuset. Vannkanna med 10 L på og bøtta med Legumes-teksten er frå House Doctor. Tomatplantene har eg fått hjå ei super tante, og den nydelege Dronning Ingrid pelargoniaen fekk eg hjå Emmeline sist ho var her (fekk enno ein, men den er i ein anna kant av hagen).



Når det gjeld gårsdagens innlegg har eg humra og ledd i heile dag. Her reklamerer eg for ein butikk som har såååå gode prisar, og så hugsar eg ikkje namnet på butikken. Det var ikkje knallfine Bazaren, men ein blogglesar meiner det er Lises Hjerte. Den ligg iallefall på eit hjørne mellom Kulturhuset og ein musikkforretning. He he, håpar de finn fram til herligheten uansett :)

Ha ein flott lørdagskveld :)

fredag, juli 02, 2010

Vinnarlukke i Dagbladet

På veg heim frå ferietur i går vart eg oppringt frå Dagbladet. Journalisten kunne fortelje at eg hadde vunne kåringa som Junis beste interiørblogg av dei fire som var nominert. Jøje meg og hipp hurra fòr gjennom hovudet. Her kan du lese min spontane kommentar til kåringa.

Tusen takk til alle som stemte på meg. Eg vart superglad, men er samtidig redd at dette er ufortjent. Dei andre bloggane eg vart nominert saman med er knallfine og kjekke, men har ikkje halde på like lenge som meg, så dei har jo ikkje fått tid til å byggje seg opp like stor leserskare som meg. Vel vel. Uansett: tusen takk - eg er lukkeleg i dag. Og i mangel på sol ute får eg heller prøve å sole meg i glansen ;)

Nokre nyinnkjøpte duppedingsar får pryde avslutninga av dagens post. I Lyngdal finst ein interiørbutikk som heiter Lises Interiør eller noko i den duren (eg hugsar desverre ikkje namnet). Uansett, butikken har mange produkt frå House Doctor, og prisen er fantastisk. Eg kjøpte matboksen (79 kr) over og tavlene med klips (30 kr) som eg har festa på veggen. Stikk innom den butikken om du er i dei trakter!

Tusen takk igjen til dåko som stemte på bloggen min, slikt motiverer veldig til å fortsetje med blogging framover også. Tusen takk også for alle kommentarar og e-postar som ramlar inn. De er herlege! Eg har mista litt oversikten over alle spørsmål. Kan de vere så snille å stille spørsmål om ting de lurer på  på ny under denne  posten, så skal eg svare så godt eg kan i kommentarfeltet eg også.

Ha ei flott helg!!

PS! 
Fargekoden på den gule stolen heiter signalgul (frå eit utgått Butinox fargekart). 


Kameraet eg brukar er eit Nikon D60 med 18-55 objektiv.


Dørmatta me har i gangen er frå House Doctor og eg har sett at Nettpynt har den inne nå.

Søppelspannet, eg fekk spørsmål om på e-post, er frå Plantasjen (mange år sidan). 

Vel heime igjen

Nyyydelege Sogndalsstrand.
Helleren i Jøssingfjord.

Mikrofeen og bestemor. To av dei beste på jord.

Lindesnes fyr.


Rastepause med rykande ferske Konsmokaker...nam nam.

Kardemommeby i sommarprakt.

Sjølvaste Tobias i tårnet.

Artig å sjå kontrasten frå påsken.


Lukkelege småfear...

..på tur med mammo si.

Iskos på Solbakken - Emmeline sitt vidunderlege sommarhus.

Me er vel heime igjen etter ei herleg veke på Sørlandet. Me har fått utruleg masse kjekt med oss. Møtt gode venner, sett flotte stader, slappa av, ete alt for masse mat og godteri (Gotteriet i Kristiansand er som himmelrik for slike som meg :)), leika, tulla og skamkost oss. Badeliv har det blitt minimalt av. Typisk nok var det overskya og kald vind dei dagane me ikkje hadde program, og strålande sol dei dagane me sat mest i bilen og var på farten. Resultatet er at heile familien er like bleike nå, som då me reiste, he he. Tusen takk for alle supre tips i forkant av turen. Har berre fått utretta ein brøkdel, men men. Litt handling har det også blitt, og de får sjå godsakene ved eit anna høve.

Det er sikkert mange som er spente på korleis hytta til supersnille Emmeline var. Til dåko kan eg fortelje at den er minst like koseleg som den ser ut på bildene frå bloggen hennar. Den perfekte sommarhytte, gjennoført koseleg frå innerst til ytterst.

Om turen har vore aldri så kjekk, så er det likevel utruleg godt å komme heim til Herr Fe igjen. Dersom været held seg fint og opplett, så er dukkehuset i hagen det neste på agendaen. Klarar jo nesten ikkje vente.

God natt klem herifrå :)

torsdag, juni 24, 2010

På reisefot...


I morgon går startskuddet for årets første sommerferiereise på oss. 
Eg, mamma og småfeane skal på ein aldri så liten sørlandsferie, og me gler oss stort. 
Me kjem til å benytte oss av mange av dei supre tipsa som kom inn sist eg spurte etter tips til reisemål. Me skal køyre Nordsjøveien nedover, besøke Sogndalsstrand, Jøssingfjord og Helleren og masse anna. Det kjekkaste av alt er at me skal låne sommaarhuset til Emmeline og familien. Sååå takknemleg og glad over at det finst sånne snille folk.

Om det vert stille her inne og på e-post neste veke så veit de kor eg er ;)
I'll be back. 
Ha ei riktig god helg, og ei flott veke.
Tudeluuuu :)

Varp


Som så mange mange andre interiørbloggarar, har eg i mange år vore på jakt etter den rette gamle slitte kontorstolen. Og i dag fann eg han. Sjølvsagt på Fretex. For 25 kr var denne raude skatten min.
Lukke :)



Akkurat passe gammal, akkurat passe slitt, og akkurat perfekt for rumpa mi :)


Skorne på bilete under er ikkje loppefunn. Dei er eit funn frå mammas loft, og eg tøffa rundt i desse i 2-årsalderen.


Eit par gamle dynetrekk vart med i posen heim i dag også, nå må eg jammen snart få tid til å sy igjen :)


Ha ein flott torsdag !! 
Klem frå Linda

onsdag, juni 23, 2010

Grunn. Grunnere. Ferdig grunnet.


Dagen i dag kan stort sett oppsummerast på desse bileta. Leikehuset me har kjøpt må grunnast før montering, og den jobben vart gjort i dag. Eg må innrømme at eg fekk litt skrekken i meg når eg såg kor mange delar leikehuset kom i, men etter å ha sortert litt plankar ser eg at det er ein logikk i det heile. Nervene har roa seg igjen, og eg trur rett og slett at Herr Fe og eg skal klare å setje det saman. Det neste på tapeten nå er at dei flatene som skal vende inn i hytta skal malast med kvitmaling. Utsida malar me først når huset er ferdig montert.

Å, kor eg gler meg. Postkassa som skal henge på hytta vart innkjøpt for mange år sidan. Det samme med blomsterkassen og masse anna dill dall :)


I bakhagen har me nå ein fiks ferdig terasse. HERLIG! Trappa ut der er imidlertid ikkje bygd enno, så eg venter litt med å knipse bilder.


Ynskjer alle som ein ei fortreffeleg Sankt Hans feiring i kveld :)

Stor klem frå Linda

tirsdag, juni 22, 2010

Hallo i luken


Eg elskar å få pakkar. Ja, kven gjer i grunnen ikkje det?
I går var postkassa merkverdig full då eg skulle hente inn dagens reklame og rekningar... Postkassa var full fordi ein mjuk, stor pakke låg gøymt oppi den. Hm, kva kan dette vere, tenkte eg, medan eg trippa lett på tå inn i huset igjen. Ikkje mange sekund etter kunne jubelropa høyrast i heile nabolaget. Innehavaren av nettbutikken Tamo, var så begeistra for det er sydde av forrige stoffladning derifrå, så ho ville sende meg stoff som ei sommarhelsing. Slikt vert ein stoffavhengig rusa og lukkeleg av ;)


Eg har sagt det, omtrent til det kjedsommelege, at det er sååå herleg å kunne kjøpe produkta til TAMO i Norge, og sleppe både tollgebyr og rådyr utanlandsporto. Stoffet til venstre på bildet over har eg tidlegare kjøpt i ein tysk nettbutikk (svindyrt), og brukte det blant anna til teppet under. Nå har eg meir på lager og kjenner at kreativiteten er stigande ;)


Meir herlegdom:


Knallskjønn klype med fluesopp i cernit. I love it.


Tusen takk, Barbara hos Tamo. Eg vart superglad for pakken. Ynskjer deg og dine også ein flott sommar :)


I morgon startar arbeidet med å bygge terasse i bakhagen. Sidan verken Herr Fe eller eg er superflinke på snekring, har me leigd hjelp til å setje opp rammeverket. Terasseborda skal me skru på plass sjølv. De skal få sjå bilder av prosessen. Leikehuset ligg umontert i forhagen, og planen er å prøve få det grunna i løpet av kortkort tid, slik at det er klart for montering etter terassen er ferdig :) Det blir sååå bra til slutt :)


Det er sikkert mange som er rålei av veggelefantane, uglene og soppane, men eg må likevel tipse om at eit nytt sett er på plass i Epla-butikken, og fleire sett finn vegen ut der i morgon.

Eldstemann har sommarferie frå i morgon av, og Alma har berre eit par dagar igjen i barnehagen før ferien brakar laus. Eg er lukkeleg over at eg derfor skal få tilbringe enno meir tid med gullungane mine. Ferieplanlegging føregår for fullt. Tusen takk for alle herlege tips eg har fått både på mail og i kommentarfelta! De vert oppdatert på planane om ikkje lenge.

Ha ein super sommarkveld, og ei god natt !!

mandag, juni 21, 2010

Elefantkjede


På ein rask svipp innom Indiska hin dagen, formeleg ropte denne elefantlenka med perler & bjelle på meg. For 59,50 kr vart den med meg i posen heim. Såååå fargerik og fin :)

Ha ein flott mandag i (forhåpentlegvis) sola :)

søndag, juni 20, 2010

Partytime

Simons 1-årsdag er omsider feira med brask og bram. Ein herleg dag. Eit supert selskap. Det såg til og med ut som om jubilanten skjønte at det var han me feira. Han vakna frisk i dag. Kunne ikkje ha passa betre :)



Nå må siste rest av kliss og klass fjernast.
Ha ein flott søndagskveld der ute. Klem frå Linda

lørdag, juni 19, 2010

Kjærleik i lufta



Tusen takk for alle gratulasjonar angåande mikrofeens 1-års-jubileum i går. Me kryssar alt me har for at godguten er i form til å feire dagen sin i morgon. I så fall blir nok kaker og pynt fotodokumentert og publisert her inne kjenner eg meg sjølv rett :)


Midt i vigselen av Sveriges forelska kronprinsessepar var eg på handel i dag. Eldstemann var i bursdagsselskap, og eg benytta tida til å sikre meg ting og tang. Eg har mange plasttepper, men ingen i lilla. Dette frå Kremmerhuset fall eg pladask for. Det skapar sommarstemning på kjøkkenet her og nå.

Appelsindrops frå samme butikk smakar himmelsk.

Victoria er forelska i Daniel. 
Eg er forelska i eit teppe av plast, he he. 
Kvar sin smak ;)



Ha ei fortsatt fin helg, klem frå Linda

fredag, juni 18, 2010

Hipp hurra!

Bilde: Flickr
Tenk i dag er det 1 år sidan den vesle, gode og herlege kruttønna vår kom til verda. Simon er 1 år i dag, og som mammo hans er eg både takknemlig, stolt, vedmodig og glad i dag. Vedmodig over at livet rasar så fort av gårde. Glad for at dei fleste rutinar går seg meir og meir til. Takknemleg over at også minstemann er velskapt og frisk. Og aller mest stolt og lukkeleg over å ha ein så knallgod 1-åring, ei herleg 3-åring og verdas beste 7-åring i hus.

Desverre er den vesle godguten forkjøla og ikkje 100% i form, me har derfor utsatt feiringa til søndag.

Alle småfeane er ville etter pappaen sin og befinn seg til stadighet på fanget hans. Her er dei to minste i kjent positur under eit middagsbesøk :)

Ynskjer alle ei flott helg.

Diger klem frå Lindapindapøne
Related Posts with Thumbnails