lørdag, september 12, 2009

Snakk om å bomme fullstendig på tida

Eg har fortalt dåko at me skulle få storfint besøk i går. Og eg sa at eg skulle komme tilbake til det. Det eg planla var eit koseleg innlegg i dag med fine bilder frå gårskvelden. Med levande lys, god mat på bordet og eg skulle til og med få Herr Fe til å ta bilde av oss. Slik at de fekk sjå oss saman. Slik vart det ikkje.

Ja, me fekk storfint besøk. Nemleg herlege Emmeline og gode Prinsesse Elin. Men eg rakk ikkje ta bilder. Ei heller rakk eg sminke meg eller gjere ting ferdige som eg ville. Ha ha, eg må rett og slett le av det heile.

Bodil ringte meg på førehand og lurte på om eg ikkje var nervøs for å få interiørbloggedamer på besøk og middag. "Nei, herlighet - det er eg heeeeeilt avslappa til", svarte eg. Eg var rett og slett for avslappa.
På formiddagen rydda eg og støvsugde innimellom pausar med rykande fersk Se og Hør på sofaen. Eg elskar jo sladder og lettliva underhaldning ;) Eg burde ikkje brukt tid på søppelpresse. Eg burde ikkje brukt tid på å tyte i telefonen med Bodil. Eg burde ikkje ha rydda INNI bokhyllene. Og eg burde ikkje ha utsatt sminkinga til kvelden.
Dagen fauk fortare enn svint. Ungane krevde litt meir oppmerksomhet og pleie enn vanleg. Er ikkje akkurat det typisk? Herr Fe skulle plutseleg på trening. Ikkje plutseleg, men eg visste ikkje om det - så for meg var det plutseleg. Timane gjekk utruleg fort.
Når det var 45 minutt igjen til gjestene skulle komme, hadde eg framleis ikkje sminka meg, heller ikkje fått ferdig maten, ikkje fått ungane i seng, og kjøkkenet og badet såg heilt bomba ut. Samtidig byrja Simon bli alvorleg urolig og eg visste at innan kort tid MÅTTE eg berre amme han. I det stille takka eg meg sjølv fordi eg ikkje eg med i ein eller anna klubb slik at dette er ein situasjon eg befinn meg i i tide og utide.
Eg jogga omtrent inn i stova til Herr Fe og sa at eg treng 30 minutt på å få ferdig maten, dekke bordet og rydde kjøkkenet. Så vasker over badet, steller meg samtidig som eg legg dei to eldste rett før dei kjem. Nytrente Herr Fe nikka heilt enig, og tok seg av ungane på beste måte. I forbifarten tilbake til kjøkkenet kasta eg eit blikk på meg sjølv i spegelen. T-skjorta mi var møkkskitten, under augene sota gårsdagens sminke gråsvarte ringar og eg tenkte "eg håpar dei vert pittelitt forsinka".
Eg hadde ikkje før tenkt tanken før eg høyrer frå stova: "Nå kommer de". "Du køddar, det er ikkje sant" svarte eg og begynte å le.
Stakkars dei skjønne snille gjestene våre. Dei vart ikkje møtt av ein flott fe som ønska dei velkomne. Dei vart møtt av den usminka sanninga. I ordets rette forstand. Ein baby som hylskreik, ein 7-åring som spelte Wii til alt for høgt volum, og ei sliten trebarnsmor som utbraut "dåko kjeme aaaaalt for tidlig".
Ha ha ha, tenk at eg sa det. Men eg trur og håpar for guds skuld at eg var smilandes og blid og la til " kom inn, kom inn".
Emmeline vart satt i sving til å dele opp baguettar, Prinsessa aktiviserte 7-åringen, Herr Fe prøvde roe ned den lettare hysteriske babyen, medan eg omtrent endevendte klesskapet mitt etter ein passandes ammetopp.
Puh.
Eg treng ikkje gå meir i detaljar, for alt enda godt. Emmeline og Prinsessa har fantastiske personlegheitar. Slike persomar som eg slappar fullstendig av saman med. Simon fekk mat, bordet vart dekka, ungane trygt plassert i seng, maten vart ferdig, alle var blide og glade og me skamkoste oss. Men de kan gløyme å sjå bilder frå seansen. Ikkje snakk om at eg skal bloggifiserast i den tilstanden. Kamera var ei heller i mine tankar. Beklagar :) Det gjekk faktisk så fint at i dag er det nesten så eg kunne tenke meg å vere med i klubb likevel.
Me fekk knallfine gåver frå dei to bloggdronningene. Småfeane fekk kvar sin Blafreboks med ting inni. Me fekk masse godteri. Eg fekk mi første Bruka-skål (bilder kjem garantert seinare) (JUHU). Og me fekk eit knallfint kort (ramma inn og hengt opp i dag (første bilde i innlegget)). Simon fekk den finaste lyseblå duffelcoat'en eg har sett. Eg gledar meg til den skal takast i bruk, og kryssar samstundes fingrane for at den passar heilt til 17.mai.
Tusen takk for gåvene. Tusen takk for besøket. Eg gledar meg masse til neste gong me møtast, når nå enn det måtte bli :)
Dagen i dag har me tilbrakt heime. Eg har teke Minimega-papiret i bruk til å tapetsere House Doctor eskene mine. Bildene vart teke før limet tørka, og papiret er derfor noko ruglete.

Nå er det straks nattinatt. Tudelu så lenge :)

19 kommentarer:

Havets Datter sa...

Hehe... den situasjonen høres meget kjent ut i mine ører ;)
Og det er nok mange småbarnsforeldre som kjenner seg igjen!! Men det går som regel bra til slutt..heldigvis.

Tove sa...

Dette var ei herleg "Å herlighet som eg kjenner meg att"-historie!!! Eg må innrømme at eg er med i ein klubb, og meir enn ein gong har klubbdamene toga inn i stova medan husfrua sjølv skunder seg å gøyme siste leikene, tørke mascara under augene og samstundes sende kommandoar til husbonden om alt som må gjerast. Fornøyeleg lesnad, kjære du!

Irene sa...

Hehe....ikke ukjent fenomen det der!

Flotte esker du tapetserer!

Lykkelita sa...

Åh, så deilig med ekte historier fra ekte mennesker. Takk for en ærlig historie de fleste av oss nok kjenner seg igjen i. Jeg smilte meg gjennom innlegget og tenkte at det er jo slik livet er, uplanlagt og av og til litt kaotisk, men det er jo også det spennende med det:)
Du vet, de koseligste stunder er ofte de vi ikke har forberedt til fingertuppene!
Ha en herlig søndag og kos deg med dine!

Martes atelie` sa...

Morsomt for oss som kan lese om det...hi hi....men kjenner igjen følelsen. Jeg rekker stort sett aldri å fikse på meg selv før gjestene kommer...men de tar meg som jeg er;) Virker som dere hadde det koslig uansett!!
Med barn går det nesten aldri ann å planlegge. Det virker som de kjenner at det er noe på gang....

BO sa...

Hehehehehehhhe! Nå ler eg! :-) Jajja, da var nå kjekt å snakka i telefonen!
Dåke fekk da jo kjempekjekt!
Me snakkast! Eg ringer deg... hehheehehehhehe!

Anonym sa...

hehe.. kjenner meg utrolig godt igjen i det du forteller:-) utrolig morsomt:-) kjempefine bilder du har.. ser jeg må få meg et skikkelig kamera.. bildene har såå mye å si!

Linn sa...

He he he, velkjent fenomen det der! Sånn er det alltid her. Mor må vente til slutt å ender alltid med å ha (hvis je ger heldig) nyvasket flatt hår og renskuret fjes blankpolert og uten sminke. Kosebukse ogg topp. Ungene griner og krangler å støvkosten står lettere henslengt, som en naturlig del av stuen.
Koselig å se at jeg ikke er alene om det :-) Kan legge til at vi var de siste til å ankomme min sønns bursdag på jungelby...elle gjestene var der før oss (flaut).

Tone sa...

Ja er det ikke deilig, he,he. De fleste som har barn selv skjønner jo situasjonen veldig godt da. Synes det er deilig at andre også har det kaotisk innimellom jeg. Så mange flotte ting dere fikk, er spesielt svak for kortet som du har rammet inn, det var bare helt herlig. Ha en fin søndag, klem.

Lill sa...

Heihei..flott blogg du har!
Nydelig papir du har på eskene..de var knallkule!Ha en forsatt flott søndag
hilsen Lill

Jeanette Jess1 sa...

Så godt at du er så erlig som du er, da kjenner vi oss igjen alle sammen og synes det er kjempeherlig ;o)))

Nydelige esker, og det første bildet var kjempefint ;o)

Ha en super søndag, med litt lavere puls vil jeg anta...

sylysten sa...

Meget kjent fenomen;o)
Mannen min ville også nikket gjenkjennende, han blir alltid kommandert rundt i siste liten. Og han har lært at om han planlegger å dusje et kvarters tid før det kommer gjester, så får han ikke dusjet;o)
Ha en flott søndagskveld;o)
Klem
Linda;o)

Jannicke sa...

..det første som slår meg er at du må ha en misunnelsesverdig ro midt i alt kaoset! Jeg er ikke nedpå når jeg skal ha gjester... stresser verre enn verst! Så jeg skulle rett og slett ønske det var jeg som hadde ro i meg til å lese Se og Hør i en slik stund!
Flotte gaver,
dere er heldige!
Klem J.

ANETTESHUS.COM sa...

Hi-hi! Herlig!! Tror alle som har barn, kjenner seg igjen i denne situasjonen;) Men dere hadde jo en hyggelig kveld allikevel virker det som!? Det ordner seg for kjekke jenter, vet du;)

Ha en fortsatt fin kveld!

Klem Anette:)

Marta - livet på landet sa...

Herlig innlegg, nydelige bilder og flotte esker!!:)

Haust sa...

Hehe, herleg!

Likar så godt kunsten på det øvste biletet! Kan eg spørje kven som er kunstnaren?

Anonym sa...

Takk guuud for at du ikke er perfekt!!
Slik har jeg det stadig vekk(firebarn..!)!
-sjokkrosa i ansiktet med maten halvferdig når "folka" kommer inn døren:-)
Prøver å ha kontroll, men stadig ett el. annet som skjærer seg..!
Godt du er flink å lene deg tilbake og le av det
- ellers hadde man blitt GAL:-)
Høres ut som dere hadde en helt topp kveld:-)
Klem , Hege

Skrenten sa...

Så morsomt!! Det er jo sånn det er; litt lett å glemme det i denne perfekte bloggeverden ;) Så morsomt skrevet også.

Klem fra Beate

Line sa...

Oj oj oj, jeg ble nesten sliten bare av å lese dette!...

Related Posts with Thumbnails