Viser innlegg med etiketten I stova. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten I stova. Vis alle innlegg

mandag, april 23, 2012

LJOS


Det er eit ljos der ute
som du ser frå der du bur
Når du er redd og er aleine
då er det ikkje slik du trur

Det er ækje slik at ingen har ein tanke
for ein liten som ligg der så aleine og er redd
og lengtar fram mot morgonen til ljos og vind og
ver og skræmast av det mørke store skumle
Og det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn

Det er eit ljos der ute
som mitt auga kviler på
Når det knuser imot stranda
men du ingenting kan sjå
Det er ækje slik at ingen andre også då er liten
for havet knuser sjølv det harde fjell

Men ute der så sveiper det eit ljos for meg
og deg og viser heim og til dei stille havner
Og det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Ser du gjerdet, gå til grinda. Ser du døra,
kom no inn då. Ser du trappa, ta eit trinn. Kom no inn!

Bestevenn av Odd Nordstoga

søndag, april 08, 2012

Station board no more





Det gjekk med Station Boardet som med mykje anna.
Eg vart lei av det.
Snakk om putlete prosjekt å halde på med, men så har det vore eit kult blikkfang i stova også.
Nå er tida imidlertid inne.
Bokstavane er sparkla over, og eg vil finne på noko nytt.

I morgon trekker eg ein vinnar av Sylvanian-familien. Sleng deg med om du har lyst, og ikkje har gjort det enno.

Ungane og eg er heime i Stavanger igjen, etter å ha tilbrakt koselege dagar på Halsnøy.
Nå er det utpakking, ordnings og ryddings som står på tapetet.

Ha ein flott kveld!

torsdag, februar 02, 2012

Pedrera PD4 ABC-bordlampe frå GUBI



Eg har i lengre tid hatt i tankane at me treng litt meir lys i stova på mørke vinterkveldar. Lysmangelen vart særleg prekær då julestjerna vart teken ned. Denne ultrafine lampen frå GUBI passa perfekt, syns eg. GUBI er merket som har relansert mange designklassikarar dei siste åra, til dømes er det dei som står bak Bestlite-lampane og ikkje minst dei ultrafine runde speglane med skinnbeltereim. Eg vert meir og meir glad i klassisk design, og vart jublande glad for å oppdage at Ølen Møbel forhandlar alt frå GUBI og nyleg hadde fått inn desse ABC-lampane. Prisen er heller ikkje avskrekkande, til god design å vere. H E R L I C H !

ABC bordlampen er designa av Joaquim Ruiz Millet som ein hyllest til arkitekten Barba Corsini. Han (Corsini) innreda loftet på den berømte bygningen La Perdrera i Barcelona i 1955. Han designa Pedrera Golvlampar til leilighetane etter inspirasjon frå skorsteinane på La Pedrera bygningen. ABC bordlampen er ei vidareutvikling av den opprinnelige Pedrera golvlampen. Lampane kjem i fargane svart, kvit, raud og blå. Det er nett som om lampen berre vert enno meir fin, når eg veit bakgrunnen for heile lampeidèen.



Herleg at det er helg i morgon, ikkje sant? Eg gledar meg alltid til å forhåpentlegvis få orden på huset, forhåpentlegvis ta igjen litt tapt sømn, og forhåpentleg oppleve noko kjekt.

Ha ein fin fredag i morgon!

mandag, januar 23, 2012

Klokka er..

Sjekk ut den finfine skjermspararen eg har.

Tøffa liksom opp datakroken denne her.
For den som er oppteken av tida er den rett og slett genial.
Eg trur eg er forelska. I ein skjermsparar :)

Eg fann han inne hjå Haust i dette innlegget. Fine Haust som har blogga nesten like lenge som meg.

Fin mandagskveld til deg. Kanskje med fin klokke på skjermen din også?

Tudeluuu :)


mandag, januar 02, 2012

Svosj, ut med ho





Jula vart rydda ut i går. Jammen er det ei merkleg kjensle. Det er liksom så tomt og stusseleg, men akk så reint, herleg og luftig på same tid. Tippar det er fleire enn eg som har fått ho ut allereie, eller?

Syner eit par-tre fleire bilete av den nydelege telyslykta eg fekk til jul hjå snille Bodil Bo. "Lykke" syner på dagtid, og når telyset inni tennast, så kjem teksten ... "og glede" til syne. Råfin, ikkje sant?

Jula er ute og ute, fru Blom, tenker kanskje du og gløttar på både spanske kongler og juletrær frå Tine K. Det har seg nemleg slik at juletrærne frå Tine K har eg hatt lyst på så lenge, og fann dei først etter jul. Dei får derfor stå framme og minne oss om jula som var.  På veg heim frå Halsnøy på fredag svinga me nemleg innom Ølen Møbel. Og du hildrande du. Dette er ein så vanvittig fin butikk, at den regelrett fortener eit eige innlegg - det kjem derfor meir detaljar seinare. Dessverre var ikkje skjønne Anita på jobb denne dagen, men eg beundra butikken i djupe drag, og både det eine og det andre havna i korga (deriblant juletrærne). For eksempel var det halv pris på Walters-hus - og dei elskar eg framleis like godt som før - og kjøpte meg to til.

Nei, i morgon er det tilbake til kvardagen, så det er best eg kryp til køys.

Bouna notte ;)

mandag, oktober 03, 2011

Skogens konge i sofakroken





Nok eit kjøkkenhandkle frå By Nord har fått nytt liv som putetrekk. Denne gong er det skogens konge som litt sånn impulsivt vart omsydd. Hadde ei storopprydning i eit skap i går, og der dukka handkleet opp. Innkjøpt med pute i tankane, men truleg trykt inst inn i eit skap i kampens hete. Ute av syne, ute av sinn. Symaskina stod lageleg til på kjøkkenbenken, så då var det heldigvis fort gjort.

Dei grå sofatrekka er noko av dei luraste investeringane som er gjort i dette huset. Dei kvite trekka måtte vaskast kvar tredje veke helst. Dei grå er nyvaska for første gong. På vaskeanvisninga står det MÅ RENSES, men som de ser så gjekk det aldeles flott å vaske dei på 40 grader i vaskemaskina.

I mangel på fine stormlykter frå Tine K har eg fyrt opp i tomme blomsterpotter. Skapar stemning det også, medan stormlyktene står på ønskelista.

Ha ein flott mandagskveld.
Ciao

PS! Takk for responsen på pepperkakeinnlegget :)

søndag, juli 31, 2011

Dømt til å mislukkast?





Teppe under salongbordet er risikosport med små born i huset. Iallefall små born som får lov til å ta med drikke og knask til sofakroken. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har kjøpt inn golvtepper. Golvtepper som akkurat fekk plass i vaskemaskinen, men som til slutt vart så fulle av flekker som ikkje lot seg fjerne at dei til slutt havna i dunken. Solbærsaft er til dømes kvite-golvteppe-dreparen nummer ein. Heldigvis har eg aldri investert i dyre golvtepper, men derimot så billige tepper at bruk og kast kan forsvarast reint økonomisk.

Etter å ha vore teppelaus i lange tider på grunn av overnemde "kvardagsproblem" satsar eg på ny frisk. Dette Ikea-teppet er så råfint, og forhåpentlegvis så genialt at flekker knapt viser. Eit forbod mot mat og drikke framfor TV'en er også innført, men eg er redd dette er eit forbod som er dømt til å mislukkast. Herr Fe er ikkje akkurat overbegreistra. Han syns det var fint og sånt, men han er nok meir realistisk enn meg. Enn så lenge er iallefall flekkfritt teppe herved blogga :)  

Korleis gjer du det med golvtepper og born som er glad i mat og drikke all over the place?

Håpar helga har vore fin for deg. Me har blant anna bevega oss opp gjennom og nedover fjellsider, ete mykje god mat og eg byrjar sjå enden på strikketøyet mitt. Gammalt garn til nytt prosjekt er derfor funne fram. I morgon er det ei ny jobbveke, men eg satsar på fine ettermiddagsturar til strender med piknikkboksen full av god mat.

God natt 
♥♥♥

tirsdag, juli 26, 2011

L & ....



Heilt sidan eg såg at Fjeldborg hadde tapetsert &-symbolet sitt har eg leita etter den "rette" tapeten for L'en min. Tapeten dukka opp i utlandet for nokre veker sidan (Etsy), og eg diggar den så vanvittig. L'en min fekk eg for fjørti år sidan av Bodil-BO. Ho hadde kjøpt den til meg hjå Riviera Maison sin fantastiske butikk i Rotterdam. Snille Bodil mi

Som de kan sjå manglar det ein vesentleg bokstav etter &-symbolet mitt. L & ... ingenting. Det ligg ingen dramatikk, samlivsbrott eller noko slikt bak dette, he he. Problemet er berre at kjærasten min har så vanskeleg førstebokstav i namnet sitt at det er vanskeleg å finne ein. Trur eg må ta saga i eigne hender i stadan.


I kveld har eg som mål å komme meg i seng før kl 23. Det er ikkje berre berre å få søvnrutinane på plass etter ferien. I kveld satsar eg imidlertid på å sovne momentant og sove i koma til i morgon tidleg kl 0550.

Ha ein fin kveld du som kan sitje oppe lengre. God natt herifrå

lørdag, juli 23, 2011

Tom for ord


Mi djupaste medkjensle og omtanke for alle som er ramma av dei grusomme handlingane i Oslo og på Utøya i dag.

Ufatteleg og grusomt trist.


Varme klemmar frå Linda

søndag, juli 17, 2011

Flytte her og flytte der


Det er ikkje noko banebrytande innlegg eg har å by på i dag. Ingenting er nytt, og de har sett alt før. I veka, som straks er over, har eg brukt nokre feriedagar på å flytte litt rundt på ting og tang i huset, sortere ut rot og rask og få litt orden. Herleg kjensle når det er på stell.


Eg vart brått så utruleg lei av den dominerande Billybokhylleveggen i stova. Mengda av bokhyller er halvert, og dei resterande bokhyllene har bytta plass med bildeveggen. Med ei halvering av antal bokhyller seier det seg sjølv at me plutseleg har ein bråte med ting som treng oppbevaringsplass. Jakta på eit supert skap er derfor iverksett ;) Eit skap til oppbevaring av teiknesaker, papir, puslespel og perlerier osv.

Slik er utsikta frå kjøkkenet nå (det nye skapet som så langt berre eksisterar i draumane skal stå der putestabelen ligg):


Og slik var utsikta frå kjøkkenet før eg starta ommøbleringa:


Forandring fryder, og det verkar luftig og lett i stova nå. Me har imidlertid ikkje kvitta oss med bokhyllene, sånn i tilfelle eg får for meg at me må få dei på plass att, he he. Herr Fe sukkar litt oppgitt over all romestrering med møblar, men har blitt van med alle desse idèane mine og hjelper velvillig til med bæring her og der :)

Som alltid har eg ungane rundt beina på meg, og må berre avslutte med dette bildet av popstjerna i familien:


Ha ei fortsatt finfin helg :)

PS! Fordi eg kanskje får spørsmål som eg ikkje rekk svare på: Det stripete teppet under spisebordet er frå House Doctor og kjøpt hjå Nettpynt. Det stripete teppet på kjøkkenet er frå Ikea. Bokhyllene er Billy frå Ikea. Dei svarte rammene er frå Clas Ohlson.

tirsdag, juli 12, 2011

Flaks.


Ja, så sjeldan er gode retrobitar på stoffronten å oppdrive for tida at eg kallar det flaks når dei først dukkar opp.  Og i dag hadde eg flaks. Kjempeflaks. Det var akkurat som om eg hadde det på følelsen som me seier på godt nynorsk (NOT!). Eg visste berre at i dag. I dag er det stofflukke å hente på Fretex inni Stavanger sentrum. Og ganske riktig. Det eine dynetrekket etter det andre låg der og skein om kapp med sola. Retrosola vel å merke. Og mange godbitar låg att då eg gjekk derifrå, eg har nemleg plassmangel i skap og skuffer for tida. Er du i Stavanger eller omegn, og er ute etter flaks? Då anbefalar eg å ta turen inn fortare enn svint.



I kveld har eg starta på eit prosjekt eg ikkje ser enden på. Ommøblering av stova, og ein reduksjon i antal bokhyller... Dermed også ein reduksjon i bokhyllefyll, og det er ikkje lettare sagt enn gjort. Eg skal kvitte meg med både interiørblad, interiørbøker og hobbybøker i kortaste framtid og har du lyst på noko av det, så må du følge med :)

Goa natto te deg og dine. Zzzzz

mandag, juni 27, 2011

Fantastisk, knallkjekt og overraskande


Eg er vel heime igjen etter ei helg eg sjeldan har hatt kjekkare. Det heile starta med prisutdeling i Ørsta, det fortsette med glitrande glanshelg i hovudstaden, før eg til slutt enda opp vel heime i Stavanger seint i går kveld. Eg har møtt fantastiske menneske og medbloggarar både den eine og den andre staden, knallkjekke alle saman.


I Ørsta møtte eg koselege og kjekke Moccamamma og Magfly, tusen takk for at de var med på å gjere jonsokafta super for meg.

I Oslo møtte eg naturlegvis så mange kjekke bloggejenter at eg ikkje klarar nevne alle. Eg har likevel lyst til å dra fram to bloggarar som vegra seg frå å sei bloggnamna sine til meg, for "du har aldri høyrt om bloggen min" og "du har iallefall ikkje høyrt om min". Kjære, skjønne jenter, de har knallkjekke bloggar begge to, og nå deler eg lenka med dåko der ute. Besøk Søster Anne her, og Pepperkakehuset her.


NIB-jentene hadde stelt i stand til ein glansdag som vart ein suksess de luxe, proff til fingerspissane og fantastisk kjekk. Snakk om rause, hjertevarme, kreative og flotte jenter. Eg lo og vart rørt så tårene trilla i tide og utide. Ein super glansdag vart avslutta med prisutdeling, og eg var så superheldig at eg fekk prisen Årets Trendbloggar 2011. Tusen takk til alle dåko som stemte på bloggen min, trass i at eg berre sporadisk har hatt tid til å legge sjela mi igjen i bloggen den siste tida.

Og premien? Denne fantastiske überkule Fiducia-vasen som eg har ønska meg sidan første gong eg såg den. ENDELEG er den i hus. Tusen takk igjen! Vasen var forresten sponsa av BO BEDRE.  Eg har fått supermasse anna kjekt denne langhelga, men må fordele alt saman utover fleire innlegg.

Nå er bilen pakka full av klær og dilldall, og me er straks klare for å starte sommarferien. Turen går aller først til Kristiansand. 

Ha ein god sommar alle saman.

Klem frå Linda

søndag, juni 12, 2011

Pinsedag


Det går framleis hovudsakleg i grått og svart i stova, samt eit sprekter av små  fargedrypp i eit lett samansurium. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å ta på dei kvite sofatrekka nå som sommaren er tilbake, men det er så herleg enkelt med grått. På dei grå trekka held det lenge å gå over flekker med ein fuktig klut. Derimot: å tørke over med ein fuktig klut på sjokoladesøl på kvitt trekk, er å gjere vondt verre.


Ein flott pinsedag er straks overstått, og eg syns det er fantastisk herleg å tenke på at me også har morgondagen fri. Då SKAL symaskina fram. Huset er blåst nå i kveld, berre for at eg skal ha frigjort tid til saum i morgon. Gledar meg :) I tillegg SKAL badedrakten verte våt. Kvir meg ;)
 
Nå: hekling i sofakroken. 
God klem herifrå :)

søndag, mai 29, 2011

Halluen, halluen


Jøss, har eg ikkje oppdatert bloggen sidan tirsdag var det første som slo meg då eg slo på PC'en i kveld. Jaja, slik kan det gå. Slik er det når ein er travelt oppteken med kvardagen. Dagane er over før ein veit ordet av det - og det å dra fram kameraet for å forevige eitkvart som kunna ha blitt blogga er liksom eit uoverkommeleg prosjekt.


I dag derimot, i dag har kameraet vore framme ei stakkars stund.  Eg benytta stunda, då minipini sov førmiddagskvilen sin, til å rydde og sortere gjennom alle bokhyllene våre. Bokhyllene er Billy med vitrinedørar (Ikea), og dei er heilt geniale til å stue alt rotet inn i. Stuar ein nok, både vel og lenge, ja, så ser resultatet ut deretter. Nå er det meste på stell, sånn cirka iallefall. Den svarte voksduken med kvite prikkar er forresten også frå Ikea :) Ja, spisebordet og stolane likeså. Fy søren, eg skulle ha vore sponsa av Ikea - det hadde gjort seg gitt.


Ugras frå vegkanten dug som helgeblomstrar denne siste helga i mai. Knallskjønne, dog eg kanskje burde redusert mengda med hundekjeks med halvparten. Sånn med tanke på det reint estetiske. 


Denne veka vert det fullt køyr. Alma fyller fire år på onsdag, men me feirer det på tirsdag. I kveld skal eg derfor skrive invitasjonar, og kanskje byrje lage pompom'ar. Alltid i siste liten, samme kor mykje eg kosar meg med planlegginga på førehand.

Ha ei flott veke, så bloggast me :)
Related Posts with Thumbnails