Gode gamle Kvinner og Klær (KK) har gjort sommarens scoop. Dei har sikra seg samarbeid med sjølvaste Paul Løwe som har den internasjonale kjendisbloggen Sweet Paul. Paul Løwe som dei fleste av oss har fulgt lenge før han flytta til USA og etterkvart byrja blogge frå sitt kulinariske liv i metropolen. Snakk om scoop. Paul Løwe var forresten den første "mediakjendisen" som byrja bruke blogg som formidlingskanal, og eg hugsar eg følte blogginga vart heva til eit nytt nivå då han oppretta sin blogg. Eg håpar godaste Paul har sikra seg ein god avtale i retur, for eg tippar KK vil nå salgstal dei aldri har sett makan til. I det rykande ferske nummeret av bladet, finst altså Sweet Paul Magazine vedlagt. Eg måtte innom to bladkioskar i Stavanger sentrum før eg fekk tak i bladet...og det seier sitt, vil eg tru.
Aqua og oransje saman er dritfint. Prikkar og metallboksar vert me aldri lei av. Paul Løwe vert me aldri lei av, og her er årsaken: Snakk om inspirasjon:
Akk akk. Middagen her i ettermiddag var ikkje like inspirerandes *skratt*. Sommarstemning var det likevel rundt bordet. Sola skein ute, og bruktfunntallerkenane og dei tidlegare omtalte plastglasa frå Ikea skein inne :)
Då er det berre ein ting å sei:
PS! Bokstavane på bildet over er frå eit gammalt tysk spel eg fann på Fretex i Bergen ein gong i tida.
PPS! Har hatt meg ein spasertur til butikken nå i kveld, og såg at dagens innlegg er yesterdays news. KK er allereie ute med nytt nummer. Så skal du ha tak i Sweet Paul Magazine i papirform, må du vere rask på labben. Elles ligg magasinet online på bloggen til Paul Løwe :)

















































