fredag, juni 17, 2011

Partytime

 I morgon brakar det laus igjen. Verdas beste vesle Simon vår vert 2 år. Mammo er treig i avtrekkaren på grunn av vanvittig stress i det siste. Medan pappaen les på sengekanten for dei små, har eg hatt meg ein inspirasjonsrunde på Flickr. Makan til flotte kaker. Kaka eg skal lage til i morgon kjem overhodet ikkje til å vere i denne kategorien. Det vert ei vanleg browniekake frå Møllerens, men det er uansett kjekt å bli inspirert :) Deler litt inspirasjon med dåko også. Ha ein finfin fredagskveld, klem frå Linda


torsdag, juni 16, 2011

Torsdagslukka er...



..at ei marihøne hadde forvilla seg inn i huset vårt. Ho spaserte blid og nøgd rundt. Lenge nok til at alle rakk ynskje seg tre ting. Lenge nok til at me rakk studere henne og dei to fine prikkane hennar. Lenge nok til at eg rakk knipse nokre bilete av henne. Så hjalp me henne ut igjen. Til der ho høyrer heime :)

tirsdag, juni 14, 2011

Sengekameratar


Med to skjønne sengekameratar ventande i sprinkelsenga er det ingen sak å få minste-morten-spelemann i seng for tida. "Apetattene lalla sei" skrattar han, og er så nøgd, så nøgd. Sengekameratane er verdas skjønnaaste små Monchichibamsar - velbrukte til tusen, men fulle av sjarme og glimt i auga.


Tusen takk for kjemperespons på forrige innlegg. Det er alltid med hjarta litt oppi halsen eg publiserer såpassa personlege innlegg, men når responsen er god, så fell hjarta på plass igjen. Tusen takk igjen. På dagar der livet buttar i mot skal eg gå inn og lese kommentarane frå dåko snillingar og få tilbake smilet i fjeset :)

Ha ein fin kveld og ein fin onsdag i morgon, tudeluuuu

mandag, juni 13, 2011

Kamuflering av flekker

Eg har ein tunika frå Indiska som eg likar ganske godt. I det siste har eg ikkje kunna bruke den, fordi eg hadde grisa armen til med svart tusj som ikkje gjekk vekk i vask. I tillegg var det eit pittelite hol på magen. Slik kan ein ikkje gå veit de, så her måtte eg til med heklenål og stoppenål.


Alt eg hadde av bomullsgarn vart stappa oppi ei skål. Typisk meg å oppbevare små handarbeidsprosjekt i skåler. Klart til servering liksom ;)


I tillegg til flekkene hadde også perlene på snorene falle av. Det vart fiksa ved hjelp av perler frå Almas perlebehaldning.


Heklenålsamlinga er fornya med gamle nåler frå bruktbutikken sidan sist. Stilige nåler med ulik farge etter storleiken.  

På måfå hekla eg nokre små lappar som eg så brukte til å dekke over flekkene og holet. So far so good.
Så var det imidlertid over til det vanskelege prosjektet. Å få tatt bilete av ferdig flekk-kamuflert-tunika. Ikkje lettare sagt enn gjort å ta bilete av seg sjølv, skulle det vise seg.

 Ok, her er eg å skimte i bildefeltet, men det var då svært vanskeleg å sjå heklalappane her. Prøver igjen....


Fullstendig skivebom.

Dette vert betre og betre, men det var då voldsomt så rotete det var i vinduskarmen. Ok, ryddings. Hvis eg berre snur kameraet pittelitt meir mot høgre så....


Hey hey hey. Eg prøver å få tatt nokre bilder her, ungar. 

Ok, eg zoomar berre inn så skal du sjå den sit. Jepps, der har me 'an. Her er altså tunikaen med alle heklalappane i all si prakt.  Gratis, enkel og personleg fornying. Ingen har lengre maken, det er iallefall sikkert.


Fotografering saman med ungane framfor spegelen skal eg jammen gjere ein dag. Tusen takk for idèen ungar :) Må berre vaske spegelen først. 
Ha ei flott kommande veke.

PS! Dersom du ventar på nysydde prosjekt her på bloggen dei førstkommande dagane, er eg redd du ventar forgjeves. Eg kom aldri lengre enn å dra symaskina ut av skapet og rote til kjøkkenet. Og i kveld skal eg på jobb, trur eg. 

PPS! Det var då voldsomt til bilete av seg sjølv ho hadde i dag, tenker du kanskje. Men nå skal eg snart både til Ivar Aasen tunet i Ørsta og til Glansdagen i Oslo i regi av bloggen, så nå er det ikkje fare for at ingen kjenner meg igjen i det minste *skrattar høgt*.

søndag, juni 12, 2011

Pinsedag


Det går framleis hovudsakleg i grått og svart i stova, samt eit sprekter av små  fargedrypp i eit lett samansurium. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å ta på dei kvite sofatrekka nå som sommaren er tilbake, men det er så herleg enkelt med grått. På dei grå trekka held det lenge å gå over flekker med ein fuktig klut. Derimot: å tørke over med ein fuktig klut på sjokoladesøl på kvitt trekk, er å gjere vondt verre.


Ein flott pinsedag er straks overstått, og eg syns det er fantastisk herleg å tenke på at me også har morgondagen fri. Då SKAL symaskina fram. Huset er blåst nå i kveld, berre for at eg skal ha frigjort tid til saum i morgon. Gledar meg :) I tillegg SKAL badedrakten verte våt. Kvir meg ;)
 
Nå: hekling i sofakroken. 
God klem herifrå :)

lørdag, juni 11, 2011

Laurdag



                                    Ein ryddig krok på kjøkkenet.
                                    Ein vase med blomstrar frå hagen. 
                                    Ein veslebror som søv formiddagslur.
                                    Ei veslesøster som leikar med Playmobil i hagen.
                                    Ein storebror som syklar med ein kompis.
                                    Ein pappa som lagar kaffi. 
                                    Ei mamma som har vaska alle vindauge. 
                                    Ein typisk laurdag = ein god laurdag
                                    Ein fin laurdag til deg også :) 
                                        ♥


fredag, juni 10, 2011

Sommarens beste scoop?


Gode gamle Kvinner og Klær (KK) har gjort sommarens scoop. Dei har sikra seg samarbeid med sjølvaste Paul Løwe som har den internasjonale kjendisbloggen Sweet Paul.  Paul Løwe som dei fleste av oss har fulgt lenge før han flytta til USA og etterkvart byrja blogge frå sitt kulinariske liv i metropolen. Snakk om scoop. Paul Løwe var forresten den første "mediakjendisen" som byrja bruke blogg som formidlingskanal, og eg hugsar eg følte blogginga vart heva til eit nytt nivå då han oppretta sin blogg. Eg håpar godaste Paul har sikra seg ein god avtale i retur, for eg tippar KK vil nå salgstal dei aldri har sett makan til. I det rykande ferske nummeret av bladet, finst altså Sweet Paul Magazine vedlagt. Eg måtte innom to bladkioskar i Stavanger sentrum før eg fekk tak i bladet...og det seier sitt, vil eg tru.

Aqua og oransje saman er dritfint. Prikkar og metallboksar vert me aldri lei av. Paul Løwe vert me aldri lei av, og her er årsaken: Snakk om inspirasjon:


Akk akk. Middagen her i ettermiddag var ikkje like inspirerandes *skratt*. Sommarstemning var det likevel rundt bordet. Sola skein ute, og bruktfunntallerkenane og dei tidlegare omtalte plastglasa frå Ikea skein inne :)




Då er det berre ein ting å sei: 


 Klem frå Linda

PS! Bokstavane på bildet over er frå eit gammalt tysk spel eg fann på Fretex i Bergen ein gong i tida.

PPS! Har hatt meg ein spasertur til butikken nå i kveld, og såg at dagens innlegg er yesterdays news. KK er allereie ute med nytt nummer. Så skal du ha tak i Sweet Paul Magazine i papirform, må du vere rask på labben. Elles ligg magasinet online på bloggen til Paul Løwe :) 

torsdag, juni 09, 2011

Iskald


Eit iskaldt tips for å få dei søte små til å drikke meir vatn. Ja, eit tips som er supert til oss vaksne også. Kvar kveld legg eg flasker halvfulle med vatn i frysaren. Neste morgon tar eg dei ut av frysaren, fyller opp med nytt vatn, teitar korken og me kan nyte iskaldt vatn utover dagen. Gratis og genialt. Dette er eit tips eg snappa opp på eit handarbeidsforum for nokre år sidan, og som eg har brukt dagleg etterpå. Kanskje du snappar det opp vidare heretter :) ?




Forrige helg var det fantastisk vèr og me vitja botanisk hage her i Stavanger ein ettermiddag. Her er det fine stiar å gå på, bugnande blomsterbed, fine sommarfuglar, gode benkar å site på og sist men ikkje minst: fantastiske trær å klatre i.




Og før eg gjer meg for i kveld: Tusen takk for kjemperespons på mandagens roteinnlegg. Det er alltid betryggande og herleg å få bekrefta at ein er normal :) Kjekt at så mange kjende seg igjen. Ja, til rot i ein rein heim. Her lever og bur me. Ha ein finfin junikveld der ute.

mandag, juni 06, 2011

Lygeblogging på sitt beste?


Du som ikkje bloggar sjølv kan lett få eit feil bilete av oss som sit bak dataskjermen og skriv bloggeinnlegg etter bloggeinnlegg. Det virkar for eksempel kanskje som om me har det sååååå ryddig. Heile tida.  Dette inntrykket tenkte eg at eg skulle rette opp litt i dag. Alle dei skjønne bloggedamene eg har møtt opp gjennom tidene ler saman med meg når me diskuterer kor greit det er å berre kunne:
* rydde eit lite hjørne
*knips knips knips med fotoapparatet
*last opp
*publiser
...
 Og vips: 
Eit ryddig hjørne frå slagmarka er publisert til folket. At det ser ut som ei slagmark rundt det ryddige hjørnet er det få eller ingen som veit ;)

Bloggejenter er, heldigvis får eg legge til, heilt normale jenter. Bloggesmåbarnsmødre er, heldigvis får eg legge til her også, heilt normale småbarnsmødre. Eg er også heilt normal. På godt og vondt.

Over og under her er det nokolunde ryddig i tallerkenhylla på Almas rom. Ryddig fordi eg skulle ta bilete av den store soppen som Herr Fe hadde laga i snekkarboden. Hadde eg publisert berre desse to bileta, kunne de lett fått inntrykk av at her er det blåst. Vell. Rull lengre ned i innlegget...




Eit par steg tilbake og livlig leik med Sylvanian openberrar seg.  Her i huset går det knapt an å gå ein meter utan å vere redd for å trakke sund ein eller annan liten duppedings. Vondt gjer det også. Betre vert det ikkje av at mammo bloggar om rotet i stadan for å rydde opp i det. Betre vert det heller ikkje av at pappaen ligg på sofaen, klimprar på gitaren og ser film. Det er viktig å kose seg, og leve og nyte litt. Ryddig og blåst kan eg ha det den dagen eg er pensjonist...


Nå håpar eg at bloggejentene, og kanskje helst bloggesmåbarnsmødrene, kjenner seg litt igjen. Ellers byrjar eg lure på om eg kanskje ikkje er normal likevel, he he. Det er best eg byrjar rydde. Pittelitt.

God natt :)

søndag, juni 05, 2011

Tusenfryd og stemorsblomst




Med tusenfryd og rosa glasur på bollene og stemorsblomstrar i isvatnet vart søndagskosen på terrassen som ein fest. Feststemning på ein vanleg søndag er ikkje å forakte gitt. Ei fantastisk langhelg reint vèrmessig er overstått, ja, reint familiemessig også. I love it. Dei rosa glasa er forresten plastglas frå ...ja, kor ellers hadde eg så nær sagt....Ikea ;)

Rosa glasur lagar du enkelt med melis, vatn og raud konditorfarge. Eg hadde halvparten smelta meierismør og halvparten vatn for å få litt ekstra smak på den. Nammenamm.

Då eg skulle sjå gjennom bildene etter helga var det ikkje rare greiene å blogge om. Satsar på at eg får gjort noko interiørmessig på ettermiddagane denne veka, ellers ser det skummelt ut på oppdateringsfronten...

Håpar du også har hatt ei fin helg og helst med eit par ekstra fregner på nasetippen.

Ha ei fin veke!

PS. Tusen takk for fantastisk respons på Barbiekaka. De er snille og gode som varmar meg med ros.

torsdag, juni 02, 2011

Vel blåst


Gebursdagsfesten til Alma er overstått, og det heile vart ein koseleg seanse. Mange skjønne, små fireårige prinsesser, ein hjelpsam storebror, ein liten veslebror, og ei litt ør mamma. Mammo stod nemleg på kjøkkenet til klokka eitt på natta for å lage ferdig Barbiekaka... Skulle jo sjølvsagt ha byrja litt før, men de veit...eg lid jo av det berømte Skal-berre-syndromet ;)

Jaja, om mammo var ør, så var til gjengjeld jubilanten jublande glad. Kaka var den finaste ho hadde sett, og ho la verken merke til at kaka var skakk eller ujamn i topplokket.  Det er første gong eg testa ut ferdigblanda sukkerpasta frå hobbybutikken, og eg har litt å gå på når det gjeld praktisk trening for å sei det mildt.


 
Verdas beste Alma vår, mamma er så glad i deg at det kjennest som om hjarta skal sprekke.



Håpar du som les dette har ein fin Kristi himmelfartsdag. Her er det høg jobbebukse-og-gårsdagens-sminke-faktor. 

L O V E L Y ;)
Related Posts with Thumbnails