Eg har alltid høyrt frå venner med jentebarn at jentene tidleg fattar interesse for påkledning. Interesse og viljestyrke. Her i huset har me føreløpig hatt det rimeleg enkelt, jentungen har villig gått rundt i det me har tredd over hovudet på henne.
Eg syns eg ser tendensar til at dette er eit overstått kapittel. I dag skulle me ein tur til byen og Alma fekk beskjed om a ta av seg ballerinakostymet, og heller iføre seg bukse. Her ser de resultatet. To slags ballerinaskjørt (H & M) over ballongnickers (Aya Naya) og strømpebukse. Det var rett og slett så sjarmerandes fint at ho fekk lov til å dra slik til byen ;) Blid som ei lita sol der ho danse rundt beina på oss. Dei lilla støvlettane frå Bisgaard som låg under juletreet er kanonfine, og eg skulle ønske det fantes slike for oss med str 38 også.
Det var utruleg dårleg lys då eg i hurten og styrten knipsa bilder i dag, så eg tjuvlåner eit bilde frå Sam og Sofie som viser korleis fargen på støvlettane egentlig er. Støvlettane er kjøpt nettopp i den butikken. Skinnet er mjukt og godt, passforma perfekt, og Bisgaard er kjende for å vere gode på foten til dei små.
Ha ein flott romjulsonsdag i morgon. God natt :)
Mappe
for 4 uker siden














































