Eg fekk utruleg masse fint til jul, og kjem truleg til å vise det heile fram litt etter litt. Eg har samla på Västergårdenkeramikk i lang lang tid, og gleda var formidabel då eg utvida samlinga mi med ei God Jul mugge på julafta. Utruleg dekorativ i all sin enkelhet - akkurat slik som resten av dei delikate produkta derifrå.
Produkta til den danske kunstnaren Anne Black er knallskjønne, og eg vart sååå glad for denne superfine telysestaken med teksten light my fire!
Anne Black har eit supert interiør både heime og på hytta også har eg sett. I e-magasinet Nytt Rom finn du for eksempel mange mange superinspirerandes bilder som dette:
Eit par av julegåvene eg gav bort i år var blant anna dette veggklistermerket som eg trur vil passe supert inn på mottakarens kontor. Nå legg eg ut dette bilete her som inspirasjon til mottakaren, slik at ho skal få farten opp og montert det på veggen sin, he he.
Eg gav også bort eit par av desse flasketut-lysestakane frå Ferm Living. Aller finast saman med fleire i mange ulike fargar, men ein stad må ein byrje -ikkje sant?
Det er fantastisk herleg at det er helg igjen nå.
Eg skamgledar meg til å stulle rundt med mann og barn og berre ta dagane som dei kjem :)
Ynskjer deg ei superduper helg!















































