mandag, mai 02, 2011

Festbord mai - NIB utfordring




Med reprisebilete frå Alma sin dåp i 2007 kastar eg meg inn i NIB si festbord i mai utfordring. Dette er liksom den eine gongen me verkeleg har slått på stortromma sånn festmessig og arrangert det heile sjølve. Begge gutane sine dåpar vart feira på ærverdige hotell. Enkelt og greit. Til Alma sin dåp hadde eg både overskudd og tid til å setje mitt eige preg på det heile. Ein fantastisk kjekk dag, feira med kjempegode venner og herleg familie. Minner for livet.


Innlegget der eg forklarar meir om dei hjarteforma lappane med helsingar til dåpsbarnet finn du her.


Og til slutt; nokre små tips basert på mine erfaringar angåande feiring av barnedåp og pyntinh kan eg komme med nokre små tips til andre som skal i elden:

# Velg ut eit tema før du handlar inn, og leit etter stort og smått i akkurat det temaet. Vårt tema var hjerter og rosa. Eg kjøpte hjerteboksar som vart dekorerte. Eg kjøpte hjerteforma godteri. Hjerteforma post-it-lappar osv osv.

# Billig bordpynt: Rosa godteri über alles.

# Billige bordkort: muffinsar med rosa smørkrem. Eg klypte ut små hjarter i rosa papir, skreiv på namn og limte dette fast til små grillspyd. Stakk desse nedi muffinsane; vips fiks ferdig. Varierande høgde på grillspyda er ein artig variasjon.

# Billige lys: sandkakeformer med rosa telys frå Ikea

# Gode venner som er med å pynte er alfa og omega. Me hadde det koseleg under pyntinga, og det trur eg nesten viser igjen i bordpynten.


Ha det godt, klem frå Linda

PS! Flinkaste Bodil-Bo har tatt alle bileta i dagens innlegg og hjelpte til med pyntinga. Ho eig også flaskene blomstrane står i og fleire av lysestakane. Takk snille snille deg ;)

søndag, mai 01, 2011

Butikk i leikehytta


Planen vart lagd seint i går kveld. Eg bakte ei brownie-kake (Møllerens ferdigmiks er knallgod), og tenkte at i morgon skal ungane få leike butikk i hagen og selge kaka, samt siste rest av påskegodteriet.

Når dei skal leike butikk inneber det mykje arbeid frå mi side, og eg vurderte lenge om eg skulle gidde. Det virka liksom freistande å berre opne sandkasselokket og flate ut i ei solseng, medan ungane leika med bøtte og spade. Men nei, eg kjenner meg sjølv veldig godt. Eg kjem aldri så langt at eg slår meg ned i ei solseng. Til det har eg alt for mange skal-berre-ditt-og-datt-først-nykker. Og når eg er ferdig med alle skal-berre-ditt-og-datt er sola for lengst gått ned bak fjella i det fjerne.

Så butikk vart det.


Heilt frå tidleg morgon har me styra på. Først vart hytta og alt innventaret vaska gullandes reint - måtte det berre vare... Eg knipsa nokre bilete før ungane slapp til med butikkleik. Slike stille før stormen-bilete, veit de ;)


Eit par nye bruktfunn (som den blå Kockum-kjelen) er på plass i hytta, elles er mesteparten ting som har vore der sidan i fjor. Eg er stadig på intens jakt etter slike gamle Fisher Price-figurar, men må enno ta til takke med desse gamle frå min eigen barndom:


Den oransje lampen er også eit bruktfunn (40 kr). Lampa er eigentleg ei bordlampe som er i sal på Ikea nå, men den passar perfekt som utilkopla taklampe i leikehytta.


 

Dei glade ansikta til dei søte små er verdt kvart minutt eg styrer på for å lage det kjekt for dei.


Kundane var blide og glade, og servicen var god. Ingen klaga sjølv om prisinga var noko urettferdig. Eg trur butikkinnehavaren var lei av å sei dei same prisane, så prisen på eit kakestykke varierte frå 4 kroner til  tusen millionar ;)



Betalingsmiddelet var av den primitive sorten - nemleg småstein. Artig å sjå at veslemann fort skjøna at han måtte ha med seg småstein i handa om han skulle få kjøpe noko godt i butikken.




 Mmm, glade kundar kom og gjekk.

Butikken var av det moderne slaget, som hadde skjøna at for å få kundane til å komme snart tilbake, så bør ein ha sitjeplass i solveggen like i nærleiken.

Butikkinnehavaren strekte halsen for å sjå om varene smakte godt der ute i sola. "Mamma, kan me ha butikk i måro og?" Ehhhh, kanskje ikkje i måro, men ein anna dag kan me garantert ;)

Ha ein fin søndagskveld :)

lørdag, april 30, 2011

Sol ute. Sol inne.


...sol i hjarta. Sol i sinnet. 
I dag byr eg på litt gule drypp frå morgontimane.
Sitrongult og solgult.
Herleg.



 Skitne gule crocs i str 26.
Eller det er vel kanskje strengt tatt Heelys.
Nye skapningar er om ikkje lenge på veg inn på Epla:


Solgul gammal Rostibolle passa perfekt til dagens potetsalat.
Og for så vidt til den gule barneteikninga som heng på veggen i bakgrunnen ;)


Salatbestikket frå Spiegelburger er like fint nå, som det var for 3 år sidan då eg fekk det i hus (kjøpte det på ein bokhandel nedi her (av alle stader)). Først i dag oppdaga eg soppelogoen som er stempla inn i stålet. Kjekt å oppdage nye detaljar på gamle ting, he he. 
De veit: små barn, store gleder ;)


 I morgon skal denne gjengen og fleire andre skapningar fotograferast på skikkeleg vis.
Ungane skal leike butikk i hagen, og sola skal nytast!


Ha ein fin laurdagskveld

Hei og hå herifrå :)

PS! Så kjekt at fleire tar turen til Oslo. Me får det nok kanongøy - det er eg sikker på !

torsdag, april 28, 2011

Blir du med, eller?


Dei flinke NIB-jentene arrangerer tidenes interiørbloggetreff 25. juni i år. Eg skal ta turen til Oslo, og rett og slett skamgledar meg til å ha ein minimini husmorferie. Og så håpar eg at det er andre enn eg som skal bortover då sjølvsagt.

Eg kjenner ingen, bortsett frå at eg har møtt skjønne Emmeline og Prinsesse Elin.  Det er litt skummelt å ta steget ut frå den trygge plassen bak dataskjermen og ut i offentlegheita, skulle jo ha tatt både feittsuging og skjønnheitsoperasjonar på førehand. Men pytt pytt, skal me ikkje berre komme akkurat slik som me er og ha det knallgøy saman? Er vel sjeldan me har sjansen til å møte andre med sååååå like interesser som oss sjølv.

Programmet ser jo aldeles smashing ut, og eg kjenner eg gledar meg sååååå :) Hjå NIB går det faktisk an å vinne både hotellopphald og SPAdag, så eg trur eg må levere inn ein søknad. SPA-dagssøknaden min vil lyde noko slikt som dette: Sliten men glad trebarnsmamma som sjeldan tar seg tid til å tenke på seg sjølv er desperat etter litt eigenpleie og stell. Venleg helsing gusten og gråhuda blid jente frå Stavanger


Med desse gamle bileta frå hine hårde dagar ynskjer eg deg ei god natt. Draum fine draumar om kor kjekt me skal få det på bloggetreff ;) Håpar eg ser deg der!

Klem klem

tirsdag, april 26, 2011

Funn på funn


Av og til kjenner eg det liksom på kroppen. Eg veit at det ventar ein skatt på meg der inne. Bilen svingar omtrent inn og parkerer seg av seg sjølv. Eg entrar lokalet, spaserer taktfast og konsentrert rundt. Lommeboka er trygt plassert under jakkeermet, og bilnøkkelen heng som ein ring på fingeren. Bekymringsrynka er garantert djup, slik den ofte er når eg myser med falkeblikket. Fem minutt etterpå går eg blid ut igjen frå lokalet. I posen klirrar dagens funn så muntert. Bekymringsrynka er historie. Iallefall for ei kort stund. Rein og skjær materiell glede. Bruktbutikkglede er ekstra god for meg.



Dagens funn var ei skål og eit fat frå britiske Myott. Passar herleg saman med anna blå og kvit porselen frå kjøkkenhyllene.  Og så våre nye familiemedlemmer då. Har de sett noko så bedårandes skjønt? Det gjer absolutt ingenting at han eine har mista litt av foten, men det forklarar kanskje kvifor han ser vetskremd ut ;)

Ha ein flott onsdag i morgon!

Eggejakta 2011


Tradisjon tru syner eg bilete frå årets påskejakt. Altså jakta etter gøymde påskeegg anno 2011. Opp gjennom tidene har samlinga med påskeegg blitt stor, og heilt sidan Samson var svært liten har me gøymt egg uti skogen påskeafta. Jo fleire egg, dess betre. Egga er ikkje fulle, men inneheld litegrann i kvart. Årets hit var ballongar (prøve å hugse til neste år).  Ungane elskar dette, og har nedteljing i vekesvis før jaktstart. Utfordringa er å merke egga slik at alle får sine egg, samt å variere vanskelegheitsgrada. Simon sine egg vart minst gøymde, medan dei eldste sine kanskje hang høgt oppe, eller vart betre gøymde.









 Eg kan ikkje hugse ei tidlegare påske med liknande fantastisk vêr. Me har plukka blomstrar, gått lange turar, fanga sommarfuglar og kosa me naboens kaniner. Skikkeleg forsmak på den gode sommarkjensla.


Nå er me vel heime i Stavanger igjen, og ser fram til ein siste fridag i morgon før kvardagens tjas og mas atter ein gong er i sving. Eg håpar på å sjå botnen på skittentøyskorga, fylle opp kjøleskapet og få huset på stell. Så då gjenstår det berre å sjå kor langt eg kjem :)

Håpar du hadde ei finfin påske også :) klem frå Linda

mandag, april 18, 2011

Fantatisk herleg


Eg kan ikkje beskrive kor godt eg syns det er. Godt å ha fri. Godt å pusle heime. Godt å ha lange telefonsamtalar med vener ein ikkje har snakka med på ei stund. Fantastisk godt å kjenne sola varme i fjeset. Godt å kunne tørke klede utandørs. Godt å ha friske ungar.  Ja, det er rett og slett godt å vere til.


Alma beundrar stolt kvitveisbuketten ho plukka på søndag. Me pakka sekken full av eplejuice, pølser og eingongsgrill og la i veg på jakt etter ein froskedam me hadde fått høyre om. Me fann dessverre verken froskar, froskeegg eller salamandarar i dammen. Lurer på om det er me som er blinde, for alle desse organismane vart observert i samme dam nokre dagar før me tok turen.. Jaja, blinde eller ei, me fann iallefall ein fantastisk kjekk skog til å leike i, og massevis av kvitveis. Her skal me tilbake, me gjer oss ikkje før froskane er observert!


Dei flinke NIB-jentene har fått seg ei eiga spalte i herlege ROM123, og under Tre eggende tips fann eg påskeegga våre så fint plassert :) Tusen takk! Egga vart måla av meg og eldstemann når han var 2.5 år (for seks år sidan). Egga overlevde utruleg nok flytteprosessen frå Bergen til Stavanger, og året etter vart dei same egga dekorert med klistermerker i eit spontant påskeverkstad me hadde.


Klistermerkene kjøpte eg hjå From Japan with love, men som det står i ROM123, har sikkert finfine Tamo.no liknande inne. Her er egga i all si prakt (reprisebilete):



Heimepåske er verkeleg å anbefale. Me har vore i ishallen, i skogen, på turar i nærleiken, og ikkje minste heime i hus og hage. Fått gjort ting me vanlegvis ikkje rekk over. Nå pakkar me derimot snart bilen full og reiser til Halsnøy for å besøke besto (mammo mi). I år vert det altså heimepåske kombinert med bortepåske. Heilt perfekt! Gledar oss til det :)

Ynskjer deg og dine ei riktig finfin påske!

Related Posts with Thumbnails