Viser innlegg med etiketten Leikehytta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Leikehytta. Vis alle innlegg
torsdag, juli 14, 2011
Lukke i papirform
Eg er framleis på jakt etter tapetrestar frå hine hårde dagar, og drar nettet rundt på skattejakt. For ei tid sidan fann eg verdas finaste retrotapet på E-bay. Eg venta vel og lenge på herligheten, som omsider kom i hus. Som eit plaster på såret for ventetida hadde selgjaren sendt med enno ein godbit, nemleg den med oransje blomstrar (brukt på den største soppen). Fantastisk kjekt.
For å sjå korleis tapetane tok deg ut i bruk sendte eg straks Herr Fe i snekkarboden utstyrt med sag og pusseklut. Resultatet vart faktisk enno betre enn forventa og det er jo knallkjekt. Epla er forresten oppdatert etter gammalt.
Litt stemningsbilete frå leikehytta følgjer. De har sett det meste før, og alt er hovudsakleg loppe- og bruktfunn. Siste funn er plastrosene - akkurat slik dei brukte på ...ja, var det på 50, 60 eller 70-talet, mon tru? Akkurat slike eg bestemte meg for at eg aldri skulle ha i hus. Slike som mormor hadde. He he, gjett kven som omtrent fekk hjarteinfarkt då eg kom over dei?
Eg er framleis lukkeleg over amagerhylla eg kjøpte for 35 kr på Fretex. Den gong då var den mørkebrun og litt kjip i looken. Den låg vel og lenge i kjellaren og venta på malekosten, før den vart lilla og kul i looken (fargekoden er C3020-R50B).
Nok ein fantastisk herleg sommardag er over. Her i huset har me enno over ei veke med ferie igjen, og skal prøve å nyte kvart sekund. Har planar om å kokkelere litt på kjøkkenet og omrokkere litt meir i huset, men alle slike prosjekt vert utsett nå som sola skin frå skyfri himmel.
Ha ein fin torsdagskveld.
tirsdag, mai 03, 2011
Fantastiske dyr
Min godaste Herr Fe har tilbrakt nokre dagar av påskeferien i snekkarboden. Og etter slike dagar ser den eine skjønne skapningen lyset etter den andre. Dyra er utruleg dekorative og fine om eg skal seie det sjølv, he he.
Bambiar, soppar, elefantar, jungeldyr og sjiraffar marsjerer om litt inn på Epla, så ta ein kikk inn der om du vil ha unike veggdyr på veggen din du også.
Sjiraffane er nye kreasjonar, og eg syns dei vart såååå tøffe. Dei kan festast til veggen som dei er, eller ein kan for eksempel feste på eit måleband, og bruke den som høgdemålar.
Det er ufint å fokusere på partiet mellom beina, men i dag kan eg ikkje unngå å gjere det for der openberrer det seg nemleg eit hjarte, he he.
I dag tidleg presterte eg å forsove meg. Me rakk alt me skulle altså, men det vart litt vel hektiske minutt på morgonkvisten. Eg skal derfor krype under dyna tidleg i kveld - er pyton å vere så trøytt.
Ha ein superfin kveld de som skal vere oppe lenge enno, og ei god natt til dåko som sloknar tidleg ;)
Eg er tilbake i morgon med litt gammalt, litt nytt litt fargerikt og pastellar hand i hand :)
Tudelu...
søndag, mai 01, 2011
Butikk i leikehytta
Planen vart lagd seint i går kveld. Eg bakte ei brownie-kake (Møllerens ferdigmiks er knallgod), og tenkte at i morgon skal ungane få leike butikk i hagen og selge kaka, samt siste rest av påskegodteriet.
Når dei skal leike butikk inneber det mykje arbeid frå mi side, og eg vurderte lenge om eg skulle gidde. Det virka liksom freistande å berre opne sandkasselokket og flate ut i ei solseng, medan ungane leika med bøtte og spade. Men nei, eg kjenner meg sjølv veldig godt. Eg kjem aldri så langt at eg slår meg ned i ei solseng. Til det har eg alt for mange skal-berre-ditt-og-datt-først-nykker. Og når eg er ferdig med alle skal-berre-ditt-og-datt er sola for lengst gått ned bak fjella i det fjerne.
Så butikk vart det.
Heilt frå tidleg morgon har me styra på. Først vart hytta og alt innventaret vaska gullandes reint - måtte det berre vare... Eg knipsa nokre bilete før ungane slapp til med butikkleik. Slike stille før stormen-bilete, veit de ;)
Eit par nye bruktfunn (som den blå Kockum-kjelen) er på plass i hytta, elles er mesteparten ting som har vore der sidan i fjor. Eg er stadig på intens jakt etter slike gamle Fisher Price-figurar, men må enno ta til takke med desse gamle frå min eigen barndom:
Den oransje lampen er også eit bruktfunn (40 kr). Lampa er eigentleg ei bordlampe som er i sal på Ikea nå, men den passar perfekt som utilkopla taklampe i leikehytta.
Dei glade ansikta til dei søte små er verdt kvart minutt eg styrer på for å lage det kjekt for dei.
Kundane var blide og glade, og servicen var god. Ingen klaga sjølv om prisinga var noko urettferdig. Eg trur butikkinnehavaren var lei av å sei dei same prisane, så prisen på eit kakestykke varierte frå 4 kroner til tusen millionar ;)
Betalingsmiddelet var av den primitive sorten - nemleg småstein. Artig å sjå at veslemann fort skjøna at han måtte ha med seg småstein i handa om han skulle få kjøpe noko godt i butikken.
Mmm, glade kundar kom og gjekk.
Butikken var av det moderne slaget, som hadde skjøna at for å få kundane til å komme snart tilbake, så bør ein ha sitjeplass i solveggen like i nærleiken.
Butikkinnehavaren strekte halsen for å sjå om varene smakte godt der ute i sola. "Mamma, kan me ha butikk i måro og?" Ehhhh, kanskje ikkje i måro, men ein anna dag kan me garantert ;)
Ha ein fin søndagskveld :)
lørdag, april 02, 2011
NIB utfordring - gjer det sjølv
NIB (Norske InteriørBloggarar) har ei Gjer-det-sjølv-konkurranse gåande. Eg var i tvil om kva prosjekt eg skulle melde meg på med. Det stod lenge mellom station - board'en eller leikehuset me bygde i fjor, og enda som det sikkert skjønar opp med leikehuset.
Leikehuset kom i fleire modular som me skulle setje saman, og det var ein vanvittig jobb med behandling med impregneringsmiddel og innvendig maling før me kom så langt. Sidan eg er av den utolmodige typen gjorde eg 99 prosent av jobben sjølv, og hadde berre godaste Herr Fe med der det var strengt tatt nødvendig med fire hender. Dette er derfor eit typisk Gjer-det-sjølv prosjekt i feens heim ;) Det var litt av ein jobb, men akk så fantastisk koseleg det vart til slutt. Du kan lese heile leikehus-innlegget her.
Og med desse bildene kjenner eg at eg verkeleg lengtar etter sol og sommar. Varme i kroppen. Friske ungar og velstelt hage. Kvitvin i glaset. Slank kropp og solbrun kropp. Ja, det er jammen godt det er lov å drøyme, he he :)
Goa natto te deg ;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)





























